Historisk arkiv

Tale av Barne- og familieministeren ved Bergenskonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Tale ved Bergenskonferansen

Fredag 23. januar 1998

Henry Ford har sagt følgjande:

«Å komme sammen er begynnelsen. Å holde sammen er fremskritt. Å arbeide sammen er suksess.»

I den politiske tida vi er inne i er dette viktig både for oss som sit i Regjeringa, i forholdet mellom Regjeringa og sentrumspartia på Stortinget, og for oss internt i KrF. Sjølv om vi har ulike roller og oppgåver er det viktig at vi har dei same visjonane, same politiske mål, og at vi saman bidrar for å realisera dette.

Det er mange KrF-arar som er i viktige posisjonar. Vi har 1 statsminister, 8 statsrådar, 25 stortingsrepresentantar, 85 fylkestingsmedlemmer, over 1 100 kommunestyrerepresentantar, og vi har over 50 000 medlemmer. Akkurat dette perspektivet er det viktig vi har når mykje av fokus vert retta mot Regjeringa. Flesteparten av dei som arbeider for dei politiske visjonane til KrF, er ikkje i Regjeringa. Dei fleste av dei som er opptekne av KrF sin politikk er ikkje aktive politikarar sjølve eingong. Det er viktig at vi lyttar til kvarandre og tar på alvor signal som kjem frå ulike nivå. Sentralstyret, Landsstyret, sideorganisasjonane, lokal- og fylkespolitikarar har ein unik sjanse til å påverka den politikken som vert ført dersom ein ligg i forkant av det Regjeringa arbeider med, og ved på ta eigne initiativ.

Regjeringa er ikkje sett til å føra rein KrF-politikk, men sentrumspolitikk med utgangspunkt i Voksenåsen-erklæringa. Det må ikkje bli slik at det er eitt parti som er vinnaren og to parti som er taparane i regjeringsarbeidet, slik ein del motstandarar prøver å framstilla det. Regjeringa samla sett har styrka posisjonen sin ganske mykje etter valet. Det er ei regjering med eit felles grunnlag. Vi skal sette KrF-preg på politikken, men vi kjem alle til å oppleve skuffingar både fordi vi ikkje har fleirtal bak oss i Stortinget, og fordi denne regjeringa må finne fram til kompromiss som tek omsyn til at det er tre ulike parti. Som statsråd og leiar av eit av regjeringspartia er det viktig for meg å seie at kritikk og uttrykk for skuffingar er mest konstruktivt dersom den kjem direkte til dei det gjeld, og at helsingane ikkje vert send via avisene.

Regjeringsdanninga

Regjeringa består av eit topp motivert og kvalifisert mannskap. Vi har ein statsminister i spissen som skårar høgt i popularitet hos folk flest, og som får ros frå media og politiske med og motspelarar for sitt arbeid. Det fortener han! Og vi treng eit toppa mannskap, for dei politiske «hvetebrøds-dagane» er over, og den politiske kvardagen er startar med hardt arbeid for å få gjennomslag for våre visjonar og prioriteringar.

Det vi såg då vi skulle setje saman regjeringskabalen var kor mange dyktige personar vi har å ta av i KrF. I samansettinga av Regjeringa har vi prøvd å ta fleire omsyn, mellom anna geografi, kjønn, alder, og sist men ikkje minst, erfaring. Vi veit at ikkje alle er nøgd med utteljinga for sitt fylke i Regjeringa. Men eg vil minna om at denne Regjeringa ikkje vil bli hugsa for, eller målt etter, kor mange som er frå Møre og Romsdal, Telemark eller Akershus, men for kva vi presterer og for gjennomslag vi får.

Arbeidet i Regjeringa

Kyoto-avtalen

Før jul vart det semje om den viktige klimaavtalen i Kyoto. Dette er ein viktig avtale, men vi skal vera klar over at avtalen langt frå er nok i høve til det som må gjerast for at vi skal hindra ein alvorleg menneskeskapt klimaendring på jorda med mellom anna auka temperatur og den ubalansen i heile økosystemet det fører med seg.

Regjeringa fekk kritikk for at vi ikkje var offensive nok i dei posisjonane vi tok før forhandlingane i Kyoto. Vi ønskte først og fremst ein miljømessig mest mogeleg ambisiøs avtale, og vi la i tillegg opp ein fleksibel strategi der vi ville vera opne for utviklinga i forhandlingane. Det er sjølvsagt mogeleg å vera ueinig i den strategien, men eg meiner at når ein i ettertid seg korleis forhandlingane var nær ved å bryta heilt saman, var dette ein god strategi. På fleire områder hadde Regjeringa andre føresetnader for forhandlingane enn det Jagland-regjeringa hadde, og kritikken som kom fram var difor grunnlaus på fleire områder:

  • For det første la vi opp til ei forplikting til å gjennomføra nasjonale tiltak slik at ingen skal kunne «kjøpa seg fri», sjølv om det i avtalen skulle verta opna for felles gjennomføring og handel med kvotar.
  • For det andre understreka vi at prinsippet om å rekna med opptak av CO2 i skog, ikkje måtte koma i konflikt med konvensjonen om biologisk mangfald
  • For det tredje la vi til grunn for forhandlingane at avtalen skulle hindre land i å «låna utslepp frå framtida»
  • Og til sist har vi som grunnlag ein betre politikk nasjonalt med nei til gasskraftverk, større vilje til å satsa på alternativ energi og enøk-tiltak, og målsettinga frå Voksenåsen-erklæringa om å stabilisera CO2-utsleppa på 1989- nivå innan år 2005

Resultatet av forhandlingane er at vi har forplikta oss til å redusera utslepp av klimaskadelege gassar i Noreg med vel 5% i høve til det nivået vi ligg på i dag. Vi må setje i verk tøffe tiltak for å nå dette målet. Politikken i Noreg har fram til no vore basert på ein tankegang om vekst som målestokk på framgang og utvikling. Eit resultat av dette er at ein godtek, og faktisk legg opp til ein auke i utsleppa av klimagassar. Dersom vi skulle fortsette denne utviklinga utan å ta nokre grep, er det forventa at utsleppa i Noreg vil auke med 18% frå 1990 til 2010. Den oppgåva vi står framfor i samband med innfriing av Kyoto-avtalen er å endra premissa for den vekstpolitikken som har vore grunnlaget, og legge ein ny tankegang til grunn.

I tillegg har vi i Voksenåsen-erklæringa sagt at vi vil arbeida for at reduksjonen av mellom anna CO2 skal vera større enn det Kyoto-avtalen forpliktar oss til. Frå Voksenåsen har vi sagt at innan år 2005 skal CO2-utsleppa vera på 1989-nivå. Oppfylling av eigne nasjonale forpliktingar kan syne at Noreg ønskjer å vera eit føregangsland på denne fronten.

Regjeringa skal leggja fram ei eiga stortingsmelding der vi gjer greie for konsekvensane av Kyoto-avtalen, og kva tiltak Regjeringa vil iverksette slik at måla i avtalen vert innfridde. I ein slik diskusjon om konsekvensane vil spørsmålet om bygging av gasskraftverk stå heilt sentralt. Regjeringa står fast på at planane om å bygga gasskraftverk i Noreg er eit feil grep. I ein situasjon der utfordringane er å redusera utsleppa med omlag 5%, seier det seg sjølv at å bygga gasskraftverk, og dermed auke utsleppa av CO2 med 5-6%, mildt sagt er uklok politikk. Ei bygging av gasskraftverk vil gjera oppgåva med å redusere utsleppa endå vanskelegare, og vil i endå større grad ramma industri, lokalmiljø og samferdselssektoren. Kyoto-avtalen endrar premissa for den konsesjonssøknaden som er send for bygging av gasskraftverk. Sjølv om oppfølgingskonferansen som skal avklara spørsmål omkring handel av kvotar skulle gje rom for dette, så vil det uansett endre dei økonomiske rammebetingelsane for gasskraftverka i og med at eigarane sjølv må betala for dette. I tillegg skal vi ha ein runde om oppfølging av «Grøn skattekommisjon» i Stortinget som i sterk grad vil kunne endra det økonomiske grunnlaget for gasskraftverka. Vi skal vera klar over at utsleppa frå dei to planlagde gasskraftverka tilsvarar utslepp frå 700 000 bilar. Auke i utslepp i ein sektor må få konsekvensar for utsleppa i andre sektorar.

For at vi skal kunna oppfylla dei forpliktingane vi har påtatt oss gjennom Kyoto-avtalen, og dei forpliktingane vi har formulert i Voksenåsen-dokumentet, er vi avhengige av ein brei innsats. Vi skal ikkje og kan ikkje kjøpe oss fri for dei forpliktingane vi har tatt på oss. Vi er difor avhengige av fleirtalet på Stortinget, vi er avhengige av tiltak i industrien, vi er avhengige av ei anna utvikling innan samferdselssektoren, og vi er avhengige av lokal innsats der de som lokal- og fylkespolitikarar er sentrale. Dette kjem til å krevje mykje av oss som politikarar på ulike nivå. Men kostnadane vil verta større dersom vi ikkje set i verk dei tiltaka som er nødvendige.

I valkampen i 1995 la KrF fram ei klimatiltakspakke med ei rekkje forslag til kva som kunne gjerast for å redusera klimautsleppa. Vi ville syne at det var mogeleg og nødvendig med ei omlegging av politikken for å nå den klimamålsettinga stortingsfleirtalet tidlegare hadde fastsett. Mange element i denne pakka er ting som bør følgjast opp lokalt. Kommunane og fylkeskommunane har stor påverknad både i forhold til tiltak dei sjølv kan sette i verk, og gjennom krav dei kan sette til sine samarbeidspartnarar. I klimapakken peikte vi mellom anna på:

  • innføring av lokal vegprising og bompengeavgifter
  • tilrettelegging for bilar som går på elektrisitet
  • arealplanlegging som krev mindre transportbehov
  • innføring av parkeringsavgift ved bilbaserte kjøpesenter
  • kollektivtilbod til store kjøpesenter
  • ENØK-satsing i offentlege bygg
  • stimulering til bruk av alternativ energi
  • betre handtering av søppel med betre sortering og gjenvinning

Sjølv om desse forslaga vart lagt fram for over to år sidan er det ingenting som skulle tilseie at dei ikkje skal takast fram igjen i dag. På alle desse områda er det mykje uprøvd endå i alle kommunar.

For ei god stund tilbake var det ei undersøking i Dagbladet som viste at KrF sine lokalpolitikarar var av dei som tok færrast initiativ i miljøsaker i kommunane. No var det mykje å sei om denne undersøkinga, men i denne klimatiltakspakken er det nok av «ferdiglagde gjerningar» som vil profilera KrF som eit lokalt miljøparti.

Distriktspolitikk

I Noreg står vi også framfor store utfordringar når det gjeld distriktspolitikken. I dag opplever mange kommunar at det skjer ei fråflytting. Dei siste 10 åra har det skjedd ein netto fråflytting frå 231 av kommunane i landet vårt. For enkelte kommunar kan ei lita fråflytting vera avgjerande om dei får behalda skulen, butikken og posten. Dette er ei utfordringa Regjeringa har forplikta seg til å ta tak i gjennom Voksenåsen-erklæringa. Det er ikkje noko Sp-krav, men eit satsingsområde heile Regjeringa stiller seg heilt og fullt bak.

Vi skal ikkje ha illusjonar om at det er noko lett oppgåve å stabilisera og snu denne fråflyttinga, og det er ikkje eit område der enkle tiltak gjev stor effekt på kort tid. Det skal vi som rikspolitikarar og de som lokalpolitikarar vera klar over, og ha forventningar som svarar til.

I distriktspolitikken er det mange forhold som er viktig for at det ikkje skal skje fråflytting. Det må sikrast arbeidsplassar, og særskilt er det viktig med kvinnearbeidsplassar. Det må sikrast eit rimeleg service- og tenestetilbud i distrikta, og det må vera eit tilfredsstillande kommunikasjonstilbud.

Nå det gjeld arbeidsplassar er det viktig at forholda for dei minste bedriftene vert betra, og det er eit arbeid Regjeringa er i gang med. Den teknologiske utviklinga gjev nye sjansar for distrikta til å etablera topp moderne arbeidsplassar. Det er derfor viktig at vi arbeider med kompetanseoppbygging på dette området som kjem heile landet til del. I tillegg er det viktig at vi sikrar arbeidsplassane innan dei næringane som tradisjonelt har vore dei viktigaste i utkantane; jordbruk, skogbruk og fiske. Desse næringane sin vidare eksistens er avhengig av fleire forhold. Utgangspunktet er ei forsvarleg forvalting av ressursgrunnlaget. Men det er også ei viktig oppgåve å sikra desse næringane gode rammevilkår å fungera under.

I høve til landbruket kan det synast som om målet med politikken som har vore ført dei siste åra har vore rasjonalisering, effektivisering og låge prisar for forbrukarane. Konsekvensane av ein slik politikk er store, ikkje berre i høve til nedlegging og fråflytting, men også i samband med ressursforvaltinga. I dette finn vi ein dobbeleffekt. Landbruket er avhengig av ressursforvaltninga for næringsgrunnlaget sin del, og miljøet er avhengig av ei forsvarleg ressursforvaltninga for balansen i økosystemet. Dei store globale utfordringane som ligg i redusert matvaretryggleik, reduksjon i det biologiske mangfaldet og redusert matvarekvalitet, er felles utfordringar for politikarar og produsentar, og må få innverknad på kva for ein politikk vi fører og måten vi produserer på i Noreg.

KrF har i sitt program ei målformulering om at inntektsutviklinga for dei som arbeider i landbruket må sikrast på eit nivå med industriarbeidarar, og at det skal oppmuntrast til økologisk produksjon. Dette er følgd opp med klare formuleringar i Voksenåsen-dokumentet.

I samband med behandlinga av budsjettet i haust gjekk alle partia på Stortinget, bortsett frå Framstegspartiet, saman om ein viktig fleirtalsmerknad om målsetjingar og utvikling i landbruket framover. Fleirtalet var einig om at eit livskraftig landbruk er ein av føresetnadane for å nå målet om å oppretthalda hovudtrekka i busetjingsmønsteret. Det var også semje om at det skal satsast på eit miljøvennleg landbruk, og om å sikre inntektsutviklinga i denne næringa. Dette er ein svært viktig merknad fordi det her er eit breitt fleirtal som er einige om mål og til dels verkemiddel. Det gjev forutsigbare rammevilkår som er viktig for rekrutteringa til yrket.

Utviklinga i retning av ein mindre arbeidsintensivt produksjon med meir bruk av maskiner, meir bruk av sprøytemiddel og kunstgjødning har ikkje vore udelt positiv. No skal ikkje eg gjere meg til talskvinne for urealistiske og romantiske ideal for landbrukspolitikken, men krava om mest mogeleg effektiv produksjon som har vore rådane dei siste åra har ført til ei utvikling på bekostning av ressursgrunnlaget. Eg trur ikkje utelukkande låg pris skal vera den konkurransefordelen norsk landbruk skal streva etter. Særleg ikkje når ein ser den store fokus det er på rein mat-problematikken i dag.

Som eit apropos tar eg med ein skuleungdom si skildring av si arbeidsveke på ein gard, og konsekvensane den maskinelle utviklinga har hatt for landbruket og dei som arbeider der:

«Vi arbeidet på skift i åkeren og i stallen, men likevel hadde vi stor hjelp av de maskinene som etterhvert er oppfunnet. Ikke minst melkemaskinen har betydd mye for bonden og hans kone.»

Kommuneøkonomi

Kommunane sin økonomi er eit tema eg trur alle i denne salen er opptekne av. Regjeringa fekk i haust noko kritikk for at auken i overføringane til kommunane stort sett kom i form av øyremerkte midlar. Eg trur ikkje innbyggarane i kommunane er så opptekne av om service- og velferdstilbodet dei har er eit resultat av rammeoverføringar eller øyremerka midlar. Dei er opptatt av om dei får barnehageplass til borna, ventelista på sjukehuset, og tilhøva på eldreinstitusjonane. Det er først og fremst ordførarane og lokalpolitikarane som lar seg begeistre av «betring i kommuneøkonomien» dersom det også medfører «mindre øyremerkte midlar». Inntektsgrunnlaget er ein eigen debatt som eg ikkje skal gå inn i no, og det er sjølvsagt viktig for lokaldemokratiet at dei som er nærmast det lokale nivået får forvalta noko av pengane. Men når vi ser dei store uløyste oppgåvene innan eldreomsorga, helsevesenet og i skulen, så er det òg eit stateleg ansvar at det vert overført midlar til dette på ein måte som sikrar oss ei målretta bruk av desse ressursane.

Eldrepolitikk og helsepolitikk er saker som har vore i fokus dei siste valkampane. Denne Regjeringa må klare å vise til at det har vorte resultat av dei lovnadane vi kom med i valkampen og som er formulert i regjeringa sitt grunnlag. Eg trur derfor vi må akseptera at det framleis vil vera ein god del øyremerka midlar i overføringane til kommunane.

Løftebrytarar?

Det har i mange artiklar og kommentarar vorte prøvd å skapa eit bilde av Regjeringa som løftebrytarar. Det er ei stor utfordring for Regjeringa at ein ventar seg mykje av det arbeidet vi skal gjera. Men å kalla oss for løftebrytarar etter nokre månader, er for drygt. Regjeringa har to sentrale dokument som vi skal målast etter. Erklæringa frå Voksenåsen er eit dokument som gjeld for ein periode på 4 år, og må derfor vurderast i lys av det.

Det andre dokumentet er 100-dagarserklæringa som dei tre regjeringspartia la fram i valkampen. Her ville partia syne kva som var det viktigaste å arbeide med frå starten av. Denne veka markerte vi nettopp Regjeringa sine første 100 dagar, og det er difor interessant å sjå kva vi har fått til. Om vi held løfta vi gjev, eller om vi er løftebrytarar. Statusen på 100-dagars erklæringa er denne:

  • vi har starta det førebuande arbeidet for ein grundig gjennomgang av «forskjells-Norge»
  • vi har fått fleirtal på Stortinget for ein auke i minstepensjonen med kr. 1 000,- pr. månad
  • det er løyvd pengar til innføring av kontantstøtte, samstundes som vi legg opp til utbygging av barnehageplassar
  • vi arbeider med ei melding til Stortinget på bakgrunn av Kyoto-avtalen, der spørsmålet om bygging av gasskraftverk vert vurdert.
  • gjennom budsjettframlegget vart løyvingane til sjukehusa auka, både for å dekka auka lønnskostnader og for innkjøp av teknisk utstyr
  • i statsbudsjettet vart det fremma forslag om fleire sparestimulerande tiltak for å dempa den private forbruksveksten
  • det er sett i gang arbeid med handlingsplan for små og mellomstore verksemder
  • vi foreslo ein auke i stipenddelen i statsbudsjettet
  • vi la fram forslag om meir pengar til politi- og lensmannsetaten for å intensivera arbeidet mot kriminalitet
  • kommunane sin økonomi vart styrka og gjennom det er det tatt grep for å forsøka å snu trenden med fråflytting frå distrikta
  • sett i gang arbeid med melding om ei meir open offentleg forvaltning

Vi er ikkje ferdig med alle desse sakene, men nokre saker er innfridd, nokre saker har vi sett i gang arbeidet med, og gjennom budsjettet i haust fekk vi gått nokre steg i rett retning i høve til fleire av desse områda. Vi er ikkje i mål, men vi kan dokumentera at vi held ord!

Midt-Austen

Det har frå enkelte hald vorte reist kritikk mot Utanriksdepartementet si engasjering av Terje Rød-Larsen som spesialrådgjevar for Midt-Austen. Det ligg ikkje noko spesielt i eit slikt engasjement. Det er heilt vanleg at Utanriksdepartementet frå tid til annan engasjerer spesialrådgjevarar for kortare eller lengre periodar. I denne saka var det partane, og eg understrekar fleirtalsforma eg brukte, partane, som ønskte at Rød-Larsen skulle bli engasjert. Han har eit stort kontaktnett i Midt-Austen, og nyt stor tillit frå begge partar i konflikten. Det ville vore underleg om Regjeringa, som ønskjer å spele ei aktiv rolle i fredsarbeidet, ikkje skulle etterkome eit slikt ønskje. Noreg sitt engasjement har heile tida basert seg på partane sine ønskjer og behov. Fredsprosessen har lenge stått i stampe, og det har vore frykt for kva konsekvensane ville bli dersom prosessen skulle bryte saman. I ein slik situasjon må vi ikkje sette oss på bakbeina i høve til dei tinga det er semje om, og som er uproblematisk å gjere noko med. I vårt partiprogram står det at vi skal arbeida for «en fredsløsning for Midt-Østen som sikrer Israel og palestina-arabernes rett til eksistens innenfor internasjonalt anerkjente grenser.» Dette ligg også til grunn for Regjeringa sin politikk for Midt-Austen.

For alle som er opptatt av fredsprosessen burde det vera viktigare å lytte til det partane sjølv seier, og ikkje til det ein vil dei skal seie.

Verdimobilisering

Det er vel få som hadde drøymt om at vi skulle oppleva ein slik debatt om ikkje-materielle verdiar i politikken som det vi har opplevd etter regjeringsskiftet. I KrF har vi for lenge sidan vedteke at 1998 skal vera eit år der vi skal fokusera på verdipolitikk. At desse to tinga no fell saman gjev oss ein stor sjanse til å skolera oss internt, og vera med i den eksterne debatten. Det er i samband med dette laga eit studieopplegg som vert presentert på denne konferansen; «Verdimobilisering inn i et nytt årtusen». Dette rettar seg mellom anna mot dykk som lokalpolitikarar. I tillegg vil Verdikommisjonen koma i gang med sitt arbeid, og vi håpar dette skal leggja grunnlaget for ein brei verdidebatt. Utfordringa går til organisasjonar, kyrkjesamfunn, einskildpersonar - og oss i KrF. Eg trur det er viktig at vi er villig til å setja eit kritisk lys på oss sjølve, og ikkje tru at verdidebatten er «for dei andre», medan vi sit og ventar på at dei skal bli einige med oss. Gjennom studieopplegget får vi utfordringar det er viktig for oss som parti å sette på dagsorden og arbeide med, og gjennom dette arbeidet vere med å delta i debattar og gje innspel i høve til Verdikommisjonen sitt arbeid.

I verdidebatten er det ein fin balansegang mellom verdimobilisering om moralisme. Det er ikkje noko mål å få eit peikefinger-samfunn med lover og forskrifter som skal regulera alt. Men ein verdidebatt som ikkje får konsekvensar for vår moralske adferd har liten verdi, og vil ikkje medverke til å motverke ein del av dei negative utviklingstrekka som vi ser i samfunnet i dag.

Journalisten og forfattaren Håkon Harket peikar på dette i boka si «Kunsten å stå stille»:

«Den utrettelige opprettelsen av etiske råd og utvalg bekrefter den utbredte nyskjerrigheten på etiske problemstillinger, men samtidig fôres vi med høyrøstede skrekkhistorier om betrodde tjenere som har spist av lasset, næringslivsledere som ikke eier skam og politikere som juger så det renner. Det pussige er altså at mens etikk er på moten, later moralen til å ha falt drastisk i kurs.»

Ein del av denne verdimobiliseringa er også at vi klarar å få eit perspektiv ut over våre eigne grenser. I 1997 sette vi Nord-Sør på dagsorden i partiet. Det førte til ein stort engasjement over heile landet med markeringar av ulike slag, og det førte til eit auka engasjement i forhold til denne problemstillinga. Når vi skal ha ein verdidebatt, er det heilt nødvendig at vi klarar å videreføra og vidareutvikla dette Nord-Sør engasjementet.

1998 er også året for markering av 50-års jubileet for FN sine menneskerettar. Lokale markeringar av dette vil vera viktig i dette jubileet for å auka fokus på menneskerettane. Det er ikkje festen, men påminninga og handlinga som er viktig i denne feiringa. I alle kommunar finn vi menneske som har måtta flykta frå heimland og familie. Dei kan læra oss noko om kor viktig det er at menneskerettane vert respektert, og læra oss å setta pris på korleis vi har det. Mange kommunar har også hatt flyktningar som har reist heim til landet dei måtte flykta frå. Gjennom slike kontaktar kan din kommune knyta band og gjera ein aktiv innsats for menneskerettar og mot overgrep, undertrykking og nød.

Forbruk og grøne skattar

I vår ideologi er tanken om at vi har fått jorda sine ressursar til låns sentralt. Det stiller store krav til politisk innsikt og langsiktig tenking både sentralt og lokalt. Det er mellom anna dette som gjer at vi på denne konferansen og i verdidebatten har ei vektlegging av dette, og at eit av dei sentrale temaane denne helga er utfordringa om eit lavare, berekraftig forbruk.

I formuleringane frå Voksenåsen har Regjeringa tatt på seg ei stor oppgåve i høve til målsettinga om redusert forbruk. Dette bryt så totalt med den politikken som har vore ført til no, og forventningane frå folk om at for kvart år skal det vera ein vekst i forbruket. Kanskje den pedagogiske utfordringa vert nesten like stor som den politiske utfordringa for å få gjennomslag for dette? Det er klart at dette er ikkje mogeleg for ei regjering å gjennomføra dersom det ikkje er legitimitet for det i folket.

I det nye studieopplegget er det eit sitat frå Steinar Lem frå Fremtiden i Våre Hender. Han seier dette:

«Hvis temperaturen i et rom er 11 grader, er det god politikk å øke den. Trivselen til den som oppholder seg der vil stige hvis temperaturen når 18 grader. Noen liker 23, er du sterk tåler du kanskje 32 grader. På et eller annet tidspunkt vil «øk temperaturen»-politikk føre til lavere livskvalitet. Drømmen om evig vekst i forbruk er åndelig usunn, og økologisk livsfarlig. Det er kreftcellens logikk.»

Vi er inne i ein politisk epoke i Noreg der vi har vore meir opptatt av optimal temperatur enn av optimal trivsel. På fleire av seminara i morgon vil vi møte morgondagens utfordringar i høve til kva som skal leggast til grunn for kommunal planlegging. Er vekst ein føresetnad? Kva plass har estetikken? Korleis nyttar vi areala vi er sett til å forvalta? Til asfalt eller grøne lunger?

I tillegg til å redusera forbruket, har vi også utfordringane knytt til handtering av det avfallet vi produserer. Trass i at vi i dag gjennvinn meir søppel enn nokon gong tidlegare, veks søppelberget i Noreg. Handtering av dette avfallet slik at ressursane som ligg i dette vert utnytta er difor svært viktig.

I Barne- og familiedepartementet har vi no sett i gang arbeidet med ei forbrukarmelding. Det er 20 år sidan det sist vart laga ei forbrukarmelding, og mykje har skjedd på forbrukarsida etter det. I meldinga vil vi ha ein overordna og ideologisk forankra diskusjon om spørsmål kring forbruksnivå og det forbrukarsamfunnet vi lever i. Vi vil også sjå på korleis forbrukarane kan stimulerast til eit meir miljøvennleg levesett, og gjennom det oppnå ein meir berekraftig produksjon og forbruk. Vi har òg sett at marknadsføringa mot oss som forbrukarar har endra seg når det gjeld omfang, metodar, form og innhald, og at reklamen har vorte meir aggressiv. Eg er særleg oppteken av reklamen som rettar seg mot born og unge, og det kjøpepresset dei opplever over alt. Kva verdiar vil vi eigentleg gi dei?

Det har lenge vore eit mål for oss i KrF å dreia skattepolitikken i ein grøn retning. Det vil seia meir skatt på det vi ynskjer mindre av, og mindre skatt på det vi ynskjer meir av. KrF har gjennom dei siste åra på Stortinget vist vilje til å auka ein del skattar og avgifter, til dømes auke i CO2-avgifta. Det vart ikkje fremja forslag om dette i Regjeringa sin tilleggsproposisjon i haust. Ikkje fordi Regjeringa er imot dette, men fordi Regjeringa er i gang med eit omfattande arbeid med «Grøn skattekommisjon» sine forslag. Tanken bak kommisjonen sine forslag er nettopp det KrF har arbeid for i fleire år; eit skattesystem som oppfordrar til å ta vare på miljøet.

Akkurat som med gjennomføringa av klimaavtalen er dette endringar som er nødvendige, men som også vil føra med seg krav om omstilling innan mange sektorar. Vi har kanskje hatt ein tendens til å vera fór mange gode tiltak, men ikkje av konsekvensane av tiltaka. Omlegging av skattesystemet i den retninga kommisjonen peikar ut er nødvendige, men for ein del industristader vil innføring av grøne skattar kunne ha konsekvensar for arbeidsplassane.

Kontantstøtte og barnehageutbygging

Det var ein stor siger for Regjeringa og KrF då vi i haust fekk fleirtal i statsbudsjettet for innføring av kontantstøtta. I desse dagar arbeider vi på spreng i departementet for å ferdiggjera høyringsutkast om innrettinga av kontantstøtta. Etter høyringa skal det endelege forslaget leggast fram for Stortinget. Det som er grunnlaget for ordninga frå Regjeringa si side står formulert i Voksenåsen-dokumentet:

  • meir valfridom for barnefamiliane
  • sjanse for foreldra til å bruke meir tid saman med borna
  • og meir rettferdig fordeling av offentlege overføringar til barnefamiliane

Det gjer at vi aksepterer foreldra sine eigne val av korleis ein nyttar kontantstøtta, og korleis dei ordnar omsorga for borna sine. Men det er borna sitt beste som er viktigast for Regjeringa.

Det har vorte sagt at eg vil innføra vandelsattest for dei som skal kunne motta kontantstøtte når eg har peika på at dei utsette borna sine interesser må takast vare på. Det har også vorte brukt uttrykk som «moralsk politi» og «kvalitetskontroll» av foreldra.

Vi har i dag eit barnevern i Noreg som skal arbeide til det beste for borna. Og vi skal sjølvsagt ha eit barnevern i dette landet også etter at kontantstøtta vert innført! For barnevernet er dialog og samarbeid med foreldra viktig. Til beste for borna skal dette også vera det viktigaste i framtida.

Vi har fått utspel både frå SV og Ap der dei legg opp til å bruka pengane som ligg i kontantstøtta, men ikkje bruke ordninga.

Siste veke la Ap si kvinnerørsle fram forslag om forlenga foreldrepermisjon som eit alternativ til Regjeringa sitt forslag om kontantstøtte. Framlegget innebær tilbaketog på mange av dei område Ap tidlegare har kritisert Regjeringa:

  • dei har tidlegare argumentert med at økonomien ikkje tåler kontantstøttereforma. No legg dei fram forslag sjølv som er like dyrt som kontantstøtta, og økonomien er ikkje lenger noko problem.
  • dei har tidlegare argumentert med at innføring av kontantstøtte vil skape problem i arbeidsmarknaden, og særleg innan omsorgssektoren. No legg dei sjølv fram eit forslag som utelukkande rettar seg mot dei som allereie er i arbeid, og det er ikkje lenger noko problem for arbeidsmarknaden.
  • dei har kritisert Regjeringa for at kontantstøtta rammar dei utsette borna. Trass i at vi heile tida har sagt at dette er ei gruppe born vi vil ta særleg omsyt til, legg dei sjølve fram eit forslag som ikkje tek omsyn til dette på nokon måte.
  • dei har stempla kontantstøtta som eit tilbakesteg for likestillingsarbeidet. Då hadde eg trudd dei ville fremma noko anna enn det som ligg i forslaget deira; at mannen må ta ut 8 veker av ei permisjonstid på totalt eitt år og fire månader.

Eg har stor forståing for at Ap kjenner på at dei må koma på offensiven i denne debatten. Dei har snakka om småbornsforeldre som ei gruppe som ikkje kan vurdera kva som er den beste omsorgsløysinga for borna sine. Dei har også eit klart fleirtal i folket mot seg i denne saka. Vi burde likevel kunne venta at når dei fremma eit forslag for å komma på offensiven, så ville det vera meir i tråd med dei argumenta dei har framført tidlegare.

Forslaget syner at dei ideologiske skilnadane på Ap og Regjeringa sin familiepolitikk ikkje vert mindre om dei nyttar merkelappen «kontantstøtte» på sine gamle og tradisjonelle løysingar.

Det er stor skilnad på ei utviding av fødselspermisjonen og prinsippa vi legg til grunn for kontantstøtta. Om det kunne vore aldri å fristane å gå inn i eit kompromiss med Arbeidarpartiet og SV, og ved det sikre ordninga for lang til framover, så må vi halde fast på det som er prinsippa i ordninga vi har lagt opp til.

I tillegg til kontantstøtta er utbygging av barnehagar viktig for at foreldra skal få auka valfridom. Difor står målet om full behovsdekning for barnehagar innan år 2000, fast. Det er altså ein føresetnad frå heile Regjeringa at det skal byggjast barnehageplassar slik at dei som ynskjer det, skal få tilbod om det. Gjer vi ikkje det undergrev vi vår eigen familiepolitikk. Vi må ikkje gå inn i ein debatt der vi som tilhengarar av kontantstøtte vert karakterisert som motstandarar av barnehageutbygging, eller at vi framstiller oss sjølve på den måten. Det heiter ikkje at «dei vil ha barnehage og vi vil ha kontantstøtte». Skal vi oppnå valfridom for barnefamiliane heiter det «Ja takk, begge deler!».

I dag har vi eit godt stykke igjen for å nå målet om full behovsdekking. I ein situasjon der det kjem ei ordning med statleg kontantstøtte er det forståeleg at kommunar som har ganske god dekning finn det mest fornuftig å vente litt med den vidare utbygginga for å sjå kva utslag kontantstøtta gjev. Men «skrekk-oppslag» i media har fokusert på kommunar med svært dårleg dekning, og det er problematisk dersom desse kommunane legg vekk planane sine for barnehageutbygging. Det er ting som tyder på at dette ikkje vil bli noko stort problem. Ei undersøking Kommunal Rapport har gjennomført viser at det er omlag 6 % av dei spurde kommunane som vil redusera barnehageutbygginga i 1998/1999 på grunn av kontantstøtta.

Frå departementet si side følgjer vi denne utviklinga nøye. Vi har lagt opp til ei ekspansiv barnehageutbygging, og vi ventar at kommunane fylgjer opp. Eg har i denne veka sendt eit brev til alle ordførarar og rådmenn i landet der eg oppmodar alle, og særskilt dei kommunane som har låg dekning for dei yngste borna, å prioritera den vidare barnehageutbygginga fram mot år 2000. I dag er det store variasjonar frå kommune til kommune når det gjeld dekningsgraden, og det er mange kommunar som ligg dårleg an i høve til ei slik målsetting. I brevet ber eg òg kommunane vurdera etterspurnaden på grunnlag av behovs- og brukarundersøkingar, og peikar på at det er viktig å prioritere utbygging av fleksible tilbod til born under tre år.

Private barnehagar utgjer ein viktig del av barnehagetilbodet i kommunane, og er heilt nødvendig for at vi skal nå målet om full barnehagedekking. I 1996 var 42 % av borna i barnehage i private barnehagar. Likevel er det mange kommunar som ikkje gjev tilskot til dei private barnehagane. Mi oppfordring til dykk som kommunepolitikarar er at de set fokus på denne urettferda, og arbeider for at også desse barnehagane blir tildelt kommunale midlar.

Eg vil også peike på at det er mange kommunar som ikkje har familiebarnehagar. Dette er ei barnehageform som er vel egna for dei yngste borna, og ei god løysing i mange små lokalsamfunn.

Dei siste åra har det vore ein auke i statstilskotet til barnehageplassar. Meininga har vore at det skulle verte bygd fleire barnehageplassar, men også at prisen pr. plass skulle reduserast. I mange kommunar har vi sett at auken i statstilskotet har vorte oppete av at kommunane har redusert det kommunale tilskotet. Låg foreldrebetaling i barnehagane er viktig for Regjeringa, slik at dei som ynskjer å ha borna i barnehage kan sjå seg råd til det. Dette er også eit element i ein samanhengande familiepolitikk.

Utviding av Regjeringa?

Inge Lønning har tatt til orde for at Høgre må arbeida for å gå inn i regjeringa. Ut frå referat frå avisene kan det tya på at dette er eit standpunkt fleire internt i Høgre deler. Først vil eg seia at det er litt underleg at eit parti som har karakterisert Sentrumsalternativet som både luftslott og blåsyre, no plutseleg vil bli ein del av dette fellesskapet. For ikkje å nemne at ein person som Lønning, som slett ikkje har spart på det ironiske og retoriske «kruttet» i artiklane sine, no vil inn og samarbeida.

I samband med landsmøtet i Bodø i fjor uttrykte landsmøtet vårt ønske om at det skulle arbeidast for eit breiast mogeleg regjeringsalternativ med utgangspunkt i sentrum i norsk politikk. Dette ønskte vi fordi vi meinte at dette alternativet kunne fått fleirtal på Stortinget, om folk hadde oppfatta det som eit reelt alternativ. Det skjedde ikkje. Resultatet vart ei Sentrumsregjering, og er ser ingen grunn til å endra på det no. Om Høgre vart med i regjeringa ville det likevel ikkje vera ei fleirtalsregjering. Som mindretalsregjering er det viktig å vera blokk-uavhengig for å kunna manøvrera politikken gjennom i Stortinget. Dersom Høgre skulle verta med ville det binda oss opp i langt større grad, og manøvreringa ville verta vanskelegare. KrF gjekk til val på Sentrumsalternativet, og vi står på det også etter valet.

Val 1999 og organisatoriske utfordringar

«For krattet gror,
og graset står høgt,
på øde,
utrådt veg»

- frå Håvamål

Det KrF har opplevd i samband med valet sist haust og i tida etterpå, er eit privilegium å få vera med på. Samstundes inneber det ei stor utfordring for organisasjonen. Vi må handtera denne framgangen på ein klok måte både i høve til vår eigen organisasjon og i høve til dei vi samarbeider med. Samstundes er det klart av dersom vi skal klara eit val i 1999 som liknar på det vi opplevde i 1997, så må vi vera på offensiven. Organisatorisk og politisk skal vi la oss utfordra av orda frå Håvamål. Der det kan sjå tilgrodd og uframkomeleg ut, der kan det hende vi finn den beste vegen for oss. KrF må våga å vera dei første som går på han.

Mange nye veljarar stemte på KrF for første gong i fjor. Det er vår felles utfordring at det ikkje vert med denne eine gongen, men å gje desse eit eigedomstilhøve til partiet. Med mange nye veljarar er det viktig å vera bevisst på kva inntrykk vi gjev av partiet. Kva aksepterer vi av avvikande meiningar i politiske spørsmål, og kven er det som bestemmer kva som skal vera den rette måten å leva på som KrF-medlem? Medlemmer som er nye hos oss og som ikkje tenkjer heilt tradisjonelt skal ikkje møtast med mistenkjeleggjering, men med ei open haldning.

Uttrykkjer vi som parti at vi har bruk for alle, eller kjenner vi oss trua? Eg seier ikkje at dette ha vore eit stort problem til no, men det er viktig at vi er klar over problemstillinga i arbeidet vårt framover.

Vi skal la oss oppmuntra av framgongen, og utnytta den positive haldninga det er om partiet no til å bygga organisasjonen, rekruttera nye medlemmer og driva aktiv skolering slik at vi er godt førebudd til den neste store utfordringa; kommune- og fylkestingsvalet i 1999!

Grunnlaget for eit framleis sterkt Kristeleg Folkeparti legg vi ved det valet, og arbeidet startar no! Då landsstyret vedtok KrF sitt budsjett for 1998 la vi inn midlar som skal gjere det mogeleg for lokal- og fylkeslaga å bu seg til dette. Vi brukar ikkje pengar på å bygga ein topptung sentralorganisasjon, men vil bruka pengar på å styrkje dei lokale ledda. Det gjer det mogeleg for dykk å skolere og rekruttere i lokalpolitikken.

Vi har arbeidd målmedvite dei siste åra for å profilere KrF som eit alternativ for fleire. Vi har lagt vekt på å bryta ned fordommar folk måtte ha i høve til KrF, utan at vi skulle tona ned det som er særeige ved KrF, og våre politiske kjernesaker. Eg vil minna oss alle om at vi vann nye veljarar trass i - eller på grunn av - vedkjenningsplikta, synet på abort og partnerskapslova. Tilfanget av nye veljarar tvingar oss på ingen måte til å endra standpunkt i desse viktige sakene - trass i at dei er kontroversielle. Framgang er ikkje det som skal til for å endra standpunkt!

Vi møtte vel alle gjennom valkampen i haust politiske Nikodemusar som forsiktig kviskra at «i år skal eg stemma på KrF for fyrste gong». Valresultatet synte oss at det er mogeleg å finna nye vegar, og vårt felles mål er at valresultatet i 1999 skal stadfesta dette for oss.

Med den posisjonen KrF har i breie lag av folket er det lett å motivera både kvinner, menn og ungdom til innsats. Vi må starta no med å finna aktuelle namn slik at KrF stiller med spanande lister ved neste val. Lister som speglar den bredda som er i partiet vårt på mange plan. KrF skal stilla med dei beste listene til kommune- og fylkestingsvalet! Lister som har den viktige kombinasjonen av nye og spanande namn, og namn som representerer politisk erfaring.

Avslutning

Det er store utfordringar som ligg framfor oss både sentralt og lokalt, politisk og organisatorisk. Dersom vi klarar å ha øyrer som fangar opp det som rører seg ute blant fork, vil det vera vanskeleg å fella ei regjering som denne. Vi skal ha ambisjonar om å vera eit sentralt parti når maktposisjonane skal fordelast etter valet i 1999. Vi vil nok ikkje få meir enn 1 statsminister og 8 statsrådar, men vi skal ha langt fleire fylkes- og kommunestyrerepresentantar!

I utviklinga av politikken må vi visa at vi klarar å ta tak i det som folk kjenner på kroppen til dagleg, samstundes som vi fører ein politikk der dei overordna og langsiktige perspektiva er heilt sentrale. I utviklinga av organisasjonen er det viktig at vi klarar å vera plassert i det som er særeige for vårt parti, samstundes som vi vågar å strekkja oss etter nye måtar å tenkje og arbeide på. Både i den politiske og organisatoriske prosessen er det viktig at alle ledd i partiet drar i same retning.

Ein vis person har sagt det slik:

«Vær ikke redd om det går langsomt framover, vær bare redd for å stå på stedet hvil.»

Lagt inn 23. januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen