Historisk arkiv

Regjeringa sin barne- og ungdomspolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Regjeringa sin barne- og ungdomspolitikk

Innleiing på Ung i Norge 98 «Innenfor/utenfor», Kristiansand 27. mai 1998

Introduksjon

Eg er glad for å vera til stades her i dag på denne viktige konferansen om ungdomspolitikk. Fyrst vil eg takka Kristiansand kommune for eit flott initiativ, og for at de har fått til eit spanande og omfattande konferanseprogram. Både ungdom, dei som fattar vedtak, avgjerdstakarar, fagfolk, forskarar og frivillige organisasjonar har kome hit for å drøfta utfordringar knytta til ungdom sin situasjon. Ungdomstida er kontrastane sin livsepoke, og eg synest derfor at de har gjort eit godt val når de har valt å setja «utanfor/innanfor» opp som hovudtema. Det seier mykje om ungdom sin kvardag, og det seier mykje om dei utfordringane alle som arbeider med ungdom står overfor.

Av programmet ser eg at det er sett av tid til at ungdom sjølv kan koma til orde for å presentera sitt syn på korleis det er å vera ung. Dette er eg spesielt glad for. Det er viktig at vaksne lyttar til kva dei unge sjølve har å seia, og at vi tek deira syn på alvor. Dersom vi ikkje har kjennskap til korleis ungdom sjølv opplever sin situasjon, kan vi heller ikkje setta i verk tiltak i forhold til det som er utfordringane. I arbeidet med å utforma ein god ungdomspolitikk for åra framover - som jo nettopp er eitt av måla med denne konferansen - er det avgjerande at vi alle har ein dialog med dei som er målgruppa for politikken.

Mål for regjeringa sin ungdomspolitikk

Eg vil sei litt om måla for regjeringa sin ungdomspolitikk - og korleis vi har tenkt å møta dei utfordringane vi ser.

Gode levekår for alle

Å sikra born og ungdom gode oppvekst- og levekår er ei av dei viktigaste oppgåvene til regjeringa. Eit overordna mål for vår ungdomspolitikk er å gje alle unge like sjansar til å utvikla seg - uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn - og uavhengig av kor i landet dei bur.

Ungdom har særskilde behov, interesser og rettar som må sikrast gjennom tilrettelegging av ein heilskapleg ungdomspolitikk, både lokalt og nasjonalt. Vi er opptatt av at det skal takast omsyn til ungdom sine interesser i alle vedtak som har med deira situasjon å gjera. Og då er det viktig at alle vi som har ansvar i forhold til ungdom - frå den enkelte fagperson til sentrale politikarar - hele tida stiller oss spørsmåla:

Kva er konsekvensane for ungdom dersom vi vel denne løysninga? Kan vi prioritera slik at ungdom sine behov og interesser blir betre ivaretekne?

Den generelle betringa i levekåra for fleirtalet av folket har også kome ungdom til gode. Men samstundes er det heilt klårt at det er mange ungdommar som har det vanskeleg. Vald og mobbing, rusproblem, psykiske vanskar, spisevanskar, problem med å lukkast på skulen og med å få innpass på arbeidsmarknaden er dei tøffe realitetane for nokre. Nokre kjem òg frå ein vanskeleg familiesituasjon. Og nokre - det er nokre for mange.

Vi veit òg at ungdom med innvandrarbakgrunn oftare har problem med å finna sin plass i fellesskapen enn andre. Situasjonen er heller ikkje god nok for ungdom med funksjonshemmingar. Isolasjon og ei oppleving av einsemd kan prega kvardagen for mange av dei.

Regjeringa er opptatt av at den offentlege politikken blir utforma og organisert slik at alle unge får gode sjansar til utvikling, og den støtte og hjelp som dei har behov for.

Påverknad og medverknad

Etter ein lang og intens debatt om kontantstøtta og småbarnsfamiliane sine kår, ønskjer eg og å vera med å setta ungdom lenger opp på dagsorden. Ikkje ungdom som ei problematisk gruppe. Ikkje ungdom som vert stempla som ei gruppe uengasjerte «halv-vaksne» som driv med tagging, organiserar seg og driv gjengkriminalitet. Vi skal setta ungdom på dagsorden som ei gruppe med viktige ressursar og unik kompetanse, spesielt i forhold til det å vera ungdom…

Eit viktig utgangspunkt for ungdomspolitikken er at vi ser på ungdom som ein ressurs. Vi er derfor opptatt av at ungdom skal delta og få ansvar på alle nivå i samfunnet slik at deira synspunkt kjem fram.

Det er lett å sei at ungdom er framtida. Men det er ikkje alltid like lett å la dei få vera med å bestemma over korleis ho skal bli. Ungdom skal, vil og kan vera med å styra. Ikkje berre over sin eigen kvardag, men også over utviklinga som fører oss inn i framtida. Dei må få vera med å ta del i utforminga av den framtida dei skal leva i. Dei må oppleva at lokaldemokratiet fungerar og at det nyttar å sei ifrå.

Gjennom ratifiseringa av FN sin konvensjon om barn sine rettar har Norge slutta seg til at born og unge har rett til å sei si meining - og bli høyrt. At dette skal skje i praksis har vi alle eit ansvar for. Utfordringa for oss blir å forsterka «stemmebanda» deira og skjerpa vår eigen hørsel i forhold til det som vert sagt. Erfaringar frå utviklingsarbeid dei seinare åra viser at ungdom som får sjansen til å vera med å planleggja og fatta vedtak i lokalmiljøet sitt syner kreativitet, engasjement og ansvarskjensle. Men - for å få til dette er det naudsynt at medverknaden blir meir enn fine ord. I arbeidet med oppfølginga av prinsippa i FN sin barnekonvensjon vil regjeringa retta fokus mot born og unge sin medverknad i saker som angår dei. Det er ei utfordring for oss å tenkja vidt i forhold til kva ungdom er opptatt av. Det er ikkje berre spørsmål om ungdomshus og rocke-klubbar som er av interesse for ungdom. Ungdom har også viktige synspunkt når valet står mellom golfbane eller friluftsområde, når valet står mellom parkeringsplassar eller leikeareal, eller når valet står mellom kjøpesenter og kultursenter. Spørsmålet er om vi som dei som fattar vedtak vil ta ungdom sine signal på alvor også i forhold til slike prioriteringar. Kva signal gir det at vi er redd for reaksjonar frå næringsliv og bilistar, men ikkje redd for reaksjonane frå ungdom? Medverknad skal ikkje gjelda berre når det er trygt og greitt for oss som er politikarar.

Også på fleire andre område har vi dei seinare år arbeida for å sikra ungdom auka påverknad over sin eigen livssituasjon. Gjennom Rikspolitiske Retningslinjer, ordninga med talsperson for born og ungdom i alle kommunar, og statleg støtte til ungdom si deltaking og medverknad i utforming og gjennomføring av aktivitetar og tiltak, er det gått viktige skritt i riktig retning. Samtidig er det viktig for meg å nytta sjansen i dag til å senda ei utfordring til alle dykk som representerar ulike kommunale nivå på denne konferansen. Ei utfordring om å styrka samhandlinga mellom dei som fattar vedtak som er viktig for framtida, og dei som skal leva i framtida!

Regjeringa ser det som viktig at dialogen mellom styresmaktene og ungdom blir styrkt og vidareutvikla, for å sikra ungdom større innverknad over sin eigen livssituasjon og si eiga framtid. Medverknad i lokale plan- og avgjerdsprosessar må stå sentralt her, saman med utvida dialog på sentralt hald. For å hjelpa til med dette vil regjeringen mellom anna skipa til samarbeidsmøte og konferansar der ungdom blir inviterte til å koma med innspel og idear til kva som kan gjerast for å skapa eit betre ungdomsmiljø.

Som eit anna tiltak ønskjer regjeringa at kommunane set av ein øyremerkt sum som born og ungdom sjølve kan avgjera bruken av. Det har dei kommunane som har stått i bresjen for dette arbeidet gjort - og med godt resultat. Men det er igjen viktig for meg å understreka at skal vi ta ungdom sine synspunkt på alvor, så kan vi ikkje redusera medverknaden til ein sum med pengar.

I tillegg til at medverknad aukar kvaliteten og tilslaget på ungdomspolitikken, er medverknad viktig for opplæring i demokratiske haldningar og handlemåtar. Medverknad fører òg til større politisk engasjement og interesse for lokaldemokratiet blant ungdom. Eg trur også det er positivt for ungdom si utvikling og vekst at dei får sjanse til å ta ansvar - samstundes som dei sjølve må ta ansvar for sine haldningar og handlingar.

Utfordringa for oss alle er derfor: Medverknaden skal ikkje berre verbaliserast - den skal også realiserast!

Kvalifisering for framtida

Regjeringa ynskjer å sameina måla om ei god ungdomstid med solid kvalifisering for framtid. Å sikra ungdom lik rett og like sjansar til utdanning og kvalifisering er eit sentralt mål.

Reform 94 og Reform 97 opnar for å styrkja elevane sitt engasjement og evne til å ta ansvar både i skulen og i samfunnet. Elevdemokrati, ansvar for eiga læring på alle trinn og medansvar frå elevane si side står sentralt. Målet er å etablera gode lærings- og oppvekstmiljø, styrkja elevane si læring og trivsel og motivera dei til å ta ansvar for seg sjølve og andre. Og skal vi nå desse måla må vi stilla store krav både til lærarar, elevar og foreldre. Regjeringa ser det som svært viktig å sikra ei god gjennomføring av desse reformene.

Med Reform 94 har all ungdom i Noreg fått ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Utviding av retten til utdanning for ungdom er eit gode for dei fleste. Men auka krav til utdanning fører og til at fallhøgda blir større for born og ungdom som ikkje greier å utvikla sine evner og anlegg innanfor utdanningssystemet. Dei sakkar akterut i forhold til jamaldrande og har problem med å få innpass i arbeidslivet. Ungdom med låg utdanning eller ikkje fullført utdanning utgjer ei spesielt utsett gruppe som står i fare for å falla ut av arbeidsmarknaden og bli permanent avhengig av sosialstønad. Gjennom kvalifiserings- og sysselsetjingstiltak vil regjeringa vidareføra innsatsen overfor ungdom som fell ut av utdanningssystemet.

Eigenutvikling og kreativitet

Eigenutvikling og kreativitet er berande prinsipp i regjeringa si satsing på ungdom. Ungdom er aktive utøvarar, skaparar og brukarar i kultur- og fritidsverksemd. Gjennom kultur- og fritidspolitikken er regjeringa opptatt av å sikra at ungdom sine behov og interesser blir tatt på alvor. Ungdom må sikrast sjanse til utvikling, og rom for deltaking og engasjement på eigne premiss. Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane spelar ei sentral rolle her. Regjeringa ser det som viktig at kultur- og fritidspolitikken blir lagt til rette slik at alle grupper ungdom får sjanse til deltaking i eit aktivt og mangfaldig kulturliv. Og at ungdom er kreative vil vi nok få sjå meir til under desse tre dagane her i Kristiansand!

Tilgangen på og utforming av møtestader i nærmiljøet og i lokalsamfunna har mykje å seia for korleis ungdom kan møtast, og for kva dei kan gjera. Både fritidsklubbar, allaktivitetshus, idrettsanlegg, frivillige organisasjonar og andre offentlege og private møteplassar er viktige. Seinare i dag skal eg sjå å allaktivitetshuset «Samsen» her i Kristiansand. Dette er eit hus som vi i Barne- og familidepartementet har støtta gjennom satsinga vår på ungdomstiltak i større bysamfunn, og som eg gler meg til å besøka.

Utviklinga innan media og auka bruk av informasjonsteknologi gir uante opningar for ungdom, men også utfordringar. Sjølv om det er lett å sjå innvendingar og problem knytte til den medieteknologiske utviklinga, så må vi ikkje miste av syne dei auka sjansane for kommunikasjon, kunnskap og læring som den nye mediesituasjonen opnar opp for. Regjeringa ser det som viktig å sikra alle unge god tilgang til informasjonsteknologi, og likeverdige sjansar for opplæring. Mediekunnskap må stå sentralt i dette arbeidet, slik at ungdom blir kritiske sjåarar og brukarar. Skulen har ei særleg viktig oppgåve her.

Forbruk, livsstil og verdiar

På samme måten som vaksne har mange unge i vår del av verda eit høgt materielt forbruk, og ein livsstil prega av materielle verdiar. Spørsmål knytta til vårt forbruksnivå er eit viktig politisk spørsmål, og det er eit viktig spørsmål i samband med verdidebatten. Eg er opptatt av at vi stiller spørsmål ved dei verdiane vaksensamfunnet formidlar til dei unge gjennom vår måte å leva på, gjennom auka kommersialisering, og gjennom hardare og meir omfattande reklame som i aukande grad også rettar seg mot born og unge. Eit solidarisk og humant samfunn byggjer på menneske som viser nestekjærleik, har omsorg for dei svakaste og tek ansvar for andre, for miljøet og for komande generasjonar. Mennesket er ikkje eit individ som fyrst og fremst har materielle behov, og ein aktørar i marknaden.

Vi kan ikkje overlata til marknaden å fastsetja mennesket sin verdi!

Eg trur det er viktig at vi tek det auka forbruket opp til drøfting med dei unge slik at dei sjølve blir meir medvetne i forhold til dette. Både foreldra, skulen og frivillige organisasjonar har eit stort ansvar her. Verdidebatten er på mange måtar ein reaksjon på voksensamfunnet. I arbeidet med å dempa det materielle forbruket er det derfor viktig at vi vaksne granskar våre verdiar og haldningar, slik at vi framstår som gode og truverdige førebilete for dei som kjem etter oss.

Samhandling og fellesskap

Å betra deltakinga, likestillinga og integreringa av born og ungdom med innvandrarbakgrunn i det norske samfunnet er viktig. I 1996 vart det lagt fram ein handlingsplan for barn og ungdom med innvandrar- eller flyktningbakgrunn. Planen omfattar eit breitt spekter av tiltak. Å betra vilkår og framtidshåp for ungdom med innvandrarbakgrunn, og å motverka polarisering mellom ungdomsgrupper bygd på etnisk bakgrunn, er viktige utfordringar for oss alle.

Samisk ungdom står overfor særeigne kulturelle spenningar og val. Utforming og oppfølging av ungdomspolitikken for samisk ungdom må ha som mål å skapa oppvekstmiljø der samisk- og norsk kultur ellers i størst mogleg grad har same status og kan opplevast som likeverdige. Regjeringa vil i samarbeid med Sametinget følgja opp Sametinget sin barne- og ungdomsplan.

Samfunnet blir stadig meir internasjonalisert, og kjennskap til eigen og andres kultur og språk blir ein stadig viktigare ressurs for ungdom. Regjeringa ynskjer at ungdom får betre sjanse til internasjonal kontakt og erfaringar. Eit viktig mål med dette er å fremja auka forståing, respekt og toleranse for andre sin kultur, bakgrunn og veremåte. Internasjonal erfaring og kunnskap er også viktig for å motvirka framandfrykt og rasistiske haldningar i ungdomsmiljøa. Noreg er mellom anna med i EU sitt utvekslingsprogram for ungdom - Youth for Europe - som rettar seg mot ungdom mellom 15 og 25 år. Dette er eit arbeid vi har gode røynsler med, og som regjeringa ser positivt på å føra vidare.

Gode nærmiljø

Problem som heng saman med vald, mobbing, kriminalitet, rus og rasisme blant ungdom har fått mykje merksemd i Noreg dei siste åra. Mange meiner at det har vore ei aukande brutalisering i ungdomsmiljøa dei seinare åra, samstundes som vi ser ein del negative trekk i samfunnet generelt. Dette er ei utvikling vi ynskjer å snu i positiv lei! Og skal vi få dette til er det viktig at vi alle «bryr oss», og at vi saman tar ansvar for å skapa gode og trygge nærmiljø.

Valdsutviklinga blant ungdom uroar oss, og det som særleg vekkjer uro er at valden ser ut til å vera meir grov enn før. Rasistisk motivert vald og konfliktar mellom ulike ungdomsgrupper er òg ein del av valdsbiletet, særleg i dei større byane. Innsatsen for å kjempa mot diskriminering, rasisme og framandfiendskap er difor ein viktig del av det valdsførebyggjande arbeidet. Fleire ungdomsgrupper og organisasjonar har engasjert seg i dette. Statlege styresmakter har støtta opp om dei unge sin innsats med økonomiske midlar, men for å lukkast ser vi det som avgjerande at dei unge sjølve engasjerer seg - på eigne premiss og på sin eigen måte.

Mobbing er eit anna «problem» som har vore mykje i fokus i Noreg dei seinare åra. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har styrkt arbeidet med å kjempa mot dette problemet i skulen - gjennom eit breitt samarbeid både med elevar, foreldre og lærarar. I Barne- og familiedepartementet har vi støtta forsking og utviklingsarbeid på området for å få betre kunnskap om kva som kan gjerast for å førebyggja mobbing - mellom anna ein stafett mot vald og mobbing gjennom «Landsforeininga Ungdom og fritid». Dette er eit arbeid som regjeringa vil føra vidare.

Når det gjeld rusmisbruk ser vi ei utvikling som vekkjer uro. Rusmisbruken til ungdom har endra seg dei seinare åra. Spreiinga av heroin og amfetamin, det aukande talet på unge som har erfaring med hasj og ecstasy, og ei utvikling i retning av meir liberale haldningar til narkotika gjev særskild grunn til uro. Mange av tabuane er i ferd med å forsvinna. Vi opplever at såkalla «vellukka brukarar» står fram og avdramatiserar verknadane, og vi opplever at mange gjer seg til talsmenn i forhold til avkriminalisering av lettare stoff. Det er klart at dette er signal som vert oppfatta også av ungdom.

Problem med bruk av alkohol utgjer likevel den største utfordringa i forhold til ungdom som i befolkninga elles. Det er nær samanhang mellom rus og vald, og alkohol er truleg ein av dei viktigaste årsakene til vald. Rusa unge menn er sterkt overrepresenterte både blant valdsmenn og blant dei som blir råka av vald. Mykje av valden skjer i helgene i nærleiken av skjenkestader.

Å førebyggja rusmisbruk står sentralt i ungdomspolitikken vår, og regjeringa har nettopp lagt fram ein handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel. Innsats i forhold til ungdom står sentralt her. At ungdom sjølv engasjerer seg gjennom frivillig arbeid i nærmiljø, organisasjonar og ungdomskulturelle miljø, ser eg som svært positivt. I arbeidet med å førebyggja rusmisbruk hos ungdom må heile samfunnet, og ikkje berre styresmaktene, engasjera seg. Det er mellom vener, i familien eller saman med skule- og arbeidskameratar at haldningar vert forma.

Framvekst og auka rekruttering til ekstreme ungdomsmiljø dei seinare åra utgjer òg eit alvorleg problem både for ungdom som blir fanga opp av desse miljøa, og for familiane og nærmiljøa deira. Regjeringa vil arbeida aktivt for å kjempa mot ei slik utvikling i ungdomsmiljø, mellom anna gjennom skulen og gjennom eit samarbeid med foreldre, frivillige organisasjonar og lokale styresmakter. I Barne- og familiedepartementet har vi støtta slikt arbeid i ein bydel i Oslo (Nordstrand), og resultat frå arbeidet syner at det er mogleg å snu ei uheldig utvikling. Vi har og støtta prosjektet Exit som organisasjonen «Voksne for barn» starta opp i fjor. Gjennom prosjektet skal det gjennomførast lokal tiltak som kan bidra til at unge med tilknytning til rasistiske og andre ekstreme miljø kjem seg raskast mogleg ut av slike miljø. Samstundes skal det gjerast ein innsats for å hindra rekruttering til slike miljø.

Samspel og samarbeid

Det offentlege ansvaret for heilskapen i ungdomspolitikken blir utøvd i eit samspel mellom sentrale og lokale styresmakter. Ansvars- og oppgåvefordelinga på ungdomsområdet stiller store krav til samarbeid og samordning, mellom forvaltningsnivåa og på dei enkelte forvaltningsnivå. Sjølv om det har skjedd mykje dei seinare åra, er det framleis for dårleg samspel mellom statlege og kommunale styresmakter om å utvikla ein heilskapleg politikk for ungdom.

Eg vil stimulera til at ungdom står sentralt på dagsorden i kommunar og fylke. Tverrsektorielt samarbeid og betre utnytting av ressursane må stå sentralt i arbeidet med å vidareutvikla det ungdomspolitiske arbeidet lokalt. Det er viktig at lokale styresmakter legg opp eit planmessig arbeid for å styrkja oppvekstmiljøet, og at ein ser samanhengen mellom offentlege tiltak og det arbeidet frivillige organisasjonar gjer. Regjeringa vil kvart år leggja fram eit dokument som syner mål og retningsliner for politikken for born og ungdom - slik at regjeringa kjem med einskaplege og klåre meldingar til kommunane.

Utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet

Som ein ledd i arbeidet med å betra oppvekstmiljøet har Barne- og familiedepartementet i år tatt initiativ til ei ny satsing - eit utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet. Ein viktig grunn til at vi har tatt initiativ til eit slikt utviklingsprogram er at vi ynskjer å styrkja og vidareutvikla barne- og ungdomspolitikken gjennom eit breitt samarbeid mellom offentlege og frivillige krefter. Å betra born og ungdom sine sjansar til deltaking, medverknad og meistring står sentralt i programmet. Samstundes skal innsatsen mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og rasisme i barne- og ungdomsmiljø styrkjast.

Lokal mobilisering er eit viktig stikkord for satsinga, og det er dei lokale ideane og initiativa som skal vera grunnlaget og utgangspunktet for det arbeidet som skal gjerast. Det er i lokalmiljøa at born og ungdom lever i kvardagen sin, og det er her ein må koma fram til idear og løysingar på korleis oppvekstmiljøet kan bli betre. Vi ynskjer at kommunane skal ta initiativ til dialog og samarbeid både med born og ungdom sjølve, med frivillige organisasjonar, med foreldra og andre ressurspersonar lokalt - og gjennom eit slikt samarbeid koma fram til ein strategi eller plan for arbeidet lokalt.

For å stimulera arbeidet med å skapa eit betre oppvekstmiljø vil regjeringa gje økonomisk stønad til lokalt, frivillig virke. I år har vi valgt ein forsøkskommune, og det er Kristinasand. Barne- og familiedepartementet vil løyva 1/2 million kroner til dette forsøket, der mykje av midlane vil gå til ungdomsstyrte aktivitetar mot vald, mobbing, rus og rasisme. Kommùnen i samarbeid med departementet vil så raskt som mogleg utforma forsøket i detalj. Vi ser fram til eit godt samarbeid, og er spent på røynslene frå arbeidet i Kristiansand.

I tillegg til å støtta opp om det arbeidet som skal gjerast lokalt - og som er det aller viktigaste - vil vi òg arbeida for å betra samordninga og samarbeidet om barne- og ungdomspolitikken mellom departementa. Det nye statssekretærutvalet for barne- og ungdomsspørsmål som regjeringa no har oppretta, vil spela ei viktig rolle her.

Avslutning

Eg vonar at desse tre dagane vil gje idear og inspirasjon - som kan vera med på å utvikla og styrkja ungdomspolitikken både lokalt og sentralt. Ikkje minst vonar eg at konferansen kan føra til betre dialog og meir samarbeid mellom ungdom, adei som fattar vedtak, fagfolk, forskarar og frivillige organisasjonar i åra som kjem.

Til slutt vil eg nytta sjansen til å takka dei unge som har laga den flotte diktsamlinga «Diagnose mennesket» som blir presentert her på konferansen.

Lukke til med konferansen - og med arbeidet vidare!

Lagt inn 27. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen