Historisk arkiv

Kva er fedrar eigentleg godt for?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Kva er fedrar eigentleg godt for?

Konferanse om menn og barn i regi av Institutt for Kristen Oppseding (IKO), 11. september 1998

Tema i tida

Eg takkar for invitasjonen. Eg veit at IKO gjennom flere år har arbeidd med farsrolla. Arbeidet har resultert i denne konferansen om menn og barn og Fars bok. Om menn, barn og barneoppdragelse.

Det er ikkje berre IKO som denne hausten lagar konferanse med dette som tema. Konferansen Med pappa i nya spår har nyleg vore halden i regi av Nordisk ministerråd. Forskingsrådet arrangerar neste månad konferansen Barn og fedre. Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med statsministerens kontor arrangera ein mannsrollekonferanse i haust.

Familie, fedrar og barn, likestilling er altså tema i tida. Kvifor? Fordi vi som samfunn gjennomgår ei sosial forandring med konsekvensar for barn, unge og familiar. Styreleiar for forskingsprogrammet Barn, ungdom og familie sosiologen Ivar Frønes seier at det som framfor alt kjenneteiknar eit samfunn i endring er at gamle sanningar vert erstatta av nye. I forholdet mellom far og barn ser vi at dette stemmer. Den tradisjonelle fraværende faren har måttet vike for ein engasjert tilstedeverande far. Fedrar er på banen; dei tek i bruk dei rettar dei har og krev nye.

Mitt utgangspunkt er eit ønskje om eit samfunn som er best mogleg for barnet. Det beste for barna er å få mykje kontakt med både far og mor. Den såkalla husmorfamilien på 50-tallet der alle mødrene var heime og alle fedrane på jobb er korkje ønskjeleg eller mogleg å koma attende til. Det er urettferdig for barna dersom dei blir frårøva sjansen til kontakt med far. Fedrar har mykje å seia for barna, bl a som rollemodellar. Dei er annleis mot barna enn mødrene er. Sist veke sto det i fleire aviser om ei undersøking som konkluderte med at barn som veks opp, òg med far, betre taklar dramatiske hendingar. Fedrer og mødre utfyller kvarandre.

Far er viktig for mor som medvandrar. Ein person å dela opplevingar, suter og gleder med. Ein person å dela livsløpet med. At det å vera to om oppgåver i ein familie er lettare enn om ansvaret er lagt på den eine. Kvardagen vil på den måten bli lettare for begge partar.

Det er viktig for mannen å vera far, framfor alt fordi at han saman med barn må visa nærleik. I The Economist frå juni i år kan vi lesa at det er ein samanheng mellom livslengde og det å gje omsorg til små barn. Forskjell i livslengde mellom kjønna er avhengig av kven av foreldra som tek seg av barnet. Den som gjev omsorg lever lenger, heiter det i artikkelen.

Det er viktig for arbeidslivet, det vil seia; det er viktig at menn er så mykje fedrar at det synest på arbeidsplassen. Det er viktig for arbeidsplassen at omsorgsverdiar får plass der. Eg er overtydd om at ein måte å leia arbeidet på som tek omsyn til dei såkalla mjuke verdiane, tener produktiviteten i arbeidslivet generelt.

Ulike regjeringar med brei støtte i Stortinget har gjennom fleire tiår understreka kor mykje det har å seia at fedrar tar del i det ulønna arbeidet, både gjennom praktisk politikk og gjennom holdningskampanjar. Det er lagt til rette for at fedrar skal delta, og dei blir oppmoda om det, gjennom trygdeytingar som i prinsippet skal gjera mor eller far økonomisk i stand til å bli heime og ta hand om barnet det første leveåret. Dette er med og understrekar at fedrar har mykje å seia for velferden i ein familie. Etter mi meining har det å inkludera fedrar i familiepolitikken styrkt familien og styrkt barna sine oppvekstkår. Utforminga av politikken har vist seg svært viktig for å få til ei endring i menn sin veremåte.

Fedrar på banen

Dersom vi tek til med byrjinga, og spør kvifor menn får barn, er den viktigste grunnen i følgje ein forskingsrapport om fedrekvoten som blei levert til Barne- og familiedepartementet i år, at det gir livet ny meining. Det vil seia at barnet er viktig i vaksne sitt liv, dette satte fedrane øverst, barn er dermed ikkje berre viktig for mor. Innafor nyare familieforsking blir det understreka at barnet er hovudpersonen i dagens familiar og at det å få barn er viktig for utvikling av sjølvidentiteten.

Fedrar har i 20 år hatt høve til å dela fødselspermisjonen med mora. Før det blei innført at ein månad skal vera reservert fedrar i fødselspermisjonen, var det under to prosent av fedrane som nytta seg av denne retten. Alle her er klar over kva fedrekvoten har hatt å seia for talet på menn som er heime med barna. Sju av ti menn som har rett til fødselspengar er heime i minimum fire veker i barnets første leveår. Det er altså ikkje ei lita eksklusiv gruppe, men dei store lag av fedrane som er heime med barn.

Det som kanskje er mindre kjent er kvifor fedrane bruker kvoten, kvifor dei ikkje bruker den, om dei bruker meir enn kvoten, og om fedrekvoten fører til ei likare deling av omsorgs- og husarbeidet mellom ektefellene.

Kvifor fedrane brukte fedrekvoten

· Den viktigaste årsaka til at fedrane brukar kvoten er at dei sjølve ønskjer å vera heime. Det betyr at fedrekvoten ikkje blir opplevd som tvang. Dernest at barnet bør passast av foreldra lengst mogleg. Det betyr at dei ikkje ønskjer avkorting av permisjonen, som vil vera resultatet dersom faren ikkje nyttar seg av kvoten. På tredje plass på lista kjem barnet sitt behov for ein nærverande far. Far sin permisjon handlar altså om eigne ønskje og barnets behov, noko som blir endå meir understreka ved at fedrane ser det som viktig å bli kjende med barnet på sine eigne premissar.

Kvifor fedrane ikkje brukte fedrekvoten

· Når fedrekvoten ikkje blir brukt av dei som har plikt til å bruka han, er det særskilt tre grunnar som blir oppgitt: At permisjonen ikkje let seg kombinera med jobb, at mor til barnet skulle vera heime etter at permisjonstida var over, og at far ikkje ville fått full lønnskompensasjon. For meg vil det vera ei utfordring å fjerna den siste grunnen.

Meir enn kvoten

· Eit tilleggsmål med fedrekvoten var at far skulle ta permisjon utover fedrekvoten. Ti prosent av fedrane har gjort det. Dei var heime i sju veker og meir. Dette er ein stor auke sett i høve til talet på dei som delte foreldrepermisjonen før fedrekvoten blei innført. Medan det er dei store lag av fedrane som er heime med fedrekvoten, er det dei med høg utdanning og høge stillingar som er heime lenger enn kvoten tilsier. Utover dette er det først og fremst forhold ved situasjonen til mor som er avgjerande for kven som er heime lengre. Det er karrierekvinnene som får mennene til å ta lang permisjon; kvinnene er høgre funksjonærar eller sjølvstendig næringsdrivande, jobbar heiltid og ofte overtid og har relativt høg inntekt.

Deling av omsorgs- og husarbeid

· Dei som tek lengre permisjon fordeler omsorgs- og husarbeidet annleis enn dei som berre tek ut fedrekvoten. Og dei som tek ut fedrekvoten deler arbeidet med ektefellen meir likt enn dei som ikkje tek han. Arbeidsdelinga er jamnast når far tek lang permisjon. I husarbeidet gjer fedrar halvparten eller meir av ulike hushaldsoppgåver når dei har teke lang permisjon. I omsorgsarbeidet tek dei fri frå jobben når barnet er sjukt, lagar mat til barnet, bringar og hentar i barnehage.

Denne gjennomgangen har vist ei markant endring i fedre sin veremåte og i deira forhold til barn. Men dette kom ikkje av seg sjølv. Fedrekvoten har fått fedrane meir på banen. Eg trekkjer den konklusjonen at endring av farsrolla er bra for heile familien, at det har vore verd den politiske innsatsen, at vi har oppnådd ei betre fordelt omsorg. Sagt med andre ord: Politikk verkar. Det påverkar, endrar og utfordrar.

Kontantstøtta

Vi har på mange måtar hatt ein god familiepolitikk i Noreg som det har vore brei politisk semje om. På eit område har denne politikken svikta på ein grunnleggjande måte. Den førre regjeringen greidde ikkje i stor nok grad å ta inn over seg mangfaldet blant småbarnsforeldra, mellom anna det tidspresset som både fedrar og mødrer opplev. Dagens småbarnsforeldre ønskjer seg meir tid til å vera heime med barna, også utover den tida fødselspermisjonen varer.

34 prosent av fedrar med barn under 7 år jobbar meir enn 45 timar per veke. Fem prosent av mødrer med førskolebarn jobbar så mykje. Ein av fem fedrar ønskjer å arbeida mindre, først og fremst dei med lang arbeidstid. Ei av tre mødrer ønskjer seg kortare arbeidstid, spesielt dei med full jobb. Dei mest fornøgde mødrene er dei som jobbar lang deltid. Mødrer med korte deltidsordningar ønskjer seg lengre arbeidstid.

Tid er viktig i seg sjølv, tid til det ansvar og dei oppgåvene som følgjer med å vera foreldre. Tid til læring og kos, tid gir mindre hektiske dagar. Mange ønskjer at ein av foreldra skal bli heime hos barnet nokre år. Andre ønskjer kanskje å arbeida i kombinasjon med barnehage eller dagmamma, og nokre gjerne at begge foreldre skal satsa på yrkeskarriere, men då må barnet ha eit godt og trygt tilsyn, f.eks. i ein god barnehage. Regjeringa innser at småbarnsforeldre ynskjer å velje ulike livsformer - og dette mangfaldet vil vi tilretteleggja.

Vi kjem ikkje unna spørsmålet: Kva med fedrane og kontantstøtta? Ei spørjeundersøking viser at blant familiane som sjølve skal passa barnet heime med kontantstøtte, skal far vera heime i tre prosent av tilfella. Det er ei utfordring å få dette talet opp, og ut frå eit likestillingståstad ynskjer eg fleire fedre meir heim.

Eg trur at når far er heime med fødselspermisjon så blir han motivert for å vera heime og etter det første året. I dag tek som nemnt 7 av 10 fedrar med rett til fødselspengar, ut fedrekvoten. Dette talet kan bli endå høgare. Det er dessutan mange fedrar som ikkje har rett til fødselspengar. Eg trur at sjølvstendig rett til fødselspengar vil vera eit viktig tiltak for å få fleire fedrar til å vera heime også etter det første året. I dag er faren sin rett til fødselspengar knytt til den retten mora har. Regjeringa vil derfor fremja forslag om at alle fedrar får rett til permisjon, basert på eigen stillingsdel og eige inntektsgrunnlag. Dette er og klart i tråd med ønskje frå småbarnsfedrane sjølve: tre av fire fedrar ønskjer sjølvstendig oppteningsrett. I tillegg vil det vera viktig å jobba med forhold som vi veit hindrar fedrar i å jobba mindre: Krav på jobben, normer om heiltidsinnsats og hinder for framtidige karriereplanar kan vera grunnen. Her ligg det ei stor utfordring. Sist, men ikkje minst kjem at menn ikkje ser omsorgsarbeidet i heimen som eit mogleg val fordi det har låg status. Kontantstøtta kan bidra til å endra normene for kva aktivitetar vi tillegg verdi.

Likevel vil eg seia:

  • Sjølv om det i dei fleste tilfelle vil vera far som går på jobben, tyder ikkje det at han vil fråskriva seg ansvaret heime. Ein far som har hatt eineansvaret for barnet ein månad eller lengre i barnets første leveår, vil vera ein annen type far det neste året sjølv om det er mor som er heime.
  • I staden for å sjå kontantstøtta frå fedrane og mødrene sine synsvinklar kan vi sjå det frå barnet si side. Reforma er ikkje eit kvinnepolitisk verkemiddel, men eit verkemiddel for å skapa betre oppvekstvilkår for barn. Mor og far er til stades det første året. Kontantstøtta vil vonleg føra til at fleire barn har mor eller far heime lengre. Dermed nærmar vi oss ein situasjon der foreldra kan vera til stades heile dagen heile året dei tre første åra i barnets liv. Barn er voksne sitt ansvar, men det er viktig at dette ansvaret ikkje blir lagt på kvinna sine skuldre aleine.

Barnelova

Fedrar krev nye rettar. Det er nok eit resultat av endringane i farsrolla frå å vere ein forsørgarfar til å bli meir ein omsorgsfar. Fleire og fleire fedrar lever ikkje saman med barna sine til dagleg. Frå slutten av 1980-åra til slutten av 1990-åra er talet på barn under sju år som berre bur saman med far sin, redusert med heile 40 prosent. Tala kan forklarast med at talet på sambuarskap har auka kraftig. Risikoen for foreldrebrot er to til tre gonger høgare i sambuarskap enn i ekteskap.

Då eg blei bedt om å kommentera desse tala oppmoda eg sambuande foreldre til å gifta seg. Reaksjonane let ikkje venta på seg. Det kom fråsegner frå Foreninga 2 foreldre, som i hovudsak er ei foreining for menn, og frå Barneombodet, som begge meiner at far automatisk må få foreldreansvar uansett sivilstand og forhold til mor til barnet.

Som kjent har ektepar automatisk felles foreldreansvar. Når foreldra er sambuarar får mor automatisk foreldreansvaret for barnet aleine. For å få felles foreldreansvar må dei inngå ein avtale og melda frå til Folkeregisteret. Frå og med i år er denne rutinen gjort enklare ved at foreldra får eitt skjema på sjukehuset når barnet blir født, der dei skal kryssa av for foreldreansvar.

Truleg vil dette føra til at langt fleire foreldre som ikkje er gifte, får felles foreldreansvar. Eg vil forøvrig koma tilbake til spørsmålet om felles foreldreansvar for sambuarar etter at Sambuarutvalet si innstilling ligg føre.

Endringar i barnebidragsregelverket står att. I denne samanhangen konstaterer fedrar at dei vil vera fedrar også etter samlivsbrot, at samvær med barnet skal vera det naturlege og avspeglast i bidraget. Dei ønskjer at foreldreskapet skal vara livet ut. Desse komponentane har fedrar vore svært opptekne av å få inn i ei ny bidragsfastsetjing. Det er positivt at fedre krev større rettar i forhold til borna sine.

Departementet arbeider no med eit nytt høyringsnotat om reglane for å fastsetja barnebidrag. Kva for modell eller modellar som skal leggast til grunn vil eg kome attende til når høyringsutkastet ligg føre.

Ny mannsrolle debatt

Dei yngre mennene stiller spørsmål ved vante forestillingar, dei er på leiting etter ei ny mannsrolle og vil vera med på å forma den. Dei vil diskutera emne som vald, kriminalitet, men også andre spørsmål, slik som dagens emne - farsrolla. Nokon har tatt til ordet for eit nyt mannsrolleutval.

Eg er glad for alle initiativ frå menn om ein fornya debatt om ulike sidar ved mannsrolla, og det er naudsynt at menn legg premissane i ein vidare debatt. Menn lyttar meir når menn snakkar om menn enn når kvinner gjer det. Men eg litt usikker på om eit nytt mannsrolleutval er den beste måten å få det til på. Regjeringa har oppretta eit statssekretærutval for likestilling. Eg håpar dette vil bringa likestillingsdebatten vidare ved større fokusering på dei utfordringane som ligg i den nye mannsrolla. Som eg nemnde innleiingsvis har Statsministeren tatt initiativ til ein mannsrollekonferanse som skal haldast i haust.

Det finst eit forslag til handlingsplan for menn og likestilling i regi av Nordisk ministerråd. Handlingsplanen omhandlar åra 1997 - 2000. Handlingsplanen peikar ut i alt 16 konkrete satsingsområde for dei nordiske landa knytte til menn, mannsroller og likestillingsspørsmål. Bl a med forslag om ei koordinerande stilling for mannsforsking ved Nordisk Institutt for Kvinne- og Kjønnsforsking (NIKK). Dette er spennande initiativ som heilt sikkert vil føra til meir merksemd og debatt om mannen.

Med dette takkar eg for meg og ønskjer lykke til med resten av konferansen og med distribusjonen av den nye boka som eg gler meg til å bla i.

Lagt inn 15. september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen