Historisk arkiv

Regjeringa sin barnehagepolitikk inn i det nye tusenåret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland
Barne- og familiedepartementet
Innlegg på barnehagekonferanse i Kristiansund 5. februar 1998

Regjeringa sin barnehagepolitikk inn i det nye tusenåret

Kjære forsamling!

Det er ei stor glede for meg å vera til stades her i dag og snakka om regjeringa sin barnehagepolitikk. Å snakka om barnehagepolitikk inn i eit nytt årtusen er ei stor utfordring. Tittelen har eg vald å tolka som eit teikn på at det har tru på at denne regjeringa vil vera den som har ansvaret for politikken inn i det nye årtusenet.

I salen sit folk med mykje erfaring frå barnehagesektoren - ordførarar, rådmenn, etatsjefar, barnehagekonsulentar, med fleire. Å få høve til å møte dykk, og få innspel på den politikken regjeringa legg opp til, er ein viktig inspirasjon i arbeidet mitt som statsråd. Eg har stor respekt for det arbeidet de alle - kvar på dykkar plass - gjer med å utvikle barnehagane til beste både for borna og foreldra. Eg synes óg det er flott at kommunane Sunndal og Kristiansund, i samarbeid med fylkesmannen, held denne barnehagekonferansen - og det er godt å vera på Vestlandet!

Regjeringa sin familie- og oppvekstpolitikk

Som de alle veit er familie- og oppvekstpolitikken eit høgt prioritert område for regjeringa. Vi har tru på familien, og vil derfor prioritera familien. Familien er den grunnleggjande sosiale eininga i samfunnet for fellesskap, verdiformidling, sosial læring og omsorg. Ingen kan fullt ut erstatta familien i å gje kjærleik og omsorg til eigne born. Samfunnet er heilt avhengig av familiar som fungerer. Ut frå familien kan ein byggje relasjonar både til andre familiar, til lokalsamfunn og organisasjonar. Dette er eit viktig utgangspunkt for regjeringa sitt arbeid i familie- og oppvekstpolitikken.

Men familien skal ikkje stå åleine om ansvaret. Arbeidet for å styrke familien inneber óg ei plikt for samfunnet til å ha ordningar som sikrar fullverdige tilbod om omsorg og gode oppvekstvilkår i situasjonar der heimen ønskjer hjelp til å ta hand om omsorgsoppgåvene.

For oss som politikarar er den viktigaste oppgåva å legga forholda tilrette slik at familiane kan fylla sine oppgåver, og bidra i forhold til dei familiane som treng støtte frå det offentlege.

Familiepolitikk og likestillingspolitikk heng saman. Regjeringa vil arbeida for ein familiepolitikk som styrkar likestillinga i samfunnet, og som gir menn og kvinner reelle sjansar til å delta på like fot både i arbeids- og organisasjonslivet og i familielivet. I regjeringa sitt grunnlagsdokument frå Voksenåsen står tre viktige punkt som føresetnader for auka valfridom og auka likestilling:

  • at barnefamiliane har økonomi til å velja omsorgsform
  • at dei som ønskjer det, kan få barnehageplass, og
  • at det blir gitt høve til fleksible arbeidstidsordningar.

For regjeringa er innføringa av kontantstøtte ei merkesak. Ei merkesak fordi vi ønskjer å sikra barnefamiliane reell fridom i val av omsorgsløysing for borna og ei meir rettferdig fordeling av offentlege midlar mellom dei som har barnehageplass og dei som ikkje har. Valfridom inneber at det både finst tilbod om barnehageplass for dei som ønskjer det, og at familiar som ønskjer andre omsorgsløysingar får økonomisk høve til eit slikt val. Det er òg ei viktig sak fordi det er eit klart fleirtal i folket som ønskjer ei slik ordning, og oppslutnaden er størst blant dei yngste i befolkninga. Det seier oss at dei som har skoen på best kjenner kor han trykkjer.

Situasjonen for dei fleste er at fasen der ein har små born, ofte fell saman med økonomiske krav knytt til etablering av bustad og nedbetaling av studiegjeld. Tidsklemma for mange foreldre med små born er stram. Ei stor gruppe foreldre ønskjer seg difor meir tid heime med borna, óg utover den perioden fødselspermisjonen omfattar. Nokre familiar vil ønskje andre typar omsorgsløysingar enn barnehage fordi det passar dei best. Sist men ikkje minst: Det er ikkje riktig at det berre er dei som har born i barnehage som skal nyta godt av offentlege overføringar. Dei må óg gjelda for familiar som sjølve tar omsorg for eigne born ved å arbeida heime eller vel andre gode omsorgsløysingar.

Ordninga med kontantstøtte skal innførast gradvis og gjelde for born frå 1 til 2 år frå august 1998 og born frå 2 til 3 år frå januar 1999. Kontantstøtta for kvart barn skal vera det same som statstilskottet for ein heildagsplass i barnehage. Det vil seie 36 140 kroner i inneverande år. Familiane kan velja om dei vil nytta kontantstøtta til barnehageplass, til andre omsorgsløysingar eller kombinasjonar mellom barnehage og andre løysingar. For dei som har deltidsplass i barnehage vil kontantstøtta bli avkorta.

Tysdag denne veka la vi fram høyringsforslag til korleis ordninga med kontantstøtte skal innrettast. Som vi trudde vekte dette stor interesse, og det skal verta spanande å sjå på dei høyringssvara som kjem inn.

Prinsippa bak kontantstøtta er tredelt. For det første er det viktig at foreldra får sjanse til å bruka meir tid saman med borna medan dei er små. For det andre er det viktig å sikra foreldra rett til sjølv å bestemme kva omsorgsform som passar best for dei, og for det tredje er det viktig å få meir rettferd når det gjeld offentlege overføringar til småbornsfamiliane. Vi legg opp til ei ordning som skal vera så enkel som mogeleg for brukarane å forstå, innanfor dei prinsippa som ligg til grunn. Det skal difor ikkje vera noko form for behovsprøving eller avkorting i forhold til andre støtteordningar.

Vi ønskjer tilbakemelding frå høyringsinstansane på korleis kontantstøtta skal forvaltast. Vi har utelukka ein rein trygdemodell der kontantstøtta vert utbetalt til alle, og at dette vert finansiert ved å trekka inn statsstøtta til barnehagane. Vi har og utelukka ein rein kommunemodell der det er den einskilde kommune som har ansvaret for innhenting av opplysningar om kven som har barnehageplass, og der kommunane sjølv står for utbetalinga av kontantstøtta. Det vi sender på høyring er ein kombinasjonsmodell der trygdekontora står for utbetalinga, og kommunane eller den enkelte barnehage rapporterer til trygdeetaten kven som har barnehageplass. Vi sender også på høyring to ulike modellar for avkorting av kontantstøtta for dei som har deltidsplass i barnehage.

Ordninga med kontantstøtte skal evaluerast. Dei erfaringane som då kjem fram, vil vera viktig både for innrettinga av kontantstøtta og den vidare opptrappinga for nye årskull. Vurdering av fordelingsverknader, verknader for likestilling og for utsette barn er blant dei momenta som ei evaluering må omfatta.

Som eg sa innleiingsvis har samfunnet plikt til å tilretteleggje ordningar som sikrar at alle born får gode nok omsorgstilbod, og ei særleg plikt i dei tilfelle heimen ikkje kan ivareta sine omsorgsoppgåver. Eg er svært oppteken av å sikra dei mest utsette borna. Desse borna skal ha det same vernet som før. Det er i dag heimel i barnevernlova for å sørgje for at spesielt utsette born får plass i barnehage. Den lova skal sjølvsagt framleis gjelde. Men eg trur at dei aller fleste foreldre er interesserte i at borna deira får best mogeleg omsorg - til dømes med ein kombinasjon av eit barnehagetilbod og kontantstøtte.

Og la meg understreka nok ein gong: Det skal ikkje vera snakk om å krevja vandelsattest eller alko-test for den del, for at foreldra skal få kontantstøtte.

Regjeringa sin barnehagepolitikk

Innføring av kontantstøtte skal ikkje svekka regjeringa sitt arbeid med å nå målet om full dekking av barnehagar. Tvert i mot: Tilbod om barnehage til alle som ønskjer det innan år 2000 - står fast. Skal vi snakka om valfridom må vi sørgja for at det er fleire alternativ å velja mellom.

Gjennom heile 90-tallet har det vore eit tverrpolitisk mål å skapa eit samfunn der barnefamiliane har så gode føresetnader som mogeleg for å løyse oppgåver i kvardagslivet - og at barnehagane er ein viktig del av dette. Det har vore brei oppslutnad i Stortinget om mange tiltak som er viktige for barnehagesektoren - eg nemner Rammeplanen som ei godt døme!

I tillegg til å sikra dei som ønskjer det tilbod om barnehageplass, er det viktig for regjeringa å sikra at barnehageprisane ligg på eit forsvarleg nivå. I det minste at dei ikkje aukar ut over prisstiginga.

Det er også viktig for regjeringa at det vert eit fleksibelt barnehagetilbod. Eg er svært kritisk til den A-4 politikken som har vore ført på familieområdet dei siste åra. Familiane har ulike livssituasjonar, ulike prioriteringar, og treng derfor ulike løysingar. Det er derfor også viktig at barnehagane legg opp sine tilbod slik at dei møter dei reelle behova den enkelte familie har.

Regjeringa meiner at barnehagen er eit viktig supplement til foreldra sin omsorg. Barnehagane representerer eit godt pedagogisk omsorgstilbod, og er eit viktig velferdsgode som ein del av eit godt oppvekstmiljø. Barnehagane er óg eit verdifullt tilbod til born med funksjonshemmingar, til born med innvandrarbakgrunn og som førebyggjande tiltak i barnevernet. Det mandatet barnehagen har for verksemda si, er nedfelt i lov og Rammeplan med plikter både for kommunane, private eigarar og den einskilde barnehage.

Det er fyrst og fremst brukarane, borna og familiane, som har nytte av barnehagane. Men eg vil óg leggja vekt på at barnehagane er med på å fremja andre mål i samfunnet. Når vi utformar barnehagepolitikken er det difor viktig å sjå denne i ein større samanheng. Barnehagar er viktig for likestilling mellom kjønna. Tilgang til barnehage er naudsynt for at vi skal oppnå likestilling mellom kvinner og menn i arbeids- og samfunnslivet. Barnehage er óg viktig for at einslege forsørgjarar kan vera i arbeid.

Eit godt barnehagetilbod er av stor verdi for næringsutvikling og sysselsetting, og det er eit viktig tiltak for å sikra busetnad i alle delar av landet. Vi har mange døme frå kommune-Noreg på akkurat det siste. Kommunane vil vera avhengige av god tilgang på arbeidskraft i eldreomsorga i åra framover. Barnehagar vil vera ein stort fordel i konkurransen når ein skal skaffa nok personell.

Eit viktig spørsmål for kommunane blir i kva grad kontantstøtta vil påverke behovet for barnehageplassar. Her vil eg åtvara mot at kommunar som i dag har eit stirt udekka behov for barnehagar legg vidare barnehageutbygging og planlegging til side. Det er snarare slik at eg vil oppfordra kommunane til å gjennomgå det reelle behovet for barnehageplassar, sett i lys av kontantstøtta.

Kommunal Rapport har nyleg gjort ei spørjeundersøking i kommunane som syner at berre vel 6 prosent av dei spurde kommunane vil redusere barnehageutbygginga i 1998 som følgje av kontantstøtta. Dette ser eg som eit teikn på at kommunane ser at ein valfridom ikkje er reell før ein kan tilby alle som ønskjer det ein barnehageplass.

Om det viser seg at barnehageutbygginga ikkje går som målsettinga, må vi vurdere ulike virkemiddel for å nå dette målet. Staten har gjennom fleire år lagt til rette for gunstige økonomiske tilskotsordningar som skal hjelpa kommunane. I tillegg har det, mellom anna gjennom Utviklingsprogrammet for barnehagane, vore satsa sterkt på å kunna gje kommunane god informasjon og rettleiing om korleis dei kan få bygd ut og utvikla barnehagesektoren. Når vi no held fram med den sterke satsinga på utbygging er det mi von at dette skal bidra til at det blir eit godt samarbeid for å nå dette målet. Vi er avhengig av ein felles innsats frå kommunar og statlege styresmakter!

Eg trur innføringa av kontantstøtte vil kunne vera ei mild tvang for dei kommunane som enno ikkje har utvikla fleksible barnehagetilbod, til å setje i gong. Eg er overtydd om at mange foreldre ønskjer å kombinere barnehage og meir tid til å vera heime. Og, ei viktig understreking: Kommunane treng ikkje vegra seg for å bygga ut plassar til små born, til det er det jamvel for få plassar i dag. Igjen vil eg understreka at ein ikkje har valfridom når det ikkje finst ledige barnehageplassar!

Barnehagane står på steget inn i eit nytt tusenår -kva for utfordringar blir det no viktig å gripa fatt i?

Stortinget har under budsjetthandsaminga hausten 1997 halde fast ved målet om at alle som vil skal få plass i barnehage i år 2000. I 1998 er målet 13 500 nye plassar - 9000 for born under 3 år og 4 500 for dei over 3 år.

Eg vil sterkt understreka trongen for å sikra nok barnehageplassar dei neste to åra.

Full dekking vil variere frå kommune til kommune, og det er framleis store skilnader i dekkingsgrad. Vi finn variasjonar i dekkingsgrad for 1-5 åringar frå 30-40 prosent og opp mot 90 prosent. I mange kommunar står det difor att ei god del utbygging for å oppnå målet om full behovsdekking. Dei offisielle tala frå 1996 syner at dekkingsgraden på landsbasis var 55 prosent for born i alderen 1-5 år. For 1- og 2-åringane var dekkingsgraden omlag 34 prosent.

Gjennomføringa av senka skulestart sist haust frigjorde 24 000 barnehageplassar. Vi kunne ikkje vente at alle desse plassane skulle bli nye plassar til små born, og det var grunn til å frykta nokre nedlagde plassar. Så langt ser det ut til at dei fleste plassane framleis er i bruk.

Sjølv om ein trur at mange vil ønskje barnehageplass, vil det óg vera mange som vil kombinere kontantstøtte med deltid barnehageplass. Det er ei viktig oppgåve for kommunane å sjå på det samla barnehagetilbodet i kommunen. Kva har vi? Kva treng vi i framtida? Kva skal vera kommunen sin innsats - og sist men ikkje minst: Kva kan gjerast for å sikra dei økonomiske føresetnadene for vidare privat drift når andelen små born i barnehagane aukar?

God planlegging er ein reiskap for å sikra systematisk utvikling av feltet i samsvar med dei mål som er sette. Eg minner om at kommunane har eit overordna ansvar for den samla utbygginga, jamvel om det er kommunen eller private som eig og driv barnehagane. Kommunen har eit spesielt ansvar både som eigar av barnehagar og som lokal styresmakt for sektoren. Som eigar har kommunen dei same pliktar og rettar som andre eigarar, og dei må stetta dei krava som barnehagelova og anna regelverk gir. Som styresmakt har kommunen ei sentral rolle etter barnehagelova. Det er kommunane som godkjenner alle barnehagar, fører tilsyn med drifta og gir rettleiing om korleis reglane er å forstå.

Kommunane må ut frå lokale forhold vurdera kor høgt utbyggingsnivået må vera for at alle som har behov for barnehage skal få tilbod om plass. Dette må gjelda alle! Det må ikkje vera slik at folk som har bruk for barnehage lar vera å søka plass fordi prisen er for høg. Mange faktorar tel med i ei vurdering av behov: til dømes demografisk utvikling, yrkesaktivitet blant småbarnsforeldre, oversikt over dei som ønskjer å arbeida heime og dei som ønskjer ein kombinasjon av yrkesliv og heimearbeid.

Det er særleg viktig at kommunane prioriterer å byggje ut fleksible tilbod til born under 3 år. Ein viktig faktor i planarbeidet er å finne ut i kor stor grad foreldra vil nytta kontantstøtta heilt eller delvis i 1998 og 1999, og om dei vil velja barnehage.

For at kommunane skal nå dei måla dei sett seg, er det viktig å ha ein barnehageplan som er nedfelt i overordna økonomiske planar. Det er ein styrke at barnehageplanen er basert på undersøkingar blant barnefamiliane i kommunen og deira behov for barnehageplassar. Det er viktig at kommunane har mest mogeleg oppdatert kunnskap om behovet. Innføring av kontantstøtte vil gjera behovet for dette endå sterkare!

Eit godt samarbeid mellom kommunane og private aktørar er naudsynt for å sikra ei best mogeleg utnytting av ressursane og for å hindra at det utviklar seg for store skilnader mellom ulike barnehagar. Samordning blir eit viktig stikkord.

Vel halvparten av barnehagane våre er private. Mangelen på samarbeid mellom private barnehagar og kommunane er spesielt uheldig no som talet på små born aukar i barnehagane og dekkinga generelt vert høgare. Dei private barnehagane er blitt endå meir sårbare reint økonomisk etter at 6-åringane gjekk over i skulen. For mange private barnehagar som berre har statstilskot og foreldrebetaling som inntekt, er det eit stort kostnadsproblem å nytta dei frigjorde plassane etter 6-åringane til plassar for små born. Innsats frå private eigarar har alltid vore viktig for utbygginga i sektoren.

Å leggja til rette rammevilkåra for stabil drift av private barnehagar er ei av dei største utfordringane framover. Regjeringa legg stor vekt på private barnehagar óg i framtida. Eg vil likevel nemna at eg ser skilnad på dei barnehagane som vert drevne etter «forteneste motiv» og dei som har eit «teneste motiv» for drifta, jfr. organisasjonar, kyrkjelydar og dei som har alternativ pedagogisk drift.

Vi veit at det er store skilnader i foreldrebetaling mellom kommunale barnehagar, heilt private barnehagar og private barnehagar med kommunale tilskot og vilkår. Familiar som ikkje får kommunal plass og har beskjeden inntekt, kan koma i klemme og måtte seia nei til privat plass av økonomiske grunnar. Men òg foreldrebetalinga i kommunale barnehagar er på veg til å bli uakseptabelt høg ein del stader. Særleg vanskeleg er dette for familiar med dårleg økonomi. Innvandrarar er ei stor gruppe blant desse.

Vi veit at det allereie i dag er mange familiar med låg inntekt som ikkje søkjer om barnehageplass av di foreldrebetalinga er høgare enn dei har råd til. Eg kan lova av vi skal følgje utviklinga i foreldrebetalinga nøye. Det er ikkje akseptabelt dersom foreldrebetalinga i snitt aukar meir enn prisaukinga. Det bør vera kommunane sitt ansvar å sikra ein forsvarleg foreldrebetaling både i kommunale og private barnehagar. Kommunane kan skaffa seg innverknad over foreldrebetalinga i private barnehagar ved å gje kommunal støtte kombinert med vilkår for foreldrebetalinga. Dette vil óg bidra til eit betre samordna barnehagetilbod i kommunane.

Vedtak i Sunndal kommune om barnehageprisar syner at dei tar dette på alvor, og dei har løyst det på ein god måte. Der har dei vald å la barnehageprisane følgja årstalet; i 1998 er prisen kr. 1998,- pr. mnd. I 1999 vil prisen bli kr. 1 999,- og i år 2000 vil det kosta kr. 2 000,- pr. mnd. for ein barnehageplass. Ei slik satsing fortener ros!

Slik regjeringa ser det, ligg det vel til rette for kommunane å kunna arbeida fram dei naudsynte planane for resten av barnehageutbygginga. Satsane for tilskot til barnehageplassar for dei yngste er auka, og vilkåra for tilskotet til delte plassar er endra slik at kommunane står friare. Den einskilde kommunen bør setta lokale mål og drøfta korleis ein vil finansiere dei plassane som står att å skaffa. Det vil i dei fleste kommunane innebere at private interessentar vert trekte inn i det kontinuerlege planarbeidet og i drifta av barnehagetilbodet.

Utviklingsprogrammet for barnehagane er i mål og har gitt mange røynsler som kommunane vil få ta del i våren 1998. I programmet stilte departementet tre sentrale spørsmål som 49 kommunar og Barnehageforbundet har arbeidd med i 3 år:

  • Korleis kan fleire born under 3 år få tilbod om barnehageplass?
  • Korleis kan vi organisera barnehagane slik at dei blir betre tilpassa brukarane sine behov, og
  • Korleis kan vi dempa kostnadsveksten i barnehagesektoren når talet på born under 3 år aukar?

Og svar har departementet fått.

I Møre og Romsdal har fire kommunar delteke i Utviklingsprogrammet: Kristiansund, Sunndal, Ålesund og Stranda. Alle fire har arbeidd veldig bra - kvar frå sin ståstad. De har prøvd ut nye organisasjonsformer som avdelingslause barnehagar og aldersintegrerte barnegrupper. OG: De har sett barnehagekvalitet i fokus. I rapporten frå fylkesmannen les vi mellom anna at dei tilsette meiner arbeidet i barnehagen er blitt meir utfordrande. Som ein førskulelærar seier: «Vi berre gjer det her hos oss.»

Stranda kommune tok utfordringa med 6-årsreforma på strak arm. Gjennom aktiv brukartilpassing og eit utstrekt samarbeid med næringsliv, private eigarar, organisasjonar med fleire har kommunen fått til fleksible barnehagetilbod som er imponerande!

Eit av spørsmåla fleire kommunar arbeidde med i Utviklingsprogrammet var «å dempa veksteni kostnader når fleire små born får barnehageplass.» Når ein talar om å dempa veksten i kostnadene, blir dette av mange sett på som ein trugsel for kvaliteten i barnehagen. Det er difor viktig at me no har fått fleire døme på korleis kommunar har arbeidd for å halde utgiftene i sjakk - samstundes som dei er opptekne av kvalitet. Mange kommunar har nytta brukarundersøkingar både blant foreldre - og faktisk óg blant born - for å få eit bilete av korleis brukarane opplever tilbodet dei får.

Det er mogeleg å dempa kostnadsveksten utan at det går utover kvaliteten i barnehagen. Spørsmålet er kva for slags strategiar ein skal velja, og korleis kvalitet kan definerast. Ein ting er sikkert. Det er ikkje mogeleg å få eit godt grep om dette utan å involvera dei som arbeider i barnehagane. Styrarane må få naudsynleg makt, fridom og støtte i endringsarbeidet som må til.

Erfaringane frå Utviklingsprogrammet vil vere viktige å ha med seg i åra som kjem. Oppfordringa mi i dag går til dei kommunane som ikkje har teke del i Utviklingsprogrammet - snakk med ein som har! Det kan koma mykje god lærdom ut av å bli betre kjend med naboen!

Departementet og fylkesmannsembeta vil leggja til rette for kontakt og oppfølging av kommunar med låg barnehagedekking. Dette vil mellom anna skje gjennom råd, rettleiing og informasjon. Dei kommunane som treng slik hjelp må gjerne ta kontakt sjølve!

Eg meiner vi er på god veg når det gjeld den pedagogiske utviklinga i barnehagesektoren. Gjennom Rammeplanen har barnehagane fått eit samfunnsmandat. Samfunnet har gjennom planen teke stilling til kva innhaldet i barnehagen skal vera. Rammeplanen byggjer på eit heilskapleg læringsomgrep. Omsorg for barnet og samspelet mellom den vaksne og barnet er eit viktig område for å læra gjennom opplevingar og eigne røynsler. Dette inneber at den norske - og den nordiske - barnehagen kombinerer omsorg, læring og tilsyn på ein måte som er unik i europeisk samanheng. Den norske barnehagemodellen får stadig meir merksemd i Europa, og det er vi stolte av.

Kommunane må fylgja opp den kvalitative satsinga frå staten si side. De har fått tilført mykje kompetanse, til dømes gjennom lokalt utviklingsarbeid i barnehagen, som må takast vare på og brukast i tida framover. Førskulelærarane er barnehagen sin viktigaste ressurs, og dei sit med mykje kunnskap om korleis barnehagane bør sjå ut for å møta brukarane i framtida. Det er viktig at de som politikarar og administratorar nyttar kompetansen til personalet og utviklar han!

Endringane i barnehage og skule gir ein stor trong for etterutdanning. Dette er fyrst og fremst arbeidsgjevarane sitt ansvar, men gjerne i samarbeid med høgskular, fylkesmenn og utdanningsdirektørar. Her bør alle gode krefter gå saman.

Avslutning

Vi skal kvalifisere borna vore inn i ei ny verd - eit nytt tusenår. Det er ei krevjande oppgåve der alle må spele på lag. Kva er det vi ønskjer å gje borna våre slik at dei er godt nok rusta ? Kva slags plattform skal dei ha med seg inn i den nye tida? Kva for verdiar blir viktige å gje vidare?

Eg trur ikkje det er enkle svar på desse spørsmåla. Men eg er overtydd om at det no, meir enn nokon gong tidlegare, blir viktig å tenkje heilskap i oppvekstpolitikken.

Ein heilskap som omfattar valfridom gjennom kontantstøtte, gode permisjonsordningar og barnehagetilbod.

Barnehagar er og skal vera eit viktig supplement til heimen. Eit supplement for å sikra alle born ein trygg og utviklande oppvekst og for å støtta foreldra i foreldregjerninga.

Barnehagesektoren må alltid vera i utvikling i takt med behova til familiane og samfunnet. Søkelyset må rettast både mot dei kvalitative og dei kvantitative sidene ved barnehagedrift. Dei private barnehage-eigarane, kommunane og staten må framleis dra lasset saman!

Vi treng eit nært samarbeid med kommunane og er opptekne av at det skal vera ein open dialog mellom oss og dykk for å nå måla på barnehageområdet. Staten skal sørgje for at rammevilkåra er best mogeleg i samsvar med mål og utfordringar. Det inneber óg at regjeringa vil vurdere om det er tenleg med ytterlegare ordningar for å stimulere til fleire barnehageplassar.

Eg ønskjer alle lukke til med det vidare arbeidet i kommunane - og lukke til med konferansen! Eg er overtydd om at de vil få mykje godt påfyll av kunnskap som er viktig for å gjera barnehagane endå betre - til beste for borna og familiane inn i det nye tusenåret.

Takk for meg!

Lagt inn 5 februar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen