Historisk arkiv

Tale på krisesentrenes jubileumskonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgjerd Svarstad Haugland

Tale på krisesentrenes jubileumskonferanse

Gamle Losjen, 25. november 1998

Kjære alle sammen

Eg ønskjer dykk til lykke med 20 års jubileet. For 20 år sidan, då krisesenteret Camilla i Oslo opna på vårparten i 1978, var omgrepet kvinnemishandling omtrent ikkje-eksisterande i Norge. Krisesentra sitt arbeid med kvinnemishandling har såleis vore ein av dei viktigaste drivkreftene for å synleggjera vald mot kvinner.

Krisesentra har alltid hatt ei dobbel målsetjing; dei skal vera eit lågterskel tilbod der mishandla og valdtekne kvinner kan søke ly og hjelp, og dei skal drive bevisstgjering om vald i familien. Eldsjelene bak krisesentra hadde inspirasjon frå krisesentra i Europa og frå den nye kvinnerørsla i Norge. Eit sentralt mål da krisesentra starta var å politisere private erfaringar og få aksept for kvinnemishandling som kriminell handling. I frå 1978 og utover på 80tallet blei det etablert fleire krisesentra. I 1997 blei det gitt statleg tilskott til 52 krisesentra, 17 sentre mot incest og 2 krisetelefoner; frå Kristiansand i sør til Hammerfest i nord. For tusenvis av kvinner og born som har brote opp frå vald har krisesentra og dei som jobbar der representert ein trygg stad, ein stad å hente krefter og ein stad som gjer det mogleg å få ein ny start.

I dag gir dei norske krisesentra sine erfaringar vidare, mellom anna til Vilnius og Sør- Afrika. På den internasjonale arenaen har vald mot kvinner vore høgt på dagsorden dei seinare år. Det var eit sentralt tema på FN sin kvinnekonferanse i Beijing. Temaet er fulgt opp av Kvinnekommisjonen i FN og FN har oppretta ein spesialrapportør om vald mot kvinner.

Eg vil seie litt om kva for utfordringar eg ser når det gjeld vald mot kvinner framover. Først litt om krisesentra sjølve

Barn på krisesenter

Krisesentra er under stadig utvikling og det treng dei å vera av di det alltid er viktig å halde høg kvalitet og kapasitet på det tilbodet ein gjer. Krisesentra er eit tilbod av kvinner for kvinner, men vi veit at nesten halvparten av dei som bur på sentra er born. I arbeidet med borna har offentlege styremakter eit stort ansvar for å følgje opp henvendelsar frå krisesentra slik at borna får den hjelpa dei har rett på. I morgon vil Barne -og familiedepartementet halde sitt årlege fagseminar for krisesentra. Temaet for seminaret er barn på krisesenter. Vi ser dette området som viktig og vil der legge fram for diskusjon fleire forslag til tiltak for korleis kommunane og krisesentra kan arbeida for å betre situasjonen til barn som lever i familiar med vald.

Innvandrarkvinner

Stadig større del av dei som søkjer til krisesentra er kvinner med anna etnisk bakgrunn enn norsk. Truleg er det slik at kvinner med utanlandsk bakgrunn har færre alternativ enn norske kvinner når dei må vekk frå ein mann som er valdeleg. Desse kvinnene har i enda større grad enn norske kvinner problem på bustadmarknaden. Mange har problem med det norske språket og av den grunnen vanskelegare for å organisere det ein treng for å skape seg eit nytt liv. Det er viktig at krisesentra arbeider for å stadig kunne møta nye grupper av kvinner, og born, på ein kvalitativ god måte.

25.10. Økonomi

Staten erkjenner sitt ansvar for å støtta kvinner som er utsett for mishandling og har ytt halvparten av dei budsjetterte utgiftene til krisesentra, mens kommunane og andre dekker den andre halvparten. Tilskottsordninga til Krisesentra slik ho er i dag er korkje tilfredsstillande for staten eller for krisesentra. Å finne ein god modell som alle er samd om, er ikkje enkelt. Men departementet arbeider med nye retningsliner for statstilskottet i budsjettet for år 2000. For å kunne gjera godt arbeid er ein avhengig av ein forutsigbar økonomi.

Offentleg og privat vald

Det er gatevalden som får størst oppslag i media. Den valden som skjer i heimen er sjeldnare på dagsorden. Vi veit lite om omfanget av vald i heimen, men vi veit noko; helsevesenet anslår at omlag 10 000 kvinner oppsøker sjukehus eller legevakt i samband med skaderr påført av partnar. Politiet i Oslo har gjort ein undersøking av åstaden for registrert vald (i 1997). Av totalt 2172 tilfelle var bustaden til den fornærma eller gjerningsmannen åstaden i heile 624 saker, bustaden er dermed den hyppigast nemnte gjerningstad. Halvparten av desse sakene var vald i parforhold. Kjønnsprofilen er klar, kvinner er den fornærma part i største delen av desse sakene. Oslo politikammer har også sett på den strafferettslege oppfølginga i forhold til meldte saker. I berre 7% av dei meldte sakene er det falle dom. Kvinneuniversitetet Nord har i ein fersk rapport vist korleis sedeligsaker blir handsame av politi og rettsvesen i dei tre nordligaste fylkene. Rapporten viser mellom anna at i dei alvorlegaste sakene- gjentatt utuktig omgang med barn under 10 år - blir omlag 80% av sakene henlagt. Deira undersøkelse peikar på mangelen på kompetanse på området som ein av hovedårsakane til dette. Eg skal ikkje gå nærmare inn i dette, men eg reknar med at slike spørsmål blir tatt opp i dag. Eg vil her understreke kor viktig det er å ha eit politi og et rettsvesen som fungerer godt, og som gir rettferd for ofra - og for den tiltala.

Vald må gjerast synleg

For å gjere godt arbeid trur eg synleggjering er ein føresetnad for å kunne kjempa mot valden. Mange har hørt anekdoten om ordføraren som ikkje ville støtte det lokale krisesentret fordi det ikkje fantes kvinnemishandling i hans kommune. Ein kan trekkje på smilebandet av slike utsegn, men det ligg stort alvor og mykje lærdom i å sjå tilbake i historia. Det fantes ei tid kor kvinnemishandling var tabu og fortia. Politiet vart tilkalla til «husbråk» og det var så og seie ingen debatt om den valden kvinner kunne bli utsett for frå partnaren sin. I dag har vi forsking, og konferansar som denne, som omhandlar temaet. Men, eg undrast kor langt vi eigentleg er komne og kva vi gjer om valden rammar oss sjølve eller andre vi kjenner. Både for den enkelte og for styresmaktene kan det være behov for i enno større grad å opne oss. Det er smertefult å erkjenne at den private valden finns i alle samfunnslag, og at vi alle har eit ansvar overfor dei som vert ramma.

Vald er samansett

Forskinga har vist oss at vald er eit samansett fenomen. Det tradisjonelle bildet av vald i privatlivet er menns vald mot kvinner. Det bildet er riktig, og ut frå det vi veit det mest utbreidt, men det er og andre bilete. Kva med menn som har ein valdeleg partnar ? Vi veit at det finnst, men i den offentlege debatten er det usynleg. Det vi ser er vitseteikninga av kvinna som står og ventar på mannen med kjevlet klart for slag. Vald mot menn er enno mest bare moro.

Ein annan del av det samansette valdsbiletet er omgrepa makt og avmakt. Ofte er det slik at menn som slår brukar fysisk makt for å oppretthalde det dei ser som sin rettmessige overordna posisjon. Men den valden dei utøver er jo også eit uttrykk for avmakt, for manglande evne til å løysa problema og for ei sosialisering som gir eindimensjonale og destruktive rollemodellar for menn. Mange menn som slår har ein oppvekst kor dei sjølv blei utsett for vald eller såg mor si bli mishandla. Å veksa opp med vald gir ikkje berre ein vond barndom- det aukar også sjansen for å få eit vaksenliv som er prega av vald, og det gjer vondt også for den som slår. Vi må arbeide meir for å bryta valdsspiralen; ved å ta fatt i borna sin situasjon så tidleg som mogleg og ved å auke innsatsen i forhold til dei vaksne mennene som slår. Færre menn som slår gir færre kvinner som blir slått. Færre menn som slår betyr også fleire menn som har betre liv.

Regjeringa satsar

I dag er det den internasjonale aksjonsdagen mot vald mot kvinner og eg veit at dette arrangementet er startskottet for kvinneorganisasjonane sin 16 dagars kampanje mot vald mot kvinner. Ein kampanje som går i mange land rundt omkring i verda i desse dagane. Det er eit flott initiativ som i år også vert markert i Norge. Eg vil nytta høvet til å fortelje at regjeringa no aukar innsatsen for å kjempe mot vald mot kvinner. Vi har satt ned eit eige stassekretærutvalg, som skal jobba med denne problemstillinga. Vi vil gjennomføre ei brei innhenting av kunnskap om vald mot kvinner. Kva veit forskinga, kva veit krisesentra og andre institusjonar, og kva veit politi og rettsvesen? Som eit ledd i kunnskapsinnhentinga vil vi tidleg i 1999 halda ei erfaringsutveksling kor ulike aktørar på feltet blir oppfordra om å delta. Målet med denne satsinga er å samanhalde kunnskap om valden med eksisterande tiltak for å sjå kor vi kan bli betre og kor det trengst nye tiltak. Som for mange av de andre her er dette eit område som eg personleg er opptatt av. Å kunne leva utan vald er ei menneskerett for kvinner og menn, barn og vaksne. Den retta må vi arbeide for at alle skal kunne få innfridd.

Lykke til med markeringa

Dagen i dag vil gå med til viktige debattar, både her og i Stortinget. Vald og kvinnemishandling er tunge og vonde temaer, men vi må ta dei opp. Krisesntra er eit godt døme på at eldsjelar tar tak i eit problem og får satt det på dagsordenen. Eg synes det er interessant å sjå kombinasjonen av frivilleg arbeid med offentleg engasjement som har vore kjenneteknet i dette arbeidet. Dette har gitt viktige bidrag til samfunnet. De kan og bør være stol over den store innsatsen de har utført. Eg vonar at festmiddagen i kveld vil gje rom også for glede og moro, slik at de får feira dykk sjølve og det arbeidet som er blitt gjort i desse 20 åra. Det har de i høgaste grad fortent.

Lagt inn 10 desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen