Historisk arkiv

Regjeringa eitt år - kva no...

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Regjeringa eitt år - kva no...

Ope møte, Stord, 27. oktober 1998

For litt over ei veke sidan markerte Regjeringa sitt eitt-års jubileum. Eitt år er ikkje lang tid for ei regjering, og det var på inga måte ei markering som indikerte at vi no er tilfreds med det vi har oppnådd. Likevel vil eg sei det er ein prestasjon for «eit luftsott» å halda posisjonen eit heilt år med nordavind frå alle kantar.

Det at Sentrumsregjeringa har eksistert over eitt år representerer ein trussel mot det som har vore dei tradisjonelle konstellasjonane i norsk politikk. Ap ser at jo lenger tid det går med ei Sentrumsregjering ved roret, jo svakare blir deira argumentasjon om at landet berre kan styrast av sosialdemokratar. For Høgre representerer Sentrumsregjeringa ein trussel mot deira tese om at det ikkje går an å etablera eit styringsdyktig regjeringsalternativ til Ap utan at Høgre er med.

Mykje av den kritikken og taktikken rundt regjeringa må sjåast i lys av dette. Motstanden mot regjeringa er ikkje berre eit utslag av politiske motsetnader. Det er også eit uttrykk for partitaktikk og posisjonering for framtida.

Kva har skjedd?

Men no har vi altså sete ved makta i eitt år, og det kan vera interessant å sjø kva som er skjedd på dette året.

Mange likar å framstilla regjeringa som løftebrytarar. Dei seier vi sat på Voksenåsen under skyfri himmel, og var ikkje førebudd på at været kunne slå om.

Det er rett at det er mykje som er forandra sidan Voksenåsen-forhandlingane. Ikkje minst har det skjedd ting i den internasjonale økonomien som også har prega den norske situasjonen.

Norsk økonomi er ein open økonomi, og det som skjer internasjonalt påverkar sjølvsagt oss også.

Krisa i Asia skapar uro over heile verda. Den asiatiske økonomien er viktig for andre land sin økonomi, og ikkje minst påverkar det investorar og aksjehandlarar sin tryggleik for handling. Den politiske og økonomiske krisa i Russland påverkar oss på same måten.

I tillegg har vi det forhold at vår økonomi er avhengig av oljeeksporten. når vi no opplever at oljeprisane er låge, skaper det eit usikkert bilde av kva som vil skje med den norske økonomien i framtida.

Men trass i disse endra rammetilhøva har det skjedd mykje dette året Sentrumsregjeringa har hatt makta.

Verdidebatten

Både gjennom regjeringa sin politikk og oppnemninga av Verdikommisjonen har regjeringa klart å stimulera til ein brei verdidebatt i samfunnet. Ikkje berre i politiske og akademiske miljø, men også i ungdomsklubbar, skulen og frivillige organisasjonar.

Verdikommisjonen gjør eit sjølvstendig arbeid, og regjeringa har ikkje - heldig vis vil eg sei - noko styring over det som skjer der. Verdikommisjonen skal utfordra mange miljø, og har også sendt ei stor utfordring i fanget på regjeringa.

Regjeringa er utfordra til å svara på 12 spørsmål knytta til utfordringane rundt forvaltninga av olje- og gassformuen. Det dreiar seg om tema som kva alle disse ressursane gjør med oss som menneske, kva ansvar det følgjer med å råda over disse ressursane, og korleis vi best kan forvalta dei økonomiske ressursane disse naturressursane gir oss.

Det er på ingen måte enkle utfordringar å svara på, men det er heilt nødvendig å få ein diskusjon omkring dette. Regjeringa har fått 6 månader til å presentera sine tankar om dette, og det skal også arrangerast ein konferanse der dette skal bli diskutert.

Men regjeringa ønskjer også å stimulera til verdidebatt, og visa gjennom politiske standpunkt at det er andre verdiar som ligg til grunn for politikken no, enn då Arbeidarpartiet styrte.

Rundt debatten om kontantstøtta har vi fått ein debatt om verdien av det arbeidet som skjer i heimen ved omsorg for eigne born. Vi har også fått ein debatt om dei verdiprioriteringane mange foreldre ønskjer å gjera i forhold til heimearbeid medan borna er små kontra full aktivitet i arbeidslivet. Innføringa av kontantstøtta gjer det meir realistisk for ein del foreldre å gjera ei slik verdiprioritering.

I trontaledebatten sa Thorbjørn Jagland at vi «- ikke kan sammenligne investeringer i barn og utdanning med det å betale friske og arbeidsføre mennesker for ikke å arbeide».

Utsegnet er eit hån mot alle dei foreldra som sjølve tar seg av borna sine. Veit Jagland kva arbeid er?

Er det ikkje arbeid å ta seg av eigne born i heimen?

Har arbeid berre verdi der du står på andre sine løningslister?

Ein god oppvekst for våre born er den viktigaste investeringa vi kan gjera for framtida. Vi har råd til å investera i tid til borna. Og det er nett det foreldra til småbarna ønskjer. La valet deira gjerast mogeleg. Det er dèt kontantstøtta dreier seg om.

Utsegnene frå han som er leiaren for det største partiet i Norge viser at det er stor avstand mellom regjeringa og Ap når det gjeld synet på kva arbeid som er verdifullt.

Vi meiner det arbeidet barnehagepersonellet gjer er både viktig og verdifullt, men vi meiner også omsorg for born og unge er viktig og verdifullt dersom foreldra sjølv gjer arbeidet.

I helsepolitikken har regjeringa oppnemnd eit «Livshjelp-utval» som ei motvekt til dei kreftene som arbeider for å legalisera aktiv dødshjelp. Det er ein viktig og aktuell debatt for tida - no i samband med rettssaka som har vore mot den tidlegare legen Christian Sandsdalen. Regjeringa vil ikkje godta at det ikkje skal vera mogeleg å redusera smerte og andre problem utan å forkorta livet!

Utvalet skal sjå på kva som kan gjerast for å forbetra pleie- og omsorgstilbodet til alvorleg sjuke og døyande menneske. Slik ønskjer vi å møta debatten om kva som er eit menneskeverdig liv med konkrete tiltak, med utgangspunkt i vårt verdisyn og menneskesyn.

Vi ønskjer ein debatt om grensene for kva helsevesenet skal driva med, og vi vil at utvalet skal koma med innspel om kva som skal til for å rusta opp helsevesenet slik at det er i stand til å gje den hjelpa som er nødvendig. Det finst nemleg andre utvegar på lidingane enn døden.

Både i politiske debattar, som i debatten om grensene for gen- og bioteknologien, og i nokre fagmiljø, kan vi registrera at tanken om «det perfekte menneske» slår om seg. Ei haldning som seier at livet er verd å leva berre når ein er «perfekt» og lever eit liv utan smerte. Det er eit menneskesyn vi må ta til motmæle mot, og eg trur ein overordna verdidebatt - i tillegg til den konkrete politikken - er viktig i denne samanhengen.

Helse og omsorg

Eg vil også nemna andre område innan helsepolitikken der regjeringa har ei sterk satsing. Dette gjeld særleg innan psykiatrien, der regjeringa har lagt fram ein eigen opptrappingsplan. Planen innebær eit historisk løft for ei gruppe innan helsevesenet som alt for lenge har stått lengst bak i køen. Denne satsinga innebær at nye grupper får fokus innan helsepolitikken.

Planen strekker seg fram til 2006, og inneheld ein styrka innsats innan førebygging, behandling, rehabilitering og utdanning av helsepersonell.

Det er også ei satsing på barne- og ungdomspsykiatrien. Vi veit at mange unge slit med psykiske problem. Mange opplever eit stort press på skulen eller frå det dei opplever som samfunnet sine krav til kvalifikasjonar, utsjånad eller prestasjonar. Det er noko av bakgrunnen for at det er så viktig å satsa også her.

Miljøpolitikken

I miljøpolitikken satsar vi både lokalt, nasjonalt og globalt.

Ein av dei viktigaste reiskapane vi har for den lokale miljøpolitikken er Lokal Agenda 21 som blei vedtatt i samband med Rio-konferansen i 1992. Regjeringa har oppretta ei sentral koordineringsgruppe der Miljøverndepartementet samarbeidar med Kommunenes Sentralforbund om den lokale oppfølginga av planen.

Nasjonalt er ei av våre viktigaste utfordringar å innfri dei internasjonale forpliktingane vi tok på oss i samband med Kyoto-forhandlingane. Vi har lagt fram ei eiga stortingsmelding med dei første tiltaka for å oppfylla vår del av Kyoto-avtalen. Vi har også retta opp ein del av dei kutta på ENØK-tiltak og tilskot til alternative energikjelder som blei gjennomført av tidlegare Ap-regjeringar. Ein berekraftig energipolitikk er ein viktig del av den nasjonale miljøpolitikken.

Vi er også i full gang med dei forhandlingsrundane som er i samband med oppfølging av Kyoto-protokollen. Spørsmåla der handlar mellom anna om kvotehandel-system og felles gjennomføring av tiltak.

Familiepolitikken

Regjeringa har også markert seg sterkt i familiepolitikken. Det er eit viktig område for regjeringa, men familiepolitikken handlar om meir enn kontantstøtte. Eg vil derfor fokusera på nokre områder som ikkje har med kontantstøtta å gjera.

Nokre skuldar meg og regjeringa for at vi einsidig er opptatt av rammene for familien, og ikkje er opptatt av det som skjer innanfor veggane i familien. No er eg av dei som meiner at rammene er viktige for korleis born og unge sin oppvekst er. Statistikken fortel oss at det er 2 til 3 gonger så stor sjanse for at eit sambuarforhold går i oppløysing som at eit ekteskap går i oppløysing. Eg er sjølvsagt ikkje så naiv at eg trur det er likegyldig kva som skjer i familien berre rammene som er rundt familien er i orden, og at berre foreldra er gift, så er alt bra. Eg er likevel av den meining at statistikken har noko å seia til oss som politikarar.

Derfor har også regjeringa fokusert på innhaldet i familien. I det budsjettet Jagland-regjeringa la fram før dei gjekk av var alle midlane til samlivstiltak tatt ut. Dei fekk vi på plass igjen, og vi styrka også støtta til familievernkontora. Dette er å ta innhaldet i familien på alvor. Vi er opptatt av det vi kan kalla familiekompetanse. Vi har «Foreldreveilednings-programmet» for dei som skal bli, eller har blitt , foreldre. Vi støttar samlivskurs i regi av organisasjonar, bedrifter, kyrkjelydar eller kommunar som er førebyggande i forhold til problem, og vi har familievernkontora som hjelper dei som har problem i samlivet. Det gjeld både gifte og sambuande.

Eit anna viktig område innan familiepolitikken, er utbygginga av barnehagar til dei som ønskjer det. Skal vi lega til rette for valfridom må vi også satsa på barnehagar. Nokre har vore opptatt av at utbyggingsmålet for nye plassar er lavare for neste år enn det er for inneverande år. Dei sett det som ein indikasjon på at regjeringa ikkje er så opptatt av barnehageutbygginga.

Det er sjølvsagt feil. Valfridommen forutsett og barnehagar.

Men utbyggingsmål blir ikkje einsidig nådd gjennom statlege vedtak og måltall. Det er kommunane og dei private utbyggarane som bestemmer til sjuande og sist.

I disse innstrammingstider vil vi løyva 360 millionar til barnehagesektoren. Ei viss auking av tilskotet vil styrka økonomien til barnehagar som kan tilby deltidsplassar.

Måla for utbygging blei i 1997 passert med fleire tusen plassar. Disse blir ført vidare. Nokre kommunar signaliserer no og at dei har behovsdekking for dei fleste årskulla. Men vi vil vidare til full behovsdekking i år 2000. Samtidig må vi ha ei realistisk vurdering av den usikkerheita som akkurat no eksisterar i kommunar som er i nærleiken av full behovsdekking,- dette fordi vi har ringverknader av både 6-årsreforma og kontantstøtta.

Jagland har uttrykt bekymring over at kontantstøtta fører milliardutbetalingar kvart år. Enten er han ikkje klar over det, eller så vel han bevisst å ikkje fortelja at kvar barnehageplass kostar meir,- og det vil han jo gi til alle uansett kontantstøtte eller ikkje.

Har Jagland rekna kor mange milliardar han treng frå stat og kommune innan år 2000 utan kontantstøtte-alternativet?

Internasjonal solidaritet

Regjeringa sin solidaritetspolitikk har gitt fleire konkrete resultat allereie. Vi har mellom anna gjort fleire viktige grep innan asyl- og flyktningpolitikken.

Både ut frå eit solidaritetsperspektiv, og ut frå det menneskesynet vi byggjer politikken på, har vi plikt til å hjelpa dei som søkjer hjelp i Norge.

Vi har derfor gjennomført ei liberalisering av flyktningepolitikken, og har signalisert ein meir human praktisering av regelverket enn det Ap stod for.

Vi har endra kriteria for å søka asyl, og styrka asylretten for dei som kjem til Norge. Omlegginga av asyl og flyktningpolitikken har gitt seg konkrete utslag mellom anna ved at vi har omgjort mange saker der det tidlegare hadde vore gitt avslag, og der avgjerda var anka.

At det har skjedd ei oppmjuking innan dette området blir også bekrefta ved at Frp i Stortinget har foreslått å gå tilbake til den flyktning- og asylpolitikken Ap førte. Det må vera underleg for Ap at det er Frp som er dei varmaste forsvararane for den politikken dei stod for, og at dei sjølv ikkje støtta forslaget frå Frp.

Gjeldssituasjonen er det største hinderet i forhold til utvikling i mange av dei fattigaste landa. Regjeringa ønskjer å bidra til å letta gjeldssituasjonen for utviklingslanda, og la i samband med statsbudsjettet fram ein plan for sletting av u-land si gjeld til Norge. Det er første gongen det blir laga ein slik plan, og den gjør at Norge kjem i førarsetet på dette området internasjonalt.

Næringspolitikken

Små- og mellomstore bedrifter er eit satsingsområde for regjeringa. Vi har både ein økonomisk og ei meir verdimessig grunngjeving for det. Nesten alle norske bedrifter er små, og fordi vi er avhengig av at det blir etablert mange nye bedrifter heile tida, er det avgjerande at næringspolitikken tar utgangspunkt i deira situasjon og behov. Vi er derfor opptatt av at det skal bli enklare å driva og starta bedrift i Norge.

Samtidig med at statsbudsjettet blei lagt fram, la vi også fram ein plan for små- og mellomstore bedrifter.

Vi lettar situasjonen for familieeigde bedrifter, vi satsar på dei små IT bedriftene. Vi legg også opp til ei opprydding i det skjemaveldet som er ei stor belastning for mange bedrifter. Berre som ei saksopplysning vil eg nemna at det i dag er registrert om lag 12 000 ulike forskrifter. Det seier seg sjølv at det ikkje berre krev ressursar av næringslivet å forholda seg til alt dette, men også for dei offentlege tilsette som skal handsama alt dette krev det mykje tid.

Eg kunne gjort lista mykje lenger for å visa kva regjeringa har gjort dette året. VG hadde ein gjennomgang av Voksenåsendokumentet nokre dagar før regjeringa markerte eitt-års dagen. Overskrifta fortalde at regjeringa berre hadde oppfylt 23 av 68 løfter. Det er faktisk meir enn ein tredel av Voksenåsendokumentet på eitt år!

Det vil eg sei meg svært nøgd med, særleg når vi veit at vi har tre år igjen på oss til å oppfylla resten!

Statsbudsjettet

5. oktober la regjeringa fram det første statsbudsjettet som er «vårt». Det vi la fram i fjor var i stor grad bygd på Jagland-regjeringa sitt budsjett, og vi hadde berre tid til å gjera visse justeringar på det. Denne gongen har vi hatt styring heilt fram til presentasjonen og overleveringa til Stortinget.

Det budsjettet regjeringa har lagt fram er eit stramt budsjett. Mange har meint at sentrumspartia ikkje var i stand til å gjera ein slik jobb som vi har gjort, og at sentrumsprofil på eit budsjett var avhengig av at det berre skjedde påplussingar.

Begge desse påstandane er gjert til skamme med det budsjettet som er lagt fram.

Men det var ikkje for å gjera disse spådommane til skamme at vi har lagt fram eit stramt budsjett. Det er andre og viktigare grunnar til det:

  1. Vi har framleis ein stram arbeidsmarknad, noko som gjer at vi får ein sterk lønsvekst og press på prisane.
  2. Vi har eit rentenivå som er unormalt høgt, men likevel mykje lågare enn det var under Gro Harlem Bruntland si regjeringstid på slutten av 80-talet. Det er viktig med ein stram finanspolitikk for å få ned renta på det nivået den høyrer heime.
  3. Vi må ha ein langsiktig budsjettpolitikk. Det viser det fallet i oljepris som vi har hatt. Vi må utforma ein politikk som er berekraftig både med låge oljeprisar, og med tanke på at petroleumsinntektene etter kvart vil gå ned.

Statsingsområde:

Men sjølv om vi har lagt fram eit stramt budsjett så har vi klare prioriteringar i budsjettet, og det er ein sentrumsprofil også på innstrammingane. Det har vore viktig for oss å ha ein sosial profil på innstrammingane, og det meiner eg vi har lukkast med.

Det er klart at når det skal strammast inn - og særleg når det skal strammast inn så mykje som vi har gjort - så er det nokon som opplever det som urettferdig. Det har eg forståing for, men det er ikkje mogeleg å stramma inn med 9 mrd. kroner utan at nokon merkar det.

Vi har fått til ei fordeling av byrdene som gjer at dei fleste må bæra litt. Det offentlege tar sin del av ansvaret gjennom at det er kutta på offentlege utgifter med 5 mrd. Privatpersonar og bedrifter må gjera sin del av dugnadsjobben med ein auke i skattar og avgifter på omlag 4 mrd. kroner. Til saman gjer dette at vi får den innstramminga vi trur skal til for å skapa tillit til norsk økonomi, og få ned renta. Ein rentenedgang er viktig for oss, fordi høge renter er ei form for innstramming som er urettferdig. Den rammar blindt, mens regjeringa er opptatt av ein sosial profil på innstrammingane. Ein rentenedgang vil vera ein gevinst for privatpersonar, bedrifter og kommunesektoren.

Regjeringa har tre prioriterte og synlege prioriteringar i budsjettet:

  • helse og omsorg
  • distriktsutvikling
  • barnefamiliane

På disse tre områda tilsaman styrkar regjeringa satsinga med 5, 5 mrd. kroner.

Helse:

Helse er ei av hovudsatsingane for regjeringa i budsjettet for 1999. Eg har alt vore inne på noko av det vi har gjort innan helsepolitikken, og skal berre derfor kort nemna noko av det som ligg i budsjettet.

Den omfattande utbygga av eldreomsorga skal fortsetta. Dei øyremerka midlane til kommunane til dette formålet er foreslått auka med 800 millionar kroner. Perioden for eldreplanen blir utvida med 2 år. Det har bakgrunn både i den generelle økonomiske situasjonen, men også i at det mange stader er så stort press innan byggebransjen at det er vanskeleg å gjennomføra planane. Ei utviding med to år vil gje kommunane betre tid til å planleggja og gjennomføra tiltaka, og det kan dessutan vera fornuftig å skyva på byggeprosjekt i ein marknad med høge byggekostnadar. Eg vil understreka at driftsmidlane til oppfølging av eldrereforma er på det samme beløp som Stortinget fastsette i samband med eldreforliket i 1997.

Det er viktig at tilboda innan helse og omsorg blir tilpassa lokale forhold og behov, og ikkje minst brukarane sine behov. Akkurat som barnefamiliar har ulike behov har dei eldre ulike behov. Ei satsing innan eldreomsorga må derfor vera ei satsing på ulike omsorgstenester - både heimebaserte og institusjonsbaserte. I opplegget frå regjeringa ligg det stimulering til utbygginga av einerom og utbygginga av omsorgsbustader, og det er ei målsetting at pleie- og omsorgstenesta skal dekka dei ulike behova i befolkninga.

I tillegg fortsett utbygginga av behandlingskapasiteten i somatiske sjukehus. Vi følgjer opp planen for investeringar i utstyr på sjukehusa, og vi legg opp til ei utbygging av kreftomsorga.

For å skaffa rom for satsingane innan helse har det vore nødvendig å foreslå visse auke i eigenbetalinga.

Utgiftstaket for eigenbetalingar er foreslått auka med 260 kroner i året, og pensjonistar og born over 7 år skal betala samme eigenandel for legemiddel som folk elles.

Sjølv om dette er eit framlegg vi ikkje får mykje ros for, og det kan eg forstå, så meiner eg vi med framlegget klarar å skjerma dei som er storforbrukarar. Eg vil også understreka at born over 6 år skal leggast saman med foreldra si eigenbetaling. Barn under 6 år gratis. Det er det ikkje alle kritikarane som har fått med seg.

Distriktsutvikling:

Det andre satsingsområdet er distriktsutvikling. For kommunane er det ein samla inntektsvekst på omlag 2,6 mrd. kroner. Mykje av dette er knytta til oppfølging av satsinga innan helse og omsorg, men det er også ein auke i dei frie inntektene 235 millionar kroner.

Eg veit at lønsoppgjeret og renteauken har ført til ein stor auke i kommunane sine utgifter, og at den auken som ligg i statsbudsjettet ikkje fult ut dekker dette. Derfor er eit stramt budsjett som får ned renta også eit godt budsjett for kommunane.

Kommunaldepartementet har også ein eigen post på budsjettet som skal gå til ungdommar som ønskjer å etablera eigne arbeidsplassar i distrikta. Posten er på 15 millionar kroner, og eg trur det vil vera eit viktig virkemiddel for at utdanna ungdommar skal flytta tilbake til heimstaden etter at dei er ferdig med utdanninga.

Barnefamiliar:

Innan familiepolitikken er det nok kontantstøtta som har fått den største merksemda. Den er vi svært glad for at vi har på plass, men det er også andre viktige tiltak for barnefamiliane.

Det barnefamiliane kan trekka frå på skatten for pass og stell av born, blir auka frå 23 900 til 25 000,- for eitt born, og frå 24 700 til 30 000,- for to eller fleire born. Det er eit viktig tiltak, ikkje minst for dei som har born i barnehage, og som ofte opplever at plassane er dyre.

Vi satsar også på ei vidare utbygging av barnehageplassar. Dette er ein viktig del av regjeringa sin familiepolitikk, og saman med kontantstøtta bidreg barnehagane til at foreldra får større valfridom.

På barnehagesektoren legg til tilrette for at barnehagane kan legga opp til eit meir fleksibelt barnehagetilbod. Vi veit at det er mange foreldre som ønskjer fleksibilitet, men som ikkje har fått det fordi barnehagane ikkje har gitt tilbod om dette. No legg vi opp statsstøtta slik at dette skal bli mogeleg.

Anna:

Eg vil også kort nemna nokre andre viktige saker i statsbudsjettet.

Vi satsar på kulturen, og mykje av dette er knytt opp til førebuingar og gjennomføring av 2000-år markeringa. I budsjettet for 1999 følgjer vi også opp regjeringa sitt vedtak om eit oppgjer for den økonomiske behandlinga av jødane under 2. verdskrig. Berre denne posten på budsjettet er på over 100 mill. kroner.

Regjeringa fortset også satsinga innan jernbanesektoren og for ENØK og alternative energikjelder.

Situasjonen i Stortinget

I den økonomiske situasjonen landet er i, har vi lagt fram eit budsjett som er tilpassa den økonomiske situasjonen, og som regjeringa står med rak rygg og forsvarar innhaldet i.

Det som er regjeringspartia på Stortinget si utfordring, er å losa budsjettet gjennom dei forhandlingane som skal skje der. Kva som blir resultatet av det, er den store spenninga for tida.

Mange meiner at regjeringa kan takka seg sjølv for at situasjonen i Stortinget no ser vanskeleg ut. Dei meiner regjeringa ikkje har gjort det val av side som vi burde gjort når vi førebudde budsjettet.

Det er eit utsegn som fell på seg sjølv!

Det er ikkje noko regjering som sit ved makta for å legga fram andre parti sin politikk og prioriteringar! Det skulle ta seg ut om vi la fram eit budsjett som Høge kunne stilla seg heilt bak, eller om det var Ap sitt program som var retningsgjevande for våre vedtak!

Då kunne vil like gjerne overlata makta til dei partia.

Vi har tatt på oss regjeringsansvar fordi vil ha gjennomslag for mest mogeleg av Sentrum sine prioriteringar.

Det er ikkje noko nytt at sjølv ei mindretalsregjering legg fram eit statsbudsjett med eigne politiske og verdimessige prioriteringar. Eg veit faktisk ikkje om noko regjering, heller ikkje mindretalsregjeringar frå AP, som har lagt fram eit budsjett som er tilpassa eitt eller fleire parti på Stortinget.

Så er vi sjølvsagt klar over at vi har eit grunnlag i Stortinget som tilseier at vi ikkje kan få vedtatt alt det vi foreslår. Det er vi klar over, men det skal ikkje hindra oss i å presentera det som er Sentrum sin politikk.

Forhandlingane om budsjettet startar i Stortinget ein av dei første dagane. Høgre legg fram sitt alternativ i morgon, og regjeringspartia på Stortinget vil først ta kontakt med dei. Signal frå Frp tydar på at det ikkje er lenge før dei også har klart sitt alternativ.

Når Ap kjem med sitt alternativ vil det også bli forhandlingar med dei. Forhandlingane blir vanskelege uansett kva parti som til slutt blir med heilt inn til mål. Men til mål trur eg vi skal nå!

Når vi går inn i forhandlingar om statsbudsjettet er det med respekt for forhandlingspartnarane sine prioriteringar, og med forståelse for at dei som er villig til eit kompromiss, også må få setta sitt preg på resultatet.

Det er mange som har skulda regjeringa for at Norge no er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Som eg alt har vore inne på, er det eit komplekse forhold som har ført oss i denne situasjonen.

Likevel er det verd å merka seg at dei som har kome med ein slik kritikk ikkje står opp og gir regjeringa æra for at ein del av dei positive tendensane vi ser no. Det seier mykje om at det er andre motiv som ligg bak den kritikken som er komen.

For det er eit faktum at mykje har gått betre i norsk økonomi de siste par vekene. Børsen har stege, krona har styrka seg og renta er på veg ned. Det vil ikkje sei at det ikkje er behov for dei innstrammingane regjeringa har lagt opp til. Krona er framleis for svak, oljeprisen er lag og renta er for høg. Men det er klare lyspunkt, og det er også i denne oppturen internasjonale forhold som er med å dra lasset.

Regjeringa har lagt fram eit budsjett som er egna for å skapa tillit til norsk økonomi, og det er no viktig at Stortinget vedtek eit budsjett som ikkje gir eit anna inntrykk.

Det er ikkje alltid eg forstår meg på Jagland og taktikken hans. Men han har utan tvil nokre poeng i det han seier.

Han har mellom anna uttrykt krav om at det må vera ein ansvarleg opposisjon i Stortinget for at han igjen skal la seg freista av regjeringskontora. Ein ansvarleg opposisjon er noko fleire av oss kunne ønskja oss til tider. No er Arbeidarpartiet i den heldige situasjonen at dei kan visa alle andre kva dei legg i omgrepet «ein ansvarleg opposisjon».

Han har også sagt at det i ein uroleg internasjonal situasjon er det viktig med stabilitet i vårt eige land. Spørsmålet han må stilla seg er om hans opposisjonsstrategi er eit bidrag til ein slik stabilitet.

Avslutning

Gjennom det eine året som er gått sidan regjeringsskiftet har regjeringa vist at den kan styra sjølv om vi har eit svakt parlamentarisk grunnlagt i Stortinget. Det gjer at vi er audmjuke i forhold til oppgåva vår. Men på tross av dette smale grunnlaget har regjeringa klart å dreia den politiske kursen. At maktmonopolet til Ap er oppheva har ein demokratisk verdi i seg sjølv, men regjeringa har ambisjonar om noko meir enn berre å administrera. Gjennomgangen av det vi har gjort dette året viser at vi har klart dét.

Det gjør at kampviljen for å fortsetta er stor. Vi har klart den krevjande oppgåva mange trudde vi ikkje skulle klara i samband med budsjettet, og eg har tru på at vi skal få eit fleirtal i Stortinget for hovudlinene i det framlegget regjeringa har presentert.

Lagt inn 29. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen