Historisk arkiv

Ungdomspolitikk på dagsorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Ungdomspolitikk på dagsorden

Konferanse for fylkeskommunane, Stavanger 4. november 1998

Først av alt vil eg ønskja velkommen til denne konferansen som Barne- og familiedepartementet har invitert til - og takka for at de har sagt ja til invitasjonen!

Som ansvarleg statsråd for regjeringa sin ungdomspolitikk er eg glad for å vera her i dag, og møta representantar for alle fylkeskommunane i landet. Eg håpar at konferansen kan danna grunnlag for ei offensiv satsing på ungdomspolitikk i dei enkelte fylka - og for eit godt samarbeid mellom statlege og lokale styresmakter. Å få til ein god dialog om kva stat og fylke ventar av kvarandre er viktig, og eg håpar at disse to dagane kan gjera sitt til det.

Om statsbudsjettet og mål for regjeringa sin ungdomspolitikk

Eg vil starta med å seia litt om hovudmåla i regjeringa sin ungdomspolitikk, og korleis dette er følgd opp i statsbudsjett for 1999.

Hovudmåla i regjeringa sin ungdomspolitikk blei lagt allereie i Voksenåsen-erklæringa, og følgd opp i statsbudsjettet som nyleg er lagt fram. Der har vi slått fast at satsing for å sikra born og ungdom gode oppvekst- og levekår framleis skal vera blant regjeringa sine viktigaste oppgåver. Eit overordna mål for ungdomspolitikken vår er å gje alle unge like sjansar til å utvikla seg - uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn - og same kor i landet dei bur. Kvalifisering for framtida står sentralt - samtidig som vi er opptatt av å gje ungdom betre sjanse til deltaking og påverking i samfunnet. Og eg er glad for å sei at dette er eit budsjett der vi har lagt vekt på å støtta opp om ungdom sine eigne idear, initiativ og innsats.

Ungdom har særskilde behov, interesser og rettar som må sikrast gjennom tilrettelegging av ein heilskapleg ungdomspolitikk, både lokalt og nasjonalt. Vi er opptatt av at det skal takast omsyn til ungdom sine interesser i alle avgjerder som har med deira situasjon å gjera. Og då er det viktig at alle vi som har ansvar i forhold til ungdom, frå den enkelte fagperson til sentrale politikarar, heile tida stiller oss spørsmålet:

  • Kva er konsekvensane for ungdom dersom vi vel denne løysinga?
  • Kan vi prioritera slik at ungdom sine behov og interesser blir betre tatt vare på?

Den generelle betringa i levekåra for fleirtalet av folket har også kome ungdom til gode. Men samtidig er det heilt klart at det også er ungdomar som har det vanskeleg. Vald og mobbing, rusproblem, psykiske vanskar, spisevanskar, problem med å lukkast på skulen og med å få innpass på arbeidsmarknaden er dei tøffe realitetane for nokre. Ein del kjem òg frå ein vanskeleg familiesituasjon. Og nokre - det er nokre for mange.

Vi veit òg at ungdom med innvandrarbakgrunn oftare har problem med å finna sin plass i fellesskapen enn andre. Situasjonen er heller ikkje god nok for ungdom med funksjonshemmingar. Isolasjon og ei oppleving av einsemd kan prega kvardagen for mange av dei. Regjeringa er opptatt av at den offentlege politikken blir utforma og organisert slik at alle unge får gode sjansar til utvikling, og den støtta og hjelp som dei treng. Og skal vi få dette til må lokale og sentrale styresmakter spela på lag - og vi må få til samarbeid og samhandling med frivillige organisasjonar, ungdomen sjølv og med foreldre.

Om statsbudsjettet

Den økonomiske situasjonen i landet og i verda gjer at det måtte bli eit stramt budsjett. Likevel har vi klart å få til eit budsjett som har styrka satsinga på born, ungdom og familie. Når vi ser på dei økonomiske rammene som ligg i Barne- og familiedepartementet sitt budsjett, har det skjedd ei auka satsing på born og ungdom:

  • Regjeringa vil meir enn fordobla løyvinga til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar neste år.
  • Det blir innført ein ny budsjettpost som skal nyttast til «Ungdomssatsing i distrikta».
  • Kontantstøtta skal utvidast til også å omfatta to-åringar.
  • Vi held fram med å gje støtte til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane.
  • Støtta til ungdomstiltak i større bysamfunn er ført vidare på same nivå som i år.
  • Det same gjeld midlane til forsking og utviklingsarbeid på barne- og ungdomsområdet.

Budsjettposten til Ungdomssatsing i distrikta er på 5 millionar kroner. Denne satsinga kjem saman med fleire andre satsingar som regjeringa legg fram for å styrka busetjinga i distrikta. Regjeringa ser med uro på at ungdom meir enn før flyttar frå distrikta, og vil auka den distriktspolitiske innsatsen slik at ungdom får større tru på ei framtid lokalt. Midlane skal mellom anna brukast til å støtta opp om satsingar på kultur- og fritidsområdet, og støtte til ungdom sin eigen innsats skal stå sentralt. Ungdom sitt engasjement og tru på ei framtid lokalt er avgjerande for å sikra busetjinga i distrikta. Eg ser det derfor som viktig at lokale styresmakter legg opp til ein aktiv dialog med ungdom - og at dei tek ungdommen sitt syn og initiativ på alvor.

Kvar midlane konkret skal brukast, har vi ikkje tatt stilling til, men det skal vi mellom anna gå inn i ein dialog med ungdomsmiljøet om. Og dette er jo eit tema som vi har sett fokus på her på konferansen - og der også fylka har eit viktig arbeid å gjera.

Samspel og samarbeid

Det offentlege ansvaret for heilskapen i ungdomspolitikken blir utøvd i eit samspel mellom sentrale og lokale styresmakter. Ansvars- og oppgåvefordelinga på ungdomsområdet stiller store krav til samarbeid og samordning, mellom forvaltningsnivåa og på dei enkelte forvaltningsnivå. Sjølv om det har skjedd mykje dei seinare åra, er det framleis for dårleg samspel mellom statlege og kommunale styresmakter om å utvikla ein heilskapleg politikk for ungdom. Dessutan: Det er ikkje berre mellom ulike offentlege styresmakter at det er behov for godt samspel og samarbeid. Dette gjeld også i forhold til frivillige organisasjonar. I lag og foreiningar blir det drive mykje flott og godt arbeid. Arbeid som offentlege styresmakter ikkje skal erstatta, men som vi både kan - og skal - støtta opp om.

Tverrsektorielt samarbeid og betre utnytting av ressursane må stå sentralt i arbeidet med å vidareutvikla det ungdomspolitiske arbeidet. Dette gjeld både nasjonalt og lokalt. Og skal vi få dette til er det nødvendig at departementa samordnar politikken og gjev klare politiske signal til lokale styresmakter. For å bidra til dette har regjeringa mellom anna oppretta eit eige statssekretærutval for barne- og ungdomsspørsmål, der nettopp samordning er eit sentralt tema. I dette utvalet blir alle sentrale spørsmål som gjeld den statlege barne- og ungdomspolitikken drøfta og koordinert.

Regjeringa vil kvart år leggja fram eit dokument som viser mål og retningsliner for politikken for born og ungdom - slik at vi kjem med einskaplege og klare meldingar til kommunane. I fjor var første gongen vi presenterte dette som eit klart politisk samordningsdokument. Mange departement er no i gang med å laga det dokumentet som skal koma i år. Når statsbudsjettet er vedtatt vil dette dokumentet bli sendt til kommunar, fylkeskommunar og ei rekkje andre institusjonar og organisasjonar på barne- og ungdomsområdet. Dokumentet blir ei slags «handbok» som viser den samla statlege satsinga retta mot born og ungdom i løpet av budsjettåret.

Tilleggsmeldinga:

Den såkalla «Frivillighetsmeldinga» som regjeringa Jagland la fram, og «Tilleggsmeldinga» som denne regjeringa la fram i mai i år, er ennå ikkje behandla av Stortinget. Disse meldingane framhevar vilje hos to regjeringar til å betra rammevilkåra og stimulera til aktivitet i frivillige organisasjonar.

I «Tilleggsmeldinga» fremmar regjeringa forslag om å oppretta ei ny støtteordning til lokalt frivillig arbeid. Det er lokale organisasjonar sitt arbeid blant born og unge som skal støttast. Regjeringa ønskjer at organisasjonar innanfor ulike sektorar skal få støtte frå denne ordninga.

Dersom Stortinget sluttar seg til forslaget, vil det føra til at frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar lokalt vil få auka økonomiske rammer. Kor mykje pengar dette blir, og kva tid den nye støtteordninga kan tre i kraft, er enno for tidleg å seia noko om.

Sjølv om det først og fremst er aktivitetar i kommunane som skal støttast, er fylkeskommunane også tiltenkt ei rolle i dette.

Det er fylkeskommunane som skal fordela midlane til dei ulike organisasjonane etter innstilling frå kommunane. På den måten trur vi det vil bli etablert eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane som også vil vera nyttig på andre område.

Men fylkeskommunane skal ikkje berre vera ein «kasserarar». Fylkeskommunane får til disposisjon 5 % av dei statlege overføringane til oppfølging av interkommunale initiativ og samarbeidsformer.

Fylkeskommunen si rolle og ansvar i ungdomspolitikken

Eg vil no gå over til å sei litt meir på kva rolle staten ønskjer at fylkeskommunen skal ivareta på det ungdomspolitiske området. Først vil eg understreka at fylkeskommunen spelar ein viktig rolle både som samordnar og tilretteleggjar av ungdomspolitikken lokalt - både når det gjeld informasjon og rettleiing overfor kommunane, og når det gjeld å leggja til rette tilbod og tenester i fylkeskommunal regi. Fylkeskommunen har, saman med fylkesmannen og statlege etatar i fylket, ansvar for å sikra at nasjonale mål på det ungdomspolitiske området blir ivareteke regionalt og lokalt.

Men for at fylkeskommunen skal spela den viktige rolle som vi ønskjer er det nødvendig at den enkelte fylkeskommune utviklar sin eigen ungdomspolitikk, og at ungdom får sin naturlege plass i den fylkeskommunale planlegginga. Ein fylkeskommunal ungdomspolitikk vedkjem dei fleste områda i politikken, og det føreset samordning og samarbeid på tvers av etatane, både mellom fylkeskommunale etatar og i forhold til statlege etatar på fylkesnivå. De veit alle kor viktig det er med tverretatleg samarbeid og samordning, og eg skal ikkje bruke tida mi her til å snakka og det. Men å få dette til å fungera i praksis er heilt fundamentalt dersom vi skal greia å få til ei god ungdomspolitisk satsing.

I forhold til kommunane har fylkeskommunen eit ansvar for å vera ein pådrivar og inspirator på det ungdomspolitiske området. Og dét er vanskeleg å få til utan at fylkeskommunen sjølv utviklar ein aktiv ungdomspolitikk. Sidan mange i denne forsamlinga kjem frå kulturetaten, vil eg understreka at denne etaten i mange år har vore ein viktig samarbeidspartnar for Barne- og familiedepartementet på det ungdomspolitiske området. I mange fylke er det nettopp denne etaten som har tatt initiativ til ungdomsplanlegging - og til å få ungdomspolitikk opp på den politiske dagsorden.

Kva ventar no staten seg av fylkeskommunen på dette området?

Korleis bør det satsast og kva kan vi samarbeida om i åra framover?

Eg har alt vore inne på kva det har å seia med ungdomsplanlegging og samordning av ungdomspolitikken. Det er heilt grunnleggjande føresetnader for å få til ei god ungdomspolitisk satsing. På dette området står det enno igjen mykje arbeid, og eg håpar at fleire fylke vil styrka innsatsen her.

Når det gjelder det vidare arbeidet vil eg særleg peika på to område der eg meiner at fylkeskommunen står overfor utfordringar - og der eg ser behov for ein sterkare innsats. Det eine er kor viktig det er å seia å sikra ungdom større sjanse for deltaking og påverknad over samfunnsutviklinga. Det andre er kor viktig det er å styrka dei fylkeskommunale tilboda og tenestene for ungdom.

Deltaking og innverknad

Å sikra ungdom større sjanse for deltaking og innverknad over samfunnsutviklinga er noko eg ser på som særleg viktig. Ungdom skal, vil og kan vera med på å styra. Ikkje berre over sin eigen kvardag, men òg over utviklinga som fører oss framover. Dette gjeld ikkje berre i kommunane, der dei fleste avgjerder som har noko å seia for kvardagslivet deira blir sett ut i livet, men også på fylkesnivå og på nasjonalt nivå. Å styrka og vidareutvikla arbeidet med ungdom sin innverknad er viktig for demokratiutviklinga, og det er spørsmål som står sentralt i verdidebatten.

I Norge har vi dei seinare åra styrka arbeidet med å sikra ungdom auka påverknad over sin eigen livssituasjon. Ratifiseringa av FN sin barnekonvensjon, Rikspolitiske Retningslinjer, ordninga med talsperson for born og ungdom i kommunane, styrking av elevdemokratiet og støtte til born og ungdom si deltaking og medverknad i utforming og gjennomføring av aktivitetar og tiltak, har vore naturlege verkemiddel i denne samanhengen.

Men trass i den innsatsen som alt har skjedd, kan vi enno ikkje seia oss nøgde. Regjeringa vil derfor prioritera dette arbeidet sterkare. Og eg vil oppfordra fylka til å gjera det same, mellom anna ved å stimulera kommunane til å følgja opp Rikspolitiske retningslinjer og dei krav som ligg i plan- og bygningslova. Fylka kan også gje dette arbeidet høgare prioritet både i det fylkeskommunale planarbeidet og når tilbod og tenester til ungdom blir utforma.

Fram til no er det kommunane som har kome lengst i arbeidet med å sikra innverknad for born og ungdom. I løpet av dei seinare år har stadig fleire kommunar sett i gang arbeid med systematisk medverknad frå born og ungdom i plan- og avgjerdsprosessar. I ca 100 kommunar er det no etablert ordningar med borna sitt kommunemøte, ungdommen sitt kommunestyre, barne- og ungdomsråd eller liknande. Eg er óg kjent med at det på fylkesnivå har det skjedd ei styrking av innsatsen dei siste åra. Mellom anna har fleire fylke etablert ungdommen sitt fylkesting eller trekt ungdom inn i plan- og avgjerdsprosessar på andre måtar.

Men sjølv om dette arbeidet har kome godt i gang, er det framleis langt igjen før alle kommunar og fylke har kome i gang med eit systematisk arbeid som blir følgd opp frå år til år. Eg ser det derfor som viktig at fleire kommunar og fylke styrkjer arbeidet med born og unge sin medverknad. Men, for å få til dette er det nødvendig at medverknaden blir meir enn fine ord. Regjeringa ønskjer derfor at kommunane mellom anna set av ein øyremerka sum pengar som born og ungdom sjølve kan avgjera bruken av. Det har dei kommunane som har stått i framgrunnen for dette arbeidet gjort - og med godt resultat. Frustrasjonen mange born og unge gir uttrykk for, går på at det går for seint å realisera dei prioriteringane dei har. Dersom dei sjølv kan setta ut i livet ein del av deira prioriteringar vil dei oppleva at det nyttar å engasjera seg.

Det har også vore viktig for meg i ulike samanhengar å understreka at medverknad ikkje kan betalast med ein sum pengar. Medverknad må ikkje gjelda berre når det er trygt og godt for oss som er vaksne politikarar. Vi må derfor utvida vår haldning til kva som faktisk vedkjem born og unge.

Vi som er politikarar må spørja oss sjølv om kva signal gir det når vi er redde for reaksjonar på våre politiske vedtak frå næringsliv og bilistar, men overser reaksjonane frå dei unge.

Målet må vera at alle kommunar og fylke gir arbeidet med born og ungdom sin medverknad høg prioritet, slik at born og ungdom blir sikra større innverknad over kvardagsliv og utvikling av lokalmiljøa. Eg vil oppfordra fylka til å leggja opp ein strategi for korleis ein kan få til ein systematisk dialog med born og ungdom - som blir følgd opp frå år til år.

Ungdommes Demokratiforum

Men det er ikkje berre i kommunar og fylke at arbeidet med ungdom sin medverknad må styrkjast. Dette er det òg viktig å gjera på nasjonalt nivå. For å hjelpa til med dette vil regjeringa etablera eit Ungdommens Demokratiforum. Målet er å auka ungdom si deltaking og innverknad i samfunnsutviklinga. Ei anna viktig målsetjing er å skapa interesse blant ungdom for å delta i demokratiske prosessar og politiske system. Gjennom forumet skal ungdom koma med innspel og råd til styresmaktene om korleis ungdom kan få større påverknad i samfunnet. Forumet skal stimulera til debatt og arbeida i open dialog med ulike ungdomsmiljø. Vi tar sikte på å etablera forumet i løpet av kort tid - slik at ungdommane som skal sitja i forumet kan starta arbeidet sitt før jul eller like over årsskiftet.

I arbeidet med å finna fram til kven som skal sitja i forumet ønskjer vi å ha ein aktiv dialog med ungdomsmiljøet.

Styrking av dei fylkeskommunale tilbod og tenester for ungdom

Regjeringa er opptatt av å sikra ungdom over heile landet likeverdige tilbod og tenester. Både kommunane og fylka har eit viktig ansvar her. Når det gjeld dei fylkeskommunale tilbod og tenester retta mot ungdom, vil eg peika på behovet for:

  • Å sikra at ungdom sine interesser blir ivaretekne i det kommunale planarbeidet.
  • Å sikra ei god oppfølging av Reform 94.
  • Å sikra ungdom sjanse til å delta og engasjera seg i eit aktivt kultur- og fritidsliv.
  • Å sikra ungdom gode samferdsletilbod.
  • Å sikra eit godt fylkeskommunalt barne- og ungdomsvern.
  • Å sikra ungdom gode tilbod på helseområdet.

På alle disse områda står fylkeskommunane overfor store oppgåver. Det er oppgåver som må løysast i samarbeid med fylkesmannen og andre statlege etatar i fylket, og i samarbeid med kommunane.

Reform 94

Regjeringa ønskjer å sameina målet om ei ungdomstid med solid kvalifisering for framtid. Å sikra ungdom lik rett og like sjansar til utdanning og kvalifisering er eit sentralt mål.

Med Reform 94 har all ungdom i Norge fått ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Evaluering av Reform 94 viser at dette har vore ei god reform, men at det framleis står igjen arbeid før reforma verkar godt nok. Dette vil regjeringa koma tilbake til i stortingsmeldinga om Reform 94 som kjem neste år.

Men sjølv om utvida rett til utdanning for ungdom er eit gode for dei fleste, finst det òg ungdom som ikkje greier å utvikla sine evner og anlegg innanfor utdanningssystemet. Dei sakkar akterut i forhold til jamaldrande og har problem med å få innpass i arbeidslivet. Gjennom kvalifiserings- og sysselsetjingstiltak vil regjeringa vidareføra innsatsen overfor ungdom som fell ut av utdanningssystemet. Innsats gjennom Oppfølgingstenesta står sentralt her, saman med arbeidsmarknadstiltak og anna hjelp til ungdom som står utanfor skule og arbeidsliv. Og skal vi greia å sikra alle ungdommar gode tilbod og den hjelp og støtte dei treng, har fylkeskommunen eit viktig arbeid å gjera.

Utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet

Som ein ledd i arbeidet med å betra oppvekstmiljøet har Barne- og familiedepartementet tatt initiativ til ei ny satsing - eit utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet. Ein viktig grunn til at vi har tatt dette initiativet er at vi ønskjer å styrka og vidareutvikla barne- og ungdomspolitikken gjennom eit breitt samarbeid mellom offentlege og frivillige krefter. Å betra born og ungdom sine sjanse til deltaking, medverknad og meistring står sentralt i programmet. Samtidig skal innsatsen mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og rasisme i barne- og ungdomsmiljø styrkjast. Lokal mobilisering er eit viktig stikkord for satsinga, og det er dei lokale ideane og initiativa som skal vera grunnlaget og utgangspunktet for det arbeidet som skal gjerast.

I tillegg til å støtta opp om det arbeidet som skal gjerast lokalt - og som er det aller viktigaste - vil vi òg arbeida for å betra samordninga og samarbeidet om barne- og ungdomspolitikken mellom departementa. Det nye statssekretærutvalet for barne- og ungdomsspørsmål som regjeringa har oppretta spelar ei viktig rolle her.

Når det gjeld den lokale innsatsen er Kristiansand peika ut som forsøkskommune og vi vil snart peika ut fleire. Kommunane vil få midlar som skal brukast til å betra oppvekstmiljøet. Mykje av midlane skal gå til ungdomsstyrte aktivitetar og noko vil gå til innsats mot vald, mobbing, rus og rasisme. Kommunane skal vera i aktiv dialog med ungdomsmiljøet om korleis innsatsen skal leggjast opp.

Men vi ønskjer ikkje berre å prøva dette arbeidet ut i nokre forsøkskommunar. Målet er å få til ei brei satsing over heile landet. Vi ønskjer at alle kommunane i landet skal ta initiativ til dialog og samarbeid både med born og ungdom sjølv, med frivillige organisasjonar, med foreldra og andre ressurspersonar lokalt - og gjennom eit slikt samarbeid koma fram til ein strategi eller plan for det lokale arbeidet.

Avslutning

Eg vil slutta av med å gje utrykk for håp om at ungdomspolitikk blir meir påakta i åra framover, og at fylkeskommunen blir ein aktiv medspelar. For regjeringa er det vanskeleg å nå måla i ungdomspolitikken utan at lokale styresmakter viser vilje til satsing. Å «investera» i ungdom, gjennom å legga til rette for ein god ungdomspolitikk både i fritid, skule og arbeidsliv, er noko eg ser på som heilt avgjerande for å skapa eit godt samfunn.

Eg håpar vi kan ta eit felles lyft på dette området i åra framover!

Lagt inn 6. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen