Historisk arkiv

Regjeringa satsar på barnehagane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Samtidig med kontantstøtte:

Regjeringa satsar på barnehagane

10.06.1998

Av barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland

I ei ny stortingsmelding som no er under arbeid legg regjeringa strategien for barnehagane si framtid. Målet om barnehageplass for alle som ynskjer det i år 2000 står fast. Barnehagane har ein svært viktig plass i regjeringa si satsing for oppvekstmiljøet. Som statsråd vil eg vurdera kommunal plikt til å tilby småbarnsforeldre plass i barnehage. Ei lovregulering av rett til barnehageplass er viktig dersom dei øremerka tilskota til kommunane forsvinn.

  • I stortingsmeldinga vil eg og invitera til debatt om korleis situasjonen for dei private barnehagane kan betrast. Desse barnehagane er viktige medspelarar, og dei må få trygge rammevilkår for stabil drift. Eit betre samarbeid mellom private og kommunale barnehagar er også nødvendig.
  • Vidare må vi drøfta korleis forskjellan i foreldrebetalinga skal utjamnast. Regjeringa si målsetting er at foreldrebetalinga ikkje skal auka meir enn prisstigninga.
  • Eg vil ha debatt om større ideologisk fridom og meir verdiorientering for dei barnehagane som ynskjer dette. Foreldre med spesiell bakgrunn har krav på at barnehagane syner respekt for deira verdiar.

Innvandrarborn

Eg ynskjer å bidra til å auka andelen born med innvandrarbakgrunn i barnehagane, ikkje minst for å styrka språkutviklinga deira. Departementet har ulike verkemiddel i denne samanhengen; Tilskot til tospråkleg assistanse, tilskot til barnehagar for borna til flyktningar som nyleg er komne til landet, materiell som gir rettleiing i det pedagogiske arbeidet, og forsøk med gratis korttidsbarnehage til alle femåringar i bydel Gamle Oslo. Forsøket startar til hausten og skal vare i tre år. Målet med prosjektet er å leggja til rette for betre integrering og språkopplæring, og auka deltakinga av fleirspråklege born i barnehage. Vi vil og gå vidare med støtte til eit prosjekt som skal gjennomførast av forskningsstifelsen Fafo. Prosjektet vil kartleggja innvandrarane sine behov og haldningar til bruk av norske barnehagar.

Open barnehage er ei driftsform som rettar seg mot foreldre eller andre som kjem saman med borna til barnehagen. Tilbodet får statleg tilskot til drift, og er ofte gratis for foreldra. Driftsforma når mange innvandrarborn, og born av heimearbeidande som har trong for å treffa andre vaksne og finna leikekameratar til borna sine. Her vert nettverk bygd som kan hjelpe til med å førebyggja isolasjon og andre problem både hjå foreldre og born.

Ei undersøkjing som Utlendingsdirektoratet nyleg har gjort, syner at heile 40 av 43 spurde kommunar har sett i gong eitt eller fleire tiltak for å stimulera til auka bruk av barnehage for innvandrarborn. Det viktigaste einskildtiltaket er tilsetjing av tospråkleg assistent. 21 av kommunane i undersøkinga legg til rette for auka bruk av barnehage gjennom å tilby gratis eller subsidierte plassar. Dette skal kommunane ha ros for.

Brukartilpassing

Barne- og familiedepartementet kjem snart med ein fersk rapport frå prosjektet «Utviklingsprogrammet for barnehagane». 49 kommunar og ein privat eigarorganisasjon tok del i programmet, som mellom anna hadde brukartilpassing som eit viktig tema. På same tid vil ei fersk utgreiing frå SIFO om auka brukartilpassing i barnehagar vera klår. Barnehagetilbodet må vera slik at det passar med foreldra sine behov for tilsyn med borna, og gir rom for at dei sjølve kan vera saman med barna når dei ønskjer det. Rapporten gir oss gode døme på korleis barnehagane kan bli meir brukarvenlege og fleksible. Barnehagane drøftar no ikkje om dei skal vere fleksible, men kor fleksible dei skal vera.

Kontantstøtta gir valfridom

Vi har ei barnehagedekking i landet på nær 60 prosent. Tidlegare undersøkingar som er gjort for eller av departementet syner at behovet på landsbasis er om lag 70 - 75 prosent. Behovet for barnehage for dei yngste borna har vore minst, og kan bli noko lågare når kontantstøtta vert innført. Det vert interessant å sjå i kva grad foreldra vil velja ein kombinasjon av barnehage og kontantstøtte, ein ny og god valsituasjon for barnefamiliane. Dette vil få innverknad både på behovet for plassar og kva for opphaldstid foreldra ønskjer for borna. Men det er viktig å poengtere at kontantstøtta kjem i tillegg til barnehagane - ikkje i staden for dei. I budsjettet for inneverande år er det løyvd i overkant av 4 milliardar kroner til drift av barnehagar. Løyvingane til barnehagane er ei av dei som har auka mest på statsbudsjettet dei siste ti åra.

Lagt inn 23 juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen