Historisk arkiv

Utkast til foredrag på seminar KA/IKO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Kyrkjelydsbarnehagane som del av det totale barnehagetilbodet

Innlegg på barnehagekonferanse i regi av Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon og Institutt for kristen oppseding 20.01.1998

Innleiing

Fyrst vil eg takke for at de har invitert til denne konferansen. Eg er glad for at de vil drøfta kva rolle kyrkjelydsbarnehagane skal ha i framtida. Desse barnehagane har jo i lang tid vore ein viktig del av barnehagetilbodet i landet vårt. Dei utgjer ein mindre del (360 barnehagar, 11 562 born) av barnehagetilbodet, men dei har alltid vore ein viktig del av barnehagetilbodet i mange kommunar.

Eg vil fyrst seia noko generelt om barnehagepolitikken til regjeringa, slik at eg får sett kyrkjelydsbarnehagane inn i ei ramme.

Familie- og oppvekstpolitikken er eit høgt prioritet område for denne regjeringa. Som de kjenner til, ønskjer vi å leggja nye element inn i denne politikken slik at småbornsforeldra skal få endå betre mogelegheiter til å klara alle oppgåvene dei har i ein tøff kvardag.

Gode barnehagar til alle som ynskjer det, er eit viktig ledd i den oppvekstpolitikken regjeringa vil føre. Og her i dette møtet er det mange med stor kunnskap og mykje erfaring på dette viktige området. Eg har stor respekt for det arbeidet de er med på å gjera med å utvikla barnehagane kvalitativt og kvantitativt til beste både for borna og foreldra.

Regjeringa sin familie og barnehagepolitikk

Det politiske grunnlaget som regjeringa byggjer sitt arbeid i barnehage- og familiepolitikken på, har som utgangspunkt at familien er den grunnleggjande sosiale eininga i samfunnet. Ein politikk som har som siktemål å styrka situasjonen for familien, vil og gjera storsamfunnet betre å leva i og dermed medvirka til å sikra eit godt oppvekstmiljø for born og unge. Men familien skal ikkje stå åleine om ansvaret. Arbeidet for å styrka familien inneber også ei plikt for samfunnet til å ha ordningar som sikrar fullverdige tilbod om omsorg og gode oppvekstvilkår i situasjonar der heimen treng eller ønskjer hjelp til å ta hand om omsorgsoppgåvene.

Familiepolitikk og likestillingspolitikk heng saman. Regjeringa vil arbeida for ein familiepolitikk som styrker likestillinga i samfunnet, og gir menn og kvinner reelle moglegheiter til å delta på like fot både i arbeids-, organisasjons- og familieliv. I regjeringa sitt grunnlagsdokument frå Voksenåsen er det lista opp tre viktige punkt som føresetnader for auka valfridom og auka likestilling:

  • at barnefamiliane har økonomi til å velja omsorgsform
  • at dei som ønskjer det, kan få barnehageplass
  • at det blir gitt høve til fleksible arbeidstidsordningar.

Det politiske grunnlaget for sentrumsregjeringa viser at vi vil gå inn for visse reformer når det gjelder familiane sine moglegheiter til å velja omsorgsform for småborna. Dette inneber ei satsing på auka utbygging av barnehagar parallelt med å betre dei økonomiske vilkåra for barnefamiliane. I tillegg må det bli lagt opp til større fleksibilitet i arbeidslivet. For å vinna erfaring med dette tek vi sikte på å setta i gang ulike forsøksordningar med redusert arbeidstid.

Innføring av kontantstøtte til familiar som ikkje nyttar barnehagetilbod er ein merkesak for regjeringa. Eit hovudpoeng med kontantstøtta er at foreldra skal ha betre økonomisk mogelegheit til å vera meir heime med borna, spesielt når dei er små. Men auka valfridom med omsyn til omsorgsløysingar og meir rettferd i overføringsordningane til barnefamiliane er og eit mål. Ordninga skal innførast gradvis og gjelda for born frå 1 til 2 år frå august 1998 og for born frå 2 til 3 år frå januar 1999. Summen i kontantstøtte for kvart barn skal vera det same som statstilskottet for ein heildags plass i barnehage. Familiane kan så sjølv velja om dei vil nytte kontantstøtta til ulike omsorgsløysingar eller kombinasjonar mellom barnehage og andre løysingar. Til dømes halv barnehageplass og halv kontantstøtte. Eit prinsipp for kontantstøtta vil altså vera at ho vert korta ned for dei som har deltids barnehageplass.

Når kontantstøtta er på plass for 1 - 2-åringane og 2 - 3-åringane, vil vi evaluere ordninga. Dei erfaringane som då kjem fram, vil vera viktige både for innrettinga og den vidare opptrapping for nye årskull. Vurdering av om våre mål blir innfridd, fordelingsverknader og verknader for likestilling er blant momenta som ei evaluering vil omfatta.

Samtidig med at vi innfører kontantstøtte er det viktig å understreke at vi held fast på målet om full barnehagedekning innan år 2000. I vårt politiske grunnlag («Voksenåsenerklæringen») gjekk vi inn for å auka det statlege driftstilskotet til barnehagane. Det er fylgt opp i statsbudsjettet for dette året, med ei ekstra betring for dei under 3 år. Vi vil også vurdera om det vil vera tenleg med ytterlegare ordningar for å stimulere til fleire barnehageplassar. Barnehagar er eit godt pedagogisk omsorgstilbod. Ved sida av auka utbygging, slik at det blir nok barnehageplassar til alle som ønskjer det, vil vi at barnehagane skal vera fleksible i forhold til familiane sine behov. Barnehagane må utviklast vidare slik at opphaldstider, organisering og innhald tilfredsstiller det brukarane ønskjer. Her har vi erfaringar frå Utviklingsprogrammet for barnehagane som vil vera viktige å ha med oss i det vidare arbeidet for å nå desse måla.

Innføringa av kontantstøtte er ei viktig reform som regjeringa går inn for. Det meir konkrete opplegget for ordninga skal leggjast fram for Stortinget ved påsketider. Samstundes vil eg slå fast at viktige sider ved den barnehagepolitikken som har vore ført til no vil bli ført vidare. Det har vore brei oppslutnad i Stortinget om mange tiltak som er viktige for barnehagesektoren - tenk berre på innføringa av Rammeplanen for barnehagen!

Det er også grunn til å slå fast at det gjennom 90-åra har vore et tverrpolitisk mål å skapa eit samfunn der barnefamiliane har så gode føresetnader som mogeleg til å løysa oppgåvene sine i kvardagslivet. Denne retninga for familiepolitikken vil vi i den nye regjeringa forsterke og utvikle vidare. Offentlege ordningar skal supplera og støtta opp om foreldra sine oppgåver med å gi best mogleg omsorg og oppvekstvilkår for borna og gode levekår for familien.

Det er gjennomførd fleire reformer på 90-tallet for å møte behovet for at barn og foreldre kan ha meir tid saman. Med brei politisk oppslutnad er til dømes foreldrepermisjonen utvida frå 18 til 42 veker og det er innførd ei tidskontoordning som gir foreldre mogelegheit til å ta ut permisjonen på ein fleksibel måte. Erfaringane er at stadig fleire foreldre gjer seg nytte av fleksibiliteten som ligg i ordninga for å ta ut foreldrepermisjonen. Det same gjeld fedrane sin bruk av permisjonsrettar. Regjeringa vil føra arbeidet med å utvide permisjonsordningar ved fødsel vidare og særleg leggja vekt på å betre far sin sjanse til å ta ut permisjon.

Nitti-åras satsing på barnehageutbygging har vore sterk, noko som er heilt naudsynt dersom målet om full barnehagedekking skal bli nådd innan år 2000. Her har ikkje minst dei private barnehagane vore med å sikra både kvantitet og kvalitet. Som eg alt har nemnd, vil regjeringa sjå på kva for tiltak som er tenlege for å stimulere utbygginga. Det er framleis store skilnader i dekningsgrad frå kommune til kommune, vi finn variasjonar i dekningsgrad for 1 - 5-åringar frå 30 - 40 prosent opp mot 90 prosent. I mange kommunar står det derfor att ei god del utbygging før alle som ønskjer barnehageplass, kan få det.

I debatten om kontantstøtte har vi stundom høyrt at kontantstøtte vil ramme barnehageutbygginga og at kontantstøtte derfor er å nedvurdera barnehagane sin viktige rolle for borna sin eigen del. Eg vil nytta høvet til å avliva slike mytar. Regjeringa satsar ikkje på enten kontantstøtte eller barnehagar, men på begge deler. Det er foreldra som skal ha betre høve til å velje. Og då vil og foreldra i større grad bidra til å definera det reelle barnehagebehovet. Det er heller ingen tvil om at barnehagar er bra for born. Alle born - når foreldra ønskjer det - skal kunne få tilgang til det pedagogiske tilbodet som barnehagen representerer. Barnehagen er eit viktig supplement til foreldra sin omsorg. Han gir borna viktige opplevingar, erfaringar og kunnskap. I barnehagen lærer born å ta omsyn til kvarandre og dei utviklar sin eigen evne til å ta del i et sosialt fellesskap. Barnehagane er også eit svært verdfullt tilbod til barn med funksjonshemmingar og for born med innvandrarbakgrunn. Vidare er barnehagen også eit viktig førebyggjande tiltaka i barnevernet.

Først og fremst er det brukarane, borna sjølve og familiane som har nytte av barnehagane. Men barnehagen fremjar også andre mål i samfunnet. Den er viktig for at einslege forsørgarar skal kunna vera i arbeid og hjelper til at kvinner og menn på like fot kan ta del i yrkes- og samfunnsliv. Barnehagen har også stor verdi for næringsutvikling og busetting i alle deler av landet vårt.

Utviklingsprogrammet for barnehagane

Det er mange gode grunnar for at barnehagetilbodet må utvidast og utviklast. Her har Utviklingsprogrammet for barnehagesektoren, som vart avslutta ved årsskiftet, tatt for seg viktige utfordringar som sektoren står framfor. Utfordringane heng mellom anna saman med utvida permisjonsordningar og ikkje minst Reform 97. Eg går ut frå at de kjenner dei tre sentrale spørsmåla i programmet:

  • Korleis kan fleire born under 3 år få tilbod om barnehageplass?
  • Korleis kan vi organisere barnehagane slik at dei blir betre tilpassa brukarane sitt behov?
  • Korleis kan vi dempa kostnadsveksten i barnehagesektoren når delen barn under tre år aukar ?

Resultata og erfaringane som er komne gjennom utviklingsarbeidet dei siste tre åra vil sjølvsagd vera av stor interesse og nytte óg for oss i regjeringa. Det faktum at det er kommunane sine eigne idear og tiltak, gjer dette spesielt interessant og viktig. Når det gjelder dei spørsmåla som er knytt til barnehageutvikling, finst det ikkje eintydige svar. Det enkelte ser som eit stort problem, er for andre ikkje eksisterande. Vi snakkar derfor om eit mangfald av løysingar, avhengig av lokale forhold. Og vi veit at mange kommunar har kome fram til løysingar og arbeidsmetodar som gir gode resultat i forhold til utfordringane i eigen kommune.

Barnehagesektoren må alltid vera i utvikling i takt med behova for familiane og samfunnet. Søkelyset må rettast både mot dei kvalitative og dei kvantitative sidene ved barnehagedrift, og dei private barnehageeigarane, kommunane og staten må framleis dra lasset sammen.

Kommunen har eit spesielt ansvar både som eigar av barnehagar og som lokal styresmakt for sektoren. Som eigar har kommunen dei samme plikter og rettar som andre eigarar, og dei må tilfredsstilla dei krava som barnehagelova og anna regelverk gir.

Som styresmakt har kommunen ei sentral rolle etter barnehagelova. Det er kommunane som godkjenner alle barnehagar, fører tilsyn med drifta og gir rettleiing om korleis reglane er å forstå.

For at kommunane skal nå måla sine, er det viktig å ha ein barnehageplan som er nedfelt i overordna økonomiske planar. Det er ein styrke at barnehageplanen er basert på undersøkingar blant barnefamiliane i kommunen og deira behov for barnehageplassar. Ein annan styrke er å ha dei private barnehagane integrerte i ein slik plan.

Planar og planlegging er sjølvsagd ikkje noko sesam-sesam. Men god planlegging er eit reiskap for å sikra systematisk utvikling av feltet i samsvar med dei overordna måla som til kvar tid er sett. Det er viktig å ha ei klar haldning til kommunen sitt overordna ansvar for den samla utbygginga, uansett om det er kommunen sjølv eller private som eig og driv barnehagane. Samordning og samarbeid mellom den kommunale og private verksemda er viktig og kan gi gevinstar for alle involverte partar.

Gjennomføringa av senka skolestart sist haust frigjorde 24 000 barnehageplassar. Vi kunne ikkje venta at alle desse plassane skulle bli plassar for småborn, og det var grunn til å frykte ein viss grad av nedlegging av plassar. Så langt ser det ut til at dei fleste plassene framleis er i bruk, men det er trong for ytterlegare nye etableringar, særleg plassar til dei yngste barna.

Vel halvparten av barnehagane våre er private. Vi veit at det er store skilnader i foreldrebetalinga mellom heilt private, kommunale og private barnehagar med kommunale vilkår. Familiar som ikkje får kommunal plass og har beskjeden inntekt, kan komme i klemme og måtte seie nei til privat plass av økonomiske grunner. Men også foreldrebetalinga i kommunale barnehagar er på veg til å bli uakseptabelt høg ein del stader. Særleg vanskeleg er dette for familiar med dårleg økonomi. Innvandrarane er ei stor gruppe blant disse. Vi veit at det allereie i dag er mange familiar med låg inntekt som ikkje søker om barnehageplass fordi foreldrebetalinga er høgare enn dei har råd til. Mangelen på samarbeid mellom private barnehagar og kommunane er spesielt uheldig no når småbornsgruppa aukar i barnehagane. Dei private barnehagane er blitt ennå meir sårbare reint økonomisk etter at seksåringane gjekk over i skolen. For mange private som berre har statstilskot og foreldrebetaling som inntekt, er det eit stort kostnadsproblem å nytta dei frigjorde plassane etter 6-åringane til plassar for dei minste. Innsats frå private eigarar har alltid vore viktig for utbygginga i sektoren. Å legge til rette rammevilkåra for stabil drift av private barnehagar er ei av dei største utfordringane framover. Regjeringa ser det slik at vi vert mykje fattigare utan den kvalitet, dei verdiar og dei alternativ dei private barnehagane kan tilby. Men eg ser også skilnad på barnehagar som driv etter «fortenestemotiv» eller «tenestemotiv». Her må vi fylgja utviklinga nøye.

Kommunane må derfor vurdere det samla barnehagetilbodet i kommunen:

Kva har dei, kva treng dei i framtida, kva skal vera kommunen sin innsats? Kva har ulike private eigarar å tilby? Kva kan bli gjort for å sikra dei økonomiske føresetnadene for å halda oppe privat drift når delen av småborn i barnehagane aukar? Dette er spørsmål som vi ikkje fullt ut har svar på i dag. Men det kan bli trong for endring både i økonomiske og lovmessige verkemidlar, ikkje minst når utbyggingsmålet er nådd.

Ein må óg vera open for å dekkje nye behov. Eg vil igjen minne om at valet mellom barnehageplass og kontantstøtte ikkje treng å vere eit enten eller. Mange kan tenkje seg,- og vil få høve til kombinasjonsløysingar. Kanskje bør barnehagane meir aktivt ut og marknadsføre deltidsalternativet. Her har distriktskommunane vist større fleksibilitet enn byane. Og kanskje kan barnehagen utnytta kompetansen sin til å tilby kortare eller lengre foreldre - eller oppsedingskurs tilpassa dei foreldre som er heime på heiltid, der ein samstundes t.d. kan tilby borna ein barnehageplass ein vekedag over eit halvår? Her kunne kanskje både kommunane, høgskulane og IKO jobbe saman?

Før eg no går over til kyrkjelydsbarnehagane spesielt, vil eg understreke at familien er samfunnet si grunnleggjande eining, som skal støttast opp om ved hjelp av ulike innsatsområder. Barnehagen er en samfunnsinstitusjon og et velferdsgode som er en viktig del av eit godt oppvekstmiljø. Det mandatet barnehagen har for verksemda si er nedfelt i lov og rammeplan med pliktar både for kommunane, private som eig og driv barnehagar og den einskilde barnehage.

Kyrkjelydsbarnehagane

Etter innføringa av kristen formålsparagraf i barnehagelova i 1983, fell kyrkjelydsbarnehagane i to gruppe:

Den eine er dei som fylgjer føremålsparagrafen i barnehagelova på same måte som alle offentlege barnehagar, og dermed også dei rammene Rammeplanen sitt kapittel «Mål og verdiar for barnehagen» og fagområdet «Samfunn, religion og etikk» gir for formidlinga av kristne grunnverdiar i barnehagane. For denne gruppa gjeld også lova si føresegn om at det ikkje er høve til å spørja søkjarar til stillingar om kva livssyn dei har, men dei tilsette er sjølvsagt forplikta til å arbeide i tråd med barnehagelova og rammeplanen uansett kva for livssyn dei måtte ha sjølve.

Den andre gruppa er der eigaren har fastsett særlege føresegner om livssyn i vedtektene til barnehagane, det som også er kalla «vid praktisering av føremålsparagrafen i barnehagelova». Her gjeld sjølvsagt både barnehagelova og Rammeplanen, men i tillegg kan eigaren sjølve gi retningsliner for det kristne innhaldet i barnehagen. Dersom vedtektene inneheld føresegner om livssyn, kan eigaren spørja etter livssyn i samband med tilsetjing i dei stillingane i barnehagen som er viktige for å gjennomføre formålet. Eg er glad for at IKO sitt barnehagekontor nyleg har utarbeidd ei ny, eiga rettleiing om vid praktisering, det er eg sikker på at kan vera nyttig for mange eigarar. Dette heftet set praktiseringa inn i ei god pedagogisk ramme.

Dei utfordringane kyrkjelydsbarnehagane har når det gjeld konsekvensane for barnehagane av grunnskolereforma og kontantstøtteordninga, er dei same som for andre barnehagar, og særleg for dei private. Når det gjeld grunnskolereforma, oppfordrar vi, til at dei ledige plassane etter seksåringane vert tekne i bruk til yngre born. Her bør kommunane og dei private eigarane saman finne fram til gunstige løysingar. Kommunen har ansvar for alle born i kommunen, og dei bør sjå på dei private barnehagane som verdfulle partar å samarbeide med. Når det gjeld kontantstøtta, er denne som kjend noko som skal gje familiane større valfridom, og eg vil tru at mange foreldre vil velje ein kombinasjon av barnehage og kontantstøtte. Og kommunane treng ikkje vegre seg for å byggje ut småbarnplassar, til det er det for få plassar i dag uansett. Ein har ikkje valfridom når det ikkje finst ledige barnehageplassar for småborn.

Som de alle er kjente med, kan kommunane stille vilkår til visse sider av vedtektene for barnehagen for å gje økonomiske tilskot til private barnehagar. Her opplever kyrkjelydsbarnehagane ulikskap frå kommune til kommune. Nokre kommunar gjev kommunale driftstilskot utan å stilla vilkår ved verksemda i det heile, andre vil ha hand om opptaket, og nokre vil gje tilskot dersom kyrkjelyden driv i samsvar med hovudregelen i føremålsparagrafen. Eg forstår godt at de er opptatte av at desse vilkåra blir ulike. Kommunane har hatt denne fridomen i mange år. Dersom eg skal gå inn for å gjera noko for å endra dette, må eg gjera det i ein samanheng der vi tar opp forholdet mellom private og offentleg barnehagar i stor breidde. I ein slik samanheng vil kyrkjelydane vera i den same situasjonen som mange andre private barnehageeigarar her i landet.

Landet vårt er mangfaldig, og i ulike deler av landet er det ulike former for samarbeid mellom kommunane og kyrkjelydane. Eg tenkjer ikkje berre på barnehagane, eg tenkjer og på kyrkja som del av det lokale kulturlivet. Kyrkja bør vera ein levande del av lokalsamfunnet, og då er barnehagar ein av fleire verksemder som det er naturleg at kyrkjelydane engasjerer seg i. Barnehagelova gir eigarar av barnehagar rett til å fastsetje retningsliner for lokal tilpassing av rammeplanen. Her kan kyrkjelydane fastsetje det som dei ynskjer skal vera særpreget for barnehagane deira, sjølvsagt innafor dei rammene barnehagelova og Rammeplanen fastset. Kyrkjelydane bør ha ein aktiv dialog med kommunen om på kva måte og innafor kva rammer det er tenleg og naudsynt å samarbeida. Borna i kyrkjelyden kan vel gjerne gå i kyrkjelyden sin barnehage. Og slik eg tenkjer meg, kan ein slik barnehage vera ein nærmiljøbarnehage for alle borna i området. På same måte som i skulen bør borna vere saman uavhengig av kva for heimar dei kjem frå. Det er viktig for at borna skal læra seg respekt og toleranse for ulike menneske.

Når det gjeld kyrkjelydsbarnehagar som har fastsett særlege føresegner om livssyn i vedtektene, er det ikkje alle kommunar som ser det slik at dei er ein del av det totale barnehagetilbodet. Desse barnehagane vil i praksis ofte vera for særskilde grupper barn. Men, desse borna er også kommunen sine born, så det bør ikkje vera nokon motsetnad her dersom foreldra ønskjer plass for borna sine i desse barnehagane. Særleg når ein har nådd full dekking av barnehageplassar og dermed moglegheit for val.

Eg ser av den søknaden KA og IKO har sendt til Opplysningsvesenets Fond at de også er opptekne av barnehagar som del av den totale dåpsopplæringa i kyrkja. I vanlege barnehagar, på same måte som i skolen, skal det ikkje foregå dåpsopplæring. Men slik opplæring kan foregå i barnehagar med vid praktisering av formålsparagrafen.

Kyrkjelydane har det same ansvaret som andre private eigarar av barnehagar. Det er eigaren som har ansvar for at det er tilstrekkeleg og kvalifisert personale, at dei fysiske og materielle rammene for barnehagane er gode og for at borna får eit godt pedagogisk tilbod. Mange private eigarar kan synest at ansvaret for etterutdanning av personalet kan vere vanskeleg å leggje til rette. I denne samanhengen vil eg rose det arbeidet som IKO sitt barnehagekontor har stått for når det gjelder god fagleg etterutdanning. Eg er kjent med at desse tilboda når langt vidare enn til kyrkjelydsbarnehagane, og det har alltid vore både god kvalitet og aktuelle tema som har vore tatt opp i desse samanhengane.

Når det gjeld framtida til kyrkjelydsbarnehagane, vil de nok i nokon grad måtte ta stilling til i kva grad de ønskjer å vera tilbod til flest mogleg barn i nærmiljøet, eller om de vil leggje særleg vekt på å vera livssynsbarnehagar for særskilde gruppe. Men det treng heller ikkje vera to heilt ulike alternativ. Her vil de trengja ei grundig vurdering. Når de har tatt stilling til kva for rolle de vil ha, vil eg oppfordra til at de ber dei ulike kyrkjelydane ta kontakt med dei lokale barnehagestyresmaktene for ein nærare dialog for samarbeid og samordning. Ein annan veg å gå er å gå i dialog med kommunane undervegs, slik at ein gjennom dialog og samarbeid finn fram til kva som er mest tenleg på kvar einskild stad. Kanskje det er meir tenleg, ein open dialog og samspel før ein har tatt eit endeleg standpunkt? Vi har lang tradisjon for at kyrkjelydane driv barnehagar i samarbeid med kommunane, og det er ein tradisjon eg gjerne ser at vert ført vidare.

Eg er óg glad for å kunne registrere at det er mange år sidan det var strid om den kristne formålsparagrafen. Motstanden og redsla var både overdriven og lite representativ. Og i disse tider med verdiar i fokus, gjer det godt å vita at storfellesskapet kjenner sin grunnmur.