Historisk arkiv

"Born og unge på dagsorden!"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland

«Born og unge på dagsorden!»

Tale til LNU sitt barne- og ungdomsting 24. april 1999

Kjære delegatar på barne- og ungdomstinget!

  • takk for sist til dykk som var på Kontaktkonferansen på Hurdal i fjor haust. Det var ei hyggeleg oppleving for meg.
  • dette er første gongen eg er på Barne- og ungdomstinget, og eg ser fram til det eg skal få vera med på.
  • eg har lyst å gje ros til dykk som arbeider i frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Det er ikkje så mange av dykk eg har kontakt med til dagleg, men eg opplever likevel at det er etablert eit godt samarbeid og ein god dialog med fleire av dykk.
  • LNU har vi oftare kontakt med. De som er i organisasjonane skal vera stolt av å vera tilslutta LNU. Dei gjer ein stor jobb for dykk! (De kan godt klappa for LNU) Både vi som er i den politiske leiinga og andre tilsette i departementet er glad for samarbeidet, og den kompetansen LNU innehar på mange ulike område.

Akkurat no er de midt inne i ein debatt om ungdom og makt. Eg skal komma tilbake til det temaet, men eg har også andre ting som er viktig for meg å sei til dykk.

Vi er alle i stor grad opptatt av det som er oss nærmast. Vi skulle ønskja det var annleis, men slik er situasjonen for mange av oss. Politikarar sitt engasjement er ofte styrt av kva fase i livet ein er inne i sjølv. Skuleelevar og studentar er opptatt av situasjonen i vidaregåande skule og vilkåra for høgare utdanning. Det er lett å forstå at det er slik, men eg trur det er viktig at vi alle - anten vi er politikarar eller ikkje - klarar å ta inn over oss eit anna perspektiv enn det som er vårt eige.

På dette barne- og ungdomstinget har de drøfta fleirkulturelle organisasjonar sin plass i LNU. Norge blir i stadig større grad eit fleirkulturelt samfunn. Det er derfor viktig at også «organisasjons-norge» speglar dei ulike fargane.

Det første eg tenkjer på når det gjeld eit fleirkulturelt Norge, er dei utfordringane vi som land står overfor i samband med krisa vi opplever på Balkan i disse dagar.

Det ansvaret vi har fått som regjering og det ansvaret eg har fått som statsråd gir oss mange spanande utfordringar. Men ansvaret fører oss sanneleg også inn i vanskelege saker og tunge stunder. Det opplever vi alle i samband med den forferdelege situasjonen i Kosovo.

I utgangspunktet er ikkje eg komen her for å innleia til ein debatt om krigen i Jugoslavia. Eg vil likevel bruka denne sjansen til å komma med ei utfordring til dykk som viktige aktørar i det norske samfunnet.

Den humanitære situasjonen i området er prekær. Både i Kosovo, Serbia og i nabolanda er det behov for hjelp. Sjølvsagt skal vi gjera det vi kan for å hjelpa i nabolanda. Men vi kan ikkje, slik Frp gjer, sjå bort frå den politiske situasjonen i for eksempel Makedonia. Vi må bidra med stabilitet i nærområda. Derfor er det viktig at vi også tar i mot flyktningar til vårt eige land.

Dei som kjem til Norge treng meir enn berre tak over hovudet. Dei treng også hjelp til å bearbeida alt det vonde dei har opplevd.

Eg tenkjer særleg på alle borna. Dei legg ikkje igjen dei mange traumatiske opplevingane før dei kjem til Norge. Lyden av flyalarm, bomber og fortvila rop vil sitja inne i hovudet deira. Synet av lidande og døde menneske vil alltid sitja på netthinna. Det må dei få hjelp til å bearbeida så fort som mogeleg. Om ikkje, kan det føra til langvarige psykiske problem.

Regjeringa la i går fram ein proposisjon med forslag om å løyva omlag 1,4 mrd. kroner for å kunna ta imot dei flyktningane som kjem hit. I denne store pakka er det 15 mill. som eg er særleg glad for. Det er 15 mill. som skal brukast for å hjelpa dei minste. Gjennom kjøp av tenester frå frivillige organisasjonar, og ved å ta i bruk mellom anna foreldrevegleiingsprogrammet, vil vi hjelpa dei som har psykiske problem.

Eg er glad for at regjeringa har tatt omsyn nettopp til denne utfordringa.

Eg har ei utfordring til dykk - ei utfordring eg veit Justisministeren vil gjenta når han kjem her seinare i dag: Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar må vera med å ta eit ansvar i forhold til dei som kjem til Norge som flyktningar frå Kosovo.

I organisasjonane dykkar veit eg at det er engasjerte og solidariske menneske med brennande hjarte for dei som lid. Flyktningane har behov for kontakt. Borna har behov for nokon å leike med. Nokon som kan ta dei med på tur. Nokon som vil gje dei opplevingar som kan få tankane inn på noko anna enn konflikten i heimlandet deira. Dei treng å føla seg velkommen.

Eg håpar de tar denne utfordringa!

Ungdom og makt:

Temaet for den debatten de er inne i no er ungdom og makt. Makt handlar om sjanse til å gjera noko - til å påverka. I forhold til dei som no kjem til Norge har de sjanse til å utøva makt. De kan bruka makta til noko positivt - til å hjelpa. De kan også bruka sjansen til å ta eit oppgjer med dei haldningane i samfunnet som seier at vi har nok med oss sjølve.

Sist såg vi dette rett etter påske der asylmottaket på Klemetsrud i Oslo blei angripe. Ei gruppe yngre menneske kasta jarnstenger inn vindauga på asylmottaket, og traff mellom anna eit lite barn. Slike hendingar vekkjer avsky, og minner oss om at kampen mot rasisme må halda fram!

Dei har òg kunnskap og erfaring vi bør lytta til. Det dei har opplevd minner oss om at det demokratiet og dei rettane som er vi tar som sjølvsagde, er noko mange berre kan drøyme om.

Ein føresetnad for makt og påverknad, er eit demokratisk samfunn. I kvart tredje land i verda er det ikkje frie, demokratiske val. Vi er privilegert som får bu i eit demokrati som det norske. Det er ikkje nokon sjølvsagt ting. Derfor er det viktig å ta vare på demokratiet. Demokratiet er ein skjør plante. Den må ha dei rette vilkåra for å veksa og utvikla seg. Demokratiet er ikkje noko statisk som ikkje forandrar seg. Demokratiet må heile tida utvikla seg for å fungera.

Sjølv om vi har demokrati i Norge er det mange som ikkje deltek i demokratiet. «Sofa-partiet» er mellom dei som får størst oppslutnad ved val.

«Å forsømme plikten å ha meninger er å overlate til andre» er det sagt.

Skal vi verna om demokratiet må vi også ta ansvar for demokratiet og delta aktivt i det.

I samband med dette spelar de som er i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane ei svært viktig rolle. Deltaking i organisasjonane er opplæring i demokrati. Den innsatsen fortener de all mogeleg honnør for!

Så vil sikkert mange av dykk innvenda at problemet er ikkje at de forsømmer plikta til å meina, men at de ikkje slepp til med meiningane i den grad de ønskjer.

Eg vil sei meg einig i det. Det er likevel viktig for meg å understreka både for meg og for dykk at demokratiet må vi ta ansvar for alle saman. Vi må vera glad for at vi har eit demokrati, og vi må arbeida for å utvikla det.

Eit område der vi har eit stort utviklingspotensiale er nettopp i forhold til å opna demokratiet opp for nye grupper som ikkje i stor nok grad har nådd fram med meiningane sine.

  • det er ikkje alltid vi som vaksne heller når fram med meiningane våre. I spørsmålet om forsøksordning med stemmerett for 16-åringar ved lokalval som var oppe på KrF sitt landsmøte for ei veke sidan, lei både eg og Jon Lilletun nederlag.

Sjølv om eg hadde ønska forslaget hadde fått fleirtal, trur eg ikkje stemmerett er det viktigaste når det gjeld medverknad, makt og demokrati for born og unge. Regjeringa arbeider derfor med fleire ulike tiltak for å gje born og unge meir å sei over sin eigen kvardag og si eiga framtid.

FN sin barnekonvensjon:

Bakgrunnen for dette arbeidet er forankra i FN sin barnekonvensjon. Den 20. november 1999 fyller konvensjonen 10 år. Konvensjonen har i løpet av disse åra fått stor innverknad, og den har blitt ratifisert av alle land i verda, bortsett frå USA og Somalia. Både arbeidet fram mot - og oppfølginga av denne konvensjonen er eit eksempel på godt samarbeid mellom offentlege styresmakter og frivillige organisasjonar.

Ansvaret for å følgja opp denne konvensjonen ligg til mitt departement. Eg synest derfor 10-års jubileet er ein fin sjanse til å setta born og unge sin medverknad i samfunnet på dagsorden.

Det er fleire grunnar til at born og unge sin medverknad og makt er viktig:

  • det er dei som vil oppleva konsekvensane av dei vedtak som blir fatta i dag.
  • større medverknad gir ein meir treffsikker politikk. Vi skal ikkje berre laga ein oppvekstpolitikk for born og unge. Vi må i større grad laga ein politikk saman med born og unge.
  • i tillegg handlar dette om demokrati som eg var inne på tidlegare. Dersom vi som vaksne verkeleg vil at dei unge skal engasjera seg i samfunnet, må vi også gje sjanse til det.

68’ar-generasjonen synest det er trist at dagens ungdom ikkje går i demonstrasjonstog, slik dei gjorde. Men det er ikkje lett læra born engasjement ved å bestemma over dei til dei fyller 18 år, og når bursdagen er feira så skal ansvar og engasjement dukke opp som troll av ei eske.

Nei, engasjement må lærast gradvis gjennom oppveksten. Den beste måten å læra det på er ved å sjå at engasjementet nyttar; at engasjerer du deg, så får du òg innverknad.

Eit anna viktig argument for å fremja born og unge sin medverknad er at dei er ein stor kunnskapsressurs. I samfunnet i dag brukar dei unge stadig fleire år av livet sitt på skulebenken, i ein posisjon der dei er økonomisk avhengige av vaksne. Det er lett å sjå avhengige personar som umyndige, sjølv om dette er ressurssterk ungdom under utdanning. Parallelt med denne utviklinga blir dei unge eit ideal for vaksne sin utsjånad i media og reklame. Eg ønskjer derimot å fremja synet på born og unge som samfunnsindivid, ikkje som forbrukarideal. Det er dei unge som veit best kva det vil seie å vera ung i Noreg i dag. Den kunnskapen bør vi vaksne dra nytte av.

Heljar Mjøen har sagt det slik:

«Fordelen ved de eldre er at de har erfaring.
Fordelen ved de unge er at de ikke har det.»

Vi treng nokon som tenkjer nytt. Nokon som tenkjer stort, og som har ein annan ståstad enn vi som er vaksne politikarar.

Ungdommens Demokratiforum:

Eg siterte Heljar Mjøen då eg opna Ungdommens Demokratiforum i desember i fjor. Ungdommens Demokratiforum er den ferskaste spira på stammen av medverknadsfora, og blei oppretta etter eit initiativ frå Barne- og familiedepartementet. Forumet består av 16 ungdommar i alderen 14 til 26 år frå ulike delar av landet og frå ulike organisasjonar.

Mandatet deira er å gje meg direkte råd om korleis born og unge kan få meir innverknad i samfunnet.

Men det er ikkje berre eg og mitt departement som ønskjer eit slikt forum. Forslaget er diskutert i statssekretærutvalget for barne- og ungdomsspørsmål, som har slutta seg til. Det vil sei at mange departement står bak, medrekna statsministerens kontor. Det gir ei breiare forankring for det arbeidet forumet skal gjera.

Opprettinga av Ungdommens Demokratiforum er på ingen måte meint å skyva organisasjonane ut i prosessen med å fremja born og unge sin medverknad i samfunnet. Tvert imot er dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane ein av born og unge sine viktigaste kanalar for medbestemming. Opprettinga av Ungdommens Demokratiforum er ein del av ei større satsing på medverknad for born og unge, der organisasjonane må spela ei sentral rolle.

Barnehøyringsboka:

Medverknad for born og unge vil sei at dei aktivt får delta i avgjerder som har noko å seie i samfunnet, og lærer engasjement ved å sjå at det nyttar. Barnehøyringsboka, som eg nett har fått overlevert, er eit godt eksempel på korleis vi kan gje born sjanse til å påverka våre avgjerder. Under Barnehøyringa fekk eg, og fleire andre statsrådar, sjanse til å møta born andlet til andlet og diskutera med dei på borna sine eigne premissar. Det sette eg stor pris på.

  • sei noko personleg om opplevinga/den utfordringa det var å møtast på denne måten.

Andre gode eksempel på korleis vi kan legga til rette for at barn og unge kan få innverknad, finn vi i dei kommunale og fylkeskommunale barne- og ungdomsråda, i aktive elevråd i skulane og i dei frivillige organisasjonane sitt arbeid med å utvikle nye leiarroller og nye metodar i arbeidet med born og unge.

Dei frivillige organisasjonane:

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er ein etablert og viktig arena for born og unge. Dei gjer born og unge ein møtestad, dit kjem dei av eigen fri vilje - får eg håpa… Der kan dei kan dyrka sine interesser og vera saman med andre. Det er ein stad å høyre til.

Det er lett å engasjera seg på ein stad ein høyrer til. Derfor har organisasjonane eit godt utgangspunkt for å arbeida med born og unge sin medverknad. Det er eg glad for at de gjer!

Organisasjonane har eit godt utbygd demokratisk apparat, som gjer folk sjanse til å ta ansvar og bli leiarar i ung alder. Mange av dei metodane som blir brukt i arbeidet med å få fram born sine meiningar, og ta dei på alvor, er utvikla av organisasjonane sjølv. Derfor er organisasjonane ein uerstatteleg samarbeidspartner for departementet når det gjeld å fremma born og unge sin medverknad.

Eg veit at de ofte høyrer rosande ord for den jobben de gjer. De har høyrt det frå meg tidlegare. De har høyrt det frå andre statsrådar og politikarar. Samstundes veit eg at de er frustrert over alle dei rosande orda som ikkje resulterer i bedra rammevilkår for arbeidet dykkar.

Sentrumsregjeringa har gjort viktige ting på dette området. Vi har lagt fram ei tilleggsmelding for frivillige organisasjonar som vil resultera i bedra økonomi for lokalledda i organisasjonane. Sjølv om vi ikkje var fullt ut einige om alt i den stortingsmeldinga, trur eg likevel både de i organisasjonane og regjeringa er tilfreds med det vi har fått til på dette området.

Regelverket for tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar debatterte de i går. Eg kjem rett frå ei reise i Nord-Norge, og har derfor ikkje fått med meg det som blei vedtatt. Eg kan derfor heller ikkje i dag sei kva vi frå departementet si side vil følgja opp, men eg er sikker på at vi er einige om ein ting:

Det er behov for ein gjennomgang av regelverket. Målet for vår gjennomgang er klart: Innafor dei rammene vi har vil vi at regelverket skal vera så enkelt som mogeleg for organisasjonane å forhalda seg til. I det arbeidet vi held på med i departementet vil vedtaka som blei gjort her i går, vera viktig.

Barn i fokus:

Det siste eksempelet på samarbeid mellom departementet og organisasjonar om dette temaet er prosjektet «Barn i fokus», som tek form i disse dagar. «Barn i fokus» er eit paraplyprosjekt for alle organisasjonar som arbeider for og med born, og som ønskjer å setja born sine rettar på dagsorden i jubileumsåret 1999, og inn i det neste tusenåret. Prosjektet skal gje idear og tips til lokal aktivitet som skal fremja born sin medverknad. Sekretariatet ligg hos LNU.

Prosjektet « Barn i fokus» legg vekt på to ting:

  • born og unge sin medverknad
  • og haldningar blant vaksne til born og unge sin medverknad.

Eg vil gjerne ta tak i det siste, fordi eg trur det er her den største oppgåva ligg. Born og unge deltek når forholda ligg til rette for det, og når dei får sjanse til det. Verre er det for vaksne å ta omsyn til det dei seier.

Det finst mange vaksne som er opptatt av born og ønskjer å gjere gode ting for born. Men dei trur ofte dei sjølve veit best kva som er godt for born. Dei tenkjer ikkje over at det vaksne meiner er bra for born, ikkje alltid stemmer overeins med det borna sjølv meiner. Å få vaksne til å lytta til born, før dei avgjer kva som er bra for borna, er ei stor utfordring vi må ta tak i saman.

At vaksne forstår at medverknad ikkje berre er til for å oppdra born og unge i demokrati, men og er eit middel for å gje dei innverknad på avgjerder, er nødvendig for at vi skal lykkast.

Om vi set i gang medverknadsprosjekt der born og unge ikkje blir høyrt, lærer dei at det ikkje er noen vits i å engasjere seg; det er jo ingen som tar meg på alvor likevel.

Dette er den største faren med å setja born sin medverknad på dagsorden; at vi formidlar ein bodskap til dei unge om at demokratiske arbeidsmetodar er nyttelause. Den fella må vi ikkje gå i!

Arbeidet med å fremja born og unge sin innverknad i samfunnet er altså godt i gang, men det er mange oppgåver som står igjen. Ei av disse oppgåvene tek de opp her på tinget:

Situasjonen til dei fleirkulturelle organisasjonane.

Våre nye landsmenn er ei av fleire minoritetsgrupper blant born og unge, som har det særleg vanskeleg for å bli høyrd. Minoritetsgruppene har særskilde interesser og problem, som ofte ikkje kjem fram i dei etablerte medverknadskanalane for born og unge. Samstundes kan dei ha problem med å bli høyrt gjennom eigne organisasjonar. Det må ikkje vera slik at vi skapar organisasjonar og system som blir eit hinder for at nye røyster skal høyrast i samfunnsdebatten.

Departementet ønskjer at mindre grupper, som mellom anna innvandrarungdom og andre minoritetsgrupper, skal kunne ha eigne nasjonale organisasjonar som bidreg til mangfald i organisasjonslivet. Derfor har vi eit regelverk for støtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, som opnar for særskilt behandling av nystarta organisasjonar og organisasjonar med spesielt avgrensa rekrutteringsgrunnlag. Disse skal og ha rett til liv.

Om regelverket er godt nok for slike organisasjonar er eit spørsmål vi har til vurdering. Eg er glad for at LNU på same måte vurderer om dykkar strukturar er gode nok til å fange inn disse gruppene.

Avslutning:

Dei etablerte demokratiske verktøya i samfunnet er skapt av vaksne. Dei er tilpassa vaksne sin måte å tenkja og arbeida på. Vaksne har god tid når vi tek avgjerder, mens unge vil sjå raske resultat av engasjementet sitt. Dei etablerte strukturane er derfor ofte dårlege reiskapar for å få fram born sine tankar og meiningar.

Å gje born sjanse til å ta del i vaksne sine demokratiske strukturar er derfor ikkje det same som å gje dei innverknad.

Vi må vere klar over at formelt demokrati ikkje er det same som reelt demokrati.

Vi må ikkje vere nøgde med oss sjølve berre vi har etablert ein demokratisk struktur der born og unge deltek.

Skiljet mellom formelt og reelt demokrati kjem og inn i samband med uorganisert ungdom som ikkje blir fanga opp av etablerte organisasjonar og demokratiske strukturar. Sjølv om born og unge har kanalar å uttrykkje meiningane sine gjennom, er det store grupper som ikkje deltek i dei kanalane som finst. Det er eit demokratisk problem, som vi må finne løysingar på.

Kva er det med dei etablerte kanalane og organisasjonane som gjer at så mange born og unge ikkje ønskjer seg inn i dei?

Kva slags barrierar finst mellom disse ungdommane og organisasjonane? Kva må gjerast for at fleire unge skal oppleve organisasjonane som ein stad dei høyrer til?

Eg er glad for at de også tar tak i denne delen av debatten. Eg håpar på gode innspel frå barne- og ungdomstinget, og frå den enkelte av dei organisasjonane som er representert her.

Lukke til!

Lagt inn 26. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen