Historisk arkiv

Barnevern i et barentsperspektiv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Barnevern i et barentsperspektiv

Tromsø, 26. mai 1999

Innleiing

Kjære barnervernsfolk!

Først vil eg gjerne takka for invitasjonen. Eg synest ein konferanse som denne - om barnevern og barn og unge sine oppvekstforhold i eit vidt barents-perspektiv - er eit både spanande og interessant initiativ. Det er avgjort behov for slike møteplassar og diskusjonsfora, for det blir berre meir og meir tydeleg at arbeidet for barn og unge sine rettar, må innehalda internasjonale perspektiv og kontakt over landegrensene. I FN sin konvensjon om born sine rettar heiter det mellom anna at dei statane som er partar i konvensjonen, erkjenner verdien av internasjonalt samarbeid for å betra livsvilkåra for born i alle land.

Barnet sitt hundreår

Ved starten på det hundreåret som no ebbar ut, kom det ut ei bok i nabolandet Sverige med ein tittel som fort blei til eit velkjend slagord; Barnets Århundre. Boka fekk mykje merksemd og blei oversett til mange språk. Ho var eit glødande kampskrift med sterke utfall mot den herskande oppseding både i heim og skule. Innhaldet var ikkje så veldig originalt sett ut frå den kunnskap og dei verdiane vi nærmast tar for gitt i dag. Men boka kom i ein historisk rett augneblink, og om vi tar tittelen som ein spådom om det hundreåret som nyleg hadde starta, kan vi sei at han på mange måtar har gått i oppfylling. I dette hundreåret har vi i alle fall lært oss mykje om born sine behov og oppvekstvilkår.

I førindustriell tid blei born langt på veg vurdert som små vaksne - i alle fall frå omlag sjuårsalderen då dei kunne utføra enkle oppgåver og hadde ei viss forståing av kva som gjekk føre seg rundt dei. Den nye familien i byane trakk borna bort frå dei offentlege romma - slike som arbeidsplassar og torg - og inn i familien. Born trong oppseding, og det var i første rekke oppgåva til heimane. Etter kvart har det òg blitt barnehagar, skulen og samfunnet som heilskap si oppgåve. Borna si verd og verda til dei vaksne blei meir skilt frå kvarandre, born skulle vernast frå vaksenverda. Dei skulle ikkje lenger vera små vaksne, men born. Den nye familien skapte biletet av barnet som eige vesen med særeigne behov - støtta opp av barneklede, barnebøker og barnerom. I den verkelege historiske utviklinga er det sjølvsagt store skilnader mellom land, landsdelar og samfunnsklasser – og nokre av dei skilnadene er tema for denne konferansen - men hovudlina peika fram mot ein ny og unik barndom.

Barnevernlovgjeving

Ved inngangen til dette hundreåret hadde vi i Norge alt fått vår første barnevernlov. Lova om "forsømte børns behandling" (vergerådslova) var òg den første i verda i sitt slag. Ho var dels eit resultat av idepåverknad frå Europa, men samtidig retta inn mot bestemte sosiale problem i det norske samfunnet, særleg auka kriminalitet blant ungdom. Noko av ansvaret for born og unge blei no innlemma i det offentlege. Dermed står vi ved det den norske juristen og barnevernhistorikaren Tove Stang Dahl har kalla ei av den norske velferdsstaten sine kjelder.

Hos oss la erfaringane med Vergerådsloven grunnlaget for Barnevernloven av 1953 og seinare Lov om barneverntenester av 1993. I dag er forholda på alle måtar annleis enn for hundre år sia. Men noko er likt; det er stor aktivitet på dette feltet både ved inngangen til og ved utgangen av «Barnets Århundre».

For Norge sitt vedkommande kan vi sei at etter ein god start på hundreåret, kom òg tilbakeslaga; barnet sitt beste kom i skuggen. Seinare har det vore gjort mykje for at det i minst mogeleg grad skulle skje igjen, og i dag er barnevernet hos oss kanskje betre rusta enn nokon gong. Men vi må ikkje bli hovmodige og tru at ikkje born lenger blir mishandla og svikta, korkje i Norge eller i nabolanda våre. Vi må stadig ha høg beredskap både hos oss og i nabolanda – fordi om utfordringane er forskjellige.

Forholda for born i nærområda

Rapportar om forholda for born og unge i nordvest-Russland fortel om ein alvorleg situasjon som truar den psykososiale utviklinga og helsetilstanden til ei svært sårbar gruppe. Naud og fattigdom pregar levekåra til mange born og unge i ekstrem grad.

Saman med dei aller fleste landa i verda har òg landa som deltek på denne konferansen, ratifisert FN sin barnekonvensjon. Dette medfører ei plikt til å sjå til at forholda for born og unge er i tråd med intensjonane i konvensjonen: Borna sin situasjon skal bli sett og tatt på alvor!

Dette er eit politisk ansvar i kvart einskild land. Når dette ikkje blir følgt opp, er det vår plikt å gjera situasjonen til born og unge til eit sentralt tema i samarbeidet mellom dei nordiske landa, og landa i nærområda.

Frå ein etisk synsvinkel er det viktig å bry seg om korleis våre naboar har det, ikkje minst når det gjeld forholda for born og unge. Mykje tyder på at mange born får det verre og verre, og at fleire og fleire foreldre ikkje maktar omsorgsoppgåvene sine. Sosial og økonomisk naud og fattigdom, mange arbeidsledige, høge skilsmissetal, alkoholisme og narkotikamisbruk, kriminalitet, dårleg mental helse, sterk framvekst av smittsame sjukdomar og låg levealder er faktorar som grip direkte inn i liva til born og unge, for eksempel i nordvest-Russland. Resultatet blir at mange må tilbringa barndom og ungdomstid på barneheimar og andre institusjonar. I verste fall blir dei gateborn eller dei blir sett i fengsel. Den faglege og materielle kvaliteten i institusjonane er ofte så dårleg at det sett borna si psykososiale utvikling og helse i alvorleg fare.

I Norge er familie-, oppvekst- og ungdomspolitikk høgt prioritert, og vi er så heldige å ha ressursar til å følgja opp dei politiske målsetjingane. Utgangspunktet er - hos oss som i andre land – at familien skal vera samfunnet si grunnleggjande eining for fellesskap, verdiformidling, sosial læring og omsorg. Det ansvaret foreldra har for omsorg og oppseding, og den retten borna har til å få omsorg og oppseding frå foreldra sine, er i dag ”opplest og vedtatt” både nasjonalt og internasjonalt . Mellom anna er det ein av grunnpilarane i FN sin barnekonvensjon. Den norske regjeringa sin familiepolitikk byggjer derfor på prinsippet om at foreldre er i stand til å ta dei rette vala når det gjeld kva som er best for borna sine. Dermed blir det vår oppgåve å leggja til rette for at familiane har gode ordningar å velja mellom. Vi har plikt til å støtta familien og styrka foreldra si rolle i forhold til borna. Det skal vera ei prioritert oppgåve å utvikla tiltak som førebyggjer problem blant born og unge og som støttar opp om familien, men vi veit at om vi aldri så mykje vil støtta opp om familiar, så er det og vil alltid vera vaksne som sviktar og born som treng spesiell omsorg. Når familien av ulike årsaker ikkje maktar å ta ansvar for borna, er hjelpetiltak til rett tid avgjerande for å minska vanskane. Dei siste åra er det utvikla viktige og gode modellar for organisering av tiltak med høg fagleg kvalitet både hos oss og i andre land. Det er viktig å tenkja gjensidig utveksling på dette feltet.

Eg vil òg nytta sjansen til å minna om kor viktig det er at innsatsen for born og unge i nærområda våre blir koordinert i Norden. Det nordiske ministerrådet må støtta opp om dette. Eg vil arbeida for at ministerrådet prioriterar og aukar innsatsen for vanskelegstilte born og unge, og spelar ei aktiv rolle som samordnar på dette feltet.

Behovet for kunnskap og modellar for utviklingsarbeid er stort. Norge vil bidra til å gjera det mogleg for nærområda å dra nytte av dei erfaringane vi har gjort. Eg kan nemna at Barne- og familiedepartementet deltok på arrangementet «Norgesdager i Karelen» i mai 1997, der ein mellom anna diskuterte barneomsorg og barnevern i Norge og Karelen. Vidare har vi saman med Universitetet i Oslo og svenske Râdda Barnen tatt del i eit utviklingsarbeid for å betra forholda for born i barneheimar i Arkhangelsk. I samband med dette arrangerte ”Arkhangelsk State Medical Academy” i juni 1998 konferansen «Problems of Childhood in Russia» om nye perspektiv på førebygging og tidleg intervensjon. Universitetet i Oslo og BFD, samt WHO, UNICEF, UNESCO og svenske Râdda Barnen samarbeidde om arrangementet. Etter dette har opplæringa av fagpersonell i Arkhangelsk-området, i regi av Râdda Barnen, halde fram og attpåtil fått ein «avleggjar» i St Petersburg. Så når Troms barnevernsamband no arrangerer sin ”barentskongress”, fell det inn i ei rad av lovande samarbeidstiltak på dette feltet.

Utvikling av fagleg kompetanse og modellar for organisering må setjast i verk i samarbeid med dei det gjeld. Samarbeidet må inkludera parlamentarikarar, fagfolk, frivillig sektor og forvaltningsorgan på mange trinn. Økonomisk støtte åleine er ikkje nok utan at ho blir sett i samanheng med konkret utveksling- av kunnskap. Vi må bidra til at landa i nærområda sjølv kan bli i stand til å utvikla og nytta oppdatert kompetanse som byggjer på kunnskap om born si utvikling. Og denne kunnskapen finst ikkje berre hos oss. Alle som har ei sosialfagleg utdanning veit kor mykje teori og kunnskap om for eksempel psykologi og pedagogikk som er utvikla hos naboen vår i aust.

Born sine behov må stå i sentrum i heile verda, og innsatsen må ikkje berre bli som brannslokking. Samtidig må vi medverka til å utvikla tiltak i nærområda som førebyggjer at stadig fleire born får det verre medan dei enno er born. I nordisk samanheng må vi derfor halda fram med å leggja til rette for innsats som hindrar vekst i den skeivutviklinga som vi i dei seinaste åra har vore vitne til.

Pomorhandel og ”tre stammers møte”

Ikkje minst folk frå Nord-Norge veit at problema for vanlege folk på Nordkalotten har vore annleis fordelte enn i dag. På 1700-talet var det for eksempel dårlege tider for folket i Nord-Norge. Det var lite mat, og avstandane kjentes ekstra lange på grunn av dårlege transportvegar til meir sentrale strøk av landet. Då blei pomorhandelen - russehandelen - viktig for å overleva. Norsk fisk; rå, salta eller tørka, blei bytta mot russisk rug- og kveitemjøl, med smør, ost, kjøtt og erter, og med tømmer, tjære og tauverk. Det nordnorske folket overlevde og kom seg igjennom krisene for ein stor del på grunn av handelen med naboane i aust.

I andre periodar har det nok vore befolkninga på finsk-svensk side som har lidd mest. Særleg var nokre år mot slutten av 1860-talet verre enn vi i dag er i stand til å fatta. Og då var det godt at vegen til Nord-Norge og havet var kjent. I slike krisetider oppstod det òg handel med born; fattige foreldre i Tornedalen lot flyttsamar ta med borna til Norge, der dei blei sett til fostring i norske eller samiske familiar.

I ettertid ser ein at alle dei tre folkegruppene i Nord-Norge - samar, kvenar(1) og nordmenn - har ført med seg noko verdifullt. Utan den samiske, den finske og den norske innsatsen ville ikkje Nord-Norge ha nådd dit landsdelen er i dag. Samane, med alle dei velprøvde kulturelementa som har gjort dei i stand til å overleva, for eksempel klesdrakt og kunnskap om fangst og reindrift. Kvenane, som blei førande i bruken av skogen, fordi dei busette seg midt inne i han og var vande med å bruka skogen der dei kom ifrå. Og nordmennene som kom frå sør med sine kunnskapar og tradisjonar. I lange tider har dei tre folkegruppene levd saman og prega utviklinga i landsdelen. Forholda har til tider vore konfliktfylte, men stort sett prega av fredeleg sameksistens. Kanskje er det rett å sei at alle har dei hatt sine spesialitetar som til saman har gitt den styrken og tilpassingsevna som var nødvendig for å klara livet i landsdelen.

For meg som barne- og familieminister er det interessant å reflektera litt over dei tre folkeslaga i Nord-Norge og deira innverknad på born og unge sine oppvekstkår. Kvar på sin måte trur eg dei ulike kulturane har gitt born og unge mykje verdifullt. Samiske tradisjonar er i dag ført vidare i mange samiske barnehagar, der dei for eksempel legg opp barnehagen i takt med samisk kultur og levemåte; Dei deltek i reindrifta, fiskar og driv fangst, skjer og tørkar sennegras, dreg til skogs og hentar brensel, sett opp lavo, bakar brød, driv med samisk husflid osv. Poenget er ikkje at alle barnehagar skal driva etter ein slik metode, men eg veit at samiske barnehagar har inspirert mange andre (norske) barnehagar til å ta meir av lokalsamfunnet (både natur og kultur) med inn i barnehagen.

Vi skal ikkje rosemåla oppvekstvilkåra for dei unge i utkantstrøka i nord, særleg ikkje det som handlar om utdanning og eit tidleg internatliv og lange skulereiser. Men eg trur òg at det ein forenkla kanskje kunne kalla for ”tradisjonell kystoppvekst” har mykje verdifullt i seg, mellom anna den sjøsamiske levemåten med sitt forvaltningsperspektiv, si vekt på ekstensiv bruk av ressursane, og den respekten for natur og kultur som ligg i det. Eg vil også nemna at langs den nord-norske kysten har det vore drive økologisk lenge før nokon snakka om økologi. I det heile ligg det mange kvalitetar for born og unge i både i den nordnorske levemåten og i kulturmangfaldet på nordkalotten elles, som eg trur vil vera ei styrke for dei som veks opp her langt inn i framtida

Avslutning

Eg sa innleiingsvis noko om det 20. hundreåret som blei kalla barnet sitt hundreår. Då passar det å avslutta med å sei at vi treng enda eit barnet sitt hundreår - minst.

Kvifor ikkje ”barnet sitt årtusen”?

Rapportar og evalueringar eg har lese tyder på at det er lett å få folk til å samarbeida om born. I nye bustadfelt og borettslag for eksempel, der få kjenner kvarandre, er borna ofte det som bringer folk saman. Born og ung sine behov får folk til å ta tak i spaden, skaffa fotballmål, arrangera grendefest eller kva det måtte vera. Som medlem i regjeringa har eg òg erfart at innsats for born og unge verkar samlande. Eg trur òg det er slik internasjonalt; alle landa som har slutta seg til FN sin barnekonvensjon ønskjer å følgja opp dette i handling – for menneskeverdet er grenselaust. Men forholda ligg ikkje like godt til rette alle stader. Derfor må vi bry oss og hjelpa til - over landegrensene òg.

Lukke til med konferansen!

(1) Kven: finsk innvandrar

Lagt inn 8. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen