Historisk arkiv

Opning av Den norske barne- og ungdomsteaterfestivalen i Kristiansand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:

Opning av Den norske barne- og ungdomsteaterfestivalen i Kristiansand

16. 10. 1998


Fyrst vil eg takka for invitasjonen til å opna Den norske barne- og ungdomsfestivalen. Festivalen er ein viktig møteplass for dei mange som er opptekne av barne- og ungdomsteater her i Noreg. Samstundes får born, unge og vaksne her i Kristiansand høve til å sjå mange spennande framsyningar. Eg er glad for breidda i programmet, og at det blir arrangert festivalar der ein kan koma saman og utvikla det arbeidet ein driv med lokalt. Samarbeid over landegrensene er også viktig når det gjeld barne- og ungdomsteater, og eg synest det er flott at det også blir vist framsyningar frå andre land under festivalen.

Å gje born og unge høve til å sjå og delta i gode barne- og ungdomsteaterframsyningar er viktig. Eg vil difor takka foreininga ASSITEJ for det arbeidet dei gjer for å fremja profesjonelt barne- og ungdomsteater her i Noreg. Særskilt vil eg takka dei som er med i styret for foreininga, for den frivillige innsatsen dei gjer. Frivillig engasjement ser eg på som svært viktig i arbeidet med å skapa gode oppvekstkår for born og unge. Og då er det naudsynt at vi har stader der vi kan møtast for å fremma kulturelt mangfald, stader der born og unge får høve til å utvikla seg i samspel både med andre unge og med vaksne.

Opplevingar ein kan få gjennom teater har mykje å seia både for dei som deltek i arbeidet med å få ei framsyning fram på scenen - og for oss som er med som tilskodarar. Å få til ei framsyning er eit krevjande arbeid, som krev innsats frå mange fleire enn dei vi ser på scenen. Eg veit at mange born og unge over heile landet legg ned eit stort engasjement i teaterarbeid - anten det er som skodespelar, som instruktør, som manusforfattar, som hjelpar med kostyme, kulisser, lys eller musikk. Og ikkje så sjelden er store deler av familien involvert på ulikt vis. Teaterarbeid er lagspel, som gjev god trening i å arbeida saman fram mot felles mål. Og det gjev opplevingar som er viktige for born og unge å ha med seg seinare i livet. Og at born og unge som får høve til å delta i teaterarbeid viser stort engasjement - ja det er noko som vi alle har sett.

For å få til eit breitt og mangfaldig teatertilbod over heile landet er det naudsynt at barne- og ungdomsteaterrørsla i Noreg har gode rammer. For å få dette til må lokale og sentrale styresmakter saman bidra til å sikra arbeidet gode kår - anten det er arbeid i regi av meir profesjonelle grupper eller det er arbeid i regi av lokale amatørteatergrupper. I barne- og ungdomsteaterarbeidet er det viktig å stimulera til at amatørar og profesjonelle kan spela på lag. Amatørgruppene har bruk for gode manus og instruktørar og den inspirasjon dei kan henta frå profesjonelle grupper. Samstundes veit vi at rekrutteringa til meir profesjonelt teaterarbeid ofte har utspring i amatørteaterrørsla.

Eg vil nytta høvet til å takka Kristiansand kommune for at dei støttar opp om denne festivalen. At Kristiansand kommune er interessert i barne- og ungdomsteater veit eg - ikkje minst fordi eg i august var på besøk her i byen og fikk høve til å sjå teaterframsyninga «Tønder» på Agder Teater. Tønder var ei sterk framsyning - som er utvikla i samspel mellom ungdom sjølve og forfattaren. Eg er imponert over ungdommane som var med i stykket - korleis dei gjennom humor og alvor makta å gi eit bilete av korleis nokre ungdommar har det i vårt samfunn. Eg er overtydd om at ungdommane som var med i Tønder-framsyninga har fått med seg erfaringar som dei vil ha nytte av seinare i livet. Og det er jo nettopp eit av måla med teaterarbeid - å retta søkjelys mot viktige sider ved livet og samfunnet - og gje utøvarar og publikum tankar og opplevingar som vi kan føra med oss vidare - verdiar vi kanskje skal bli flinkare til å ta tid til og dela med kvarandre.

Då står det berre att for meg å erklæra festivalen for opna, og ynskja dykk alle lykke til med dagane her i Kristiansand - og med arbeidet vidare!

Lagt inn 20. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen