Historisk arkiv

Har vi kontroll på barnevernet?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland

Har vi kontroll på barnevernet?

Fylkesmannsmøte 2. desember 1999

Innleiing

Det bles ofte hardt rundt barnevernet. Slik skal det òg vera, samfunnet si handsaming av dei svakaste og mest utsette borna skal vera gjenstand for debatt og ikkje minst kontroll. Har vi kontroll på barnevernet? har eg sett som overskrift på innlegget mitt her i dag. Dermed er eg rett inne i Fylkesmannen sine oppgåver i høve til barnevernet.

Fylkesmannen sitt ansvar

Etter gjeldande lov og forskrifter er det fylkesmannsembeta som har ansvaret for å føra tilsyn med institusjonar for born og unge, både dei institusjonane som er innpassa i fylkeskommunane sine planar og dei som er heilt private. Eg vil òg nytta høvet til å streka under heilskapen i fylkesmannen sitt tilsynsansvar. Loven seier at fylkesmannen plikter å føra tilsyn med barnevernet i dei einskilde kommunar og fylkeskommunar.

Eg trur det er viktig med eit heilskapleg og offensivt tilsyn som kan vera i forkant av problema. Tilsyn skal ikkje berre vera ei etterprøving av om til dømes institusjonar gjer det dei skal gjera.

Målet med tilsynet er å sjå etter at lov og regelverk blir handsama på ein rett måte. Dette gjeld både i høve til barneverninstitusjonane og forvaltninga i kommunar og fylkeskommunar. Det viktige er at born og unge får ein forsvarleg omsorg og behandling. Vidare skal tilsynet sjå etter at borna blir teke omsyn til og respektert. Fylkesmannen skal vera merksam på tilhøve som kan påverka borna si utvikling, trivsel, velferd og rettstryggleik. Ein skal hugsa på at dei borna vi snakkar om her er dei aller svakaste, og dermed born samfunnet har eit særleg ansvar for. Derfor er det heilt naudsynt, og det vil eg streka under, at tilsynet til ei kvar tid fungerer slik at desse borna kjenner støtte og tryggleik når dei må bu utanfor heimen.

Det fylkeskommunale ansvaret

I lys av den auken vi har hatt av private barneverntiltak, er det behov for å sikra at born og ungdom i desse tiltaka har eit forsvarleg tilbod. Frå staten si side er det i den seinare tid gjort mykje for å sikra at fylkeskommunane , som har det faglege og økonomiske ansvaret for institusjonane - òg dei private - følgjer opp kvaliteten på alle institusjonane. Barne- og familiedepartementet har kvart år sidan 1995 løyvd øyremerka midlar for å styrkja kompetansen i arbeidet med born og unge som vert plasserte på institusjon, særleg born og unge med alvorlege åtferdsvanskar. Mellom anna er det oppretta team eller rettleiingstenester som skal hjelpa kommunane med å finna høvelege tiltak, samt følgja opp tiltaka. Mange fylkeskommunar arbeider òg med kvalitetssikring av institusjonane som eit ledd i kompetanseutviklinga. Denne løyvinga vil vi halda fram med.

Eg tar det nærast for gitt at fylkeskommunane sikrar sine eigne institusjonar med omsyn til rettstryggleik og fagleg nivå. Men dei må òg stilla dei same krava til dei private tiltaka dei nyttar. Dette ansvaret har ikkje fylkeskommunane til no tatt alvorleg nok. Av den grunn har Stortinget i år vedtatt ei lovendring § 5-8 i Lov om barneverntenester som inneber at dersom fylkeskommunen vil gi økonomisk støtte til eller bruke ein privat institusjon som en del av sitt tilbod, må han undersøkja og sørgja for at institusjonen vert driven i samsvar med lova og elles på ein fagleg forsvarleg måte.

For å streka under fylkeskommunane sitt ansvar for alle institusjonane har departementet dei siste to åra òg støtta eit prosjekt der fylkeskommunane sjølve har gått igjennom alle private institusjonar som dei nyttar. Etter denne gjennomgangen kan dei på den eine sida luka bort dei tiltaka som ikkje held mål med omsyn til faglege standardar og rettstryggleik, på den andre sida kan dei ta vare på dei private tiltaka som har prova at dei held mål.

Som eit resultat av dette prosjektet i regi av fylkeskommunane, ligg det no føre forslag til ei prosedyre for samarbeid mellom fylkeskommunane og private institusjonar. Det er meininga at utan ein slik forpliktande samarbeidskontrakt, vil ein institusjon ikkje bli nytta. Dei dokumenta som etter forslaget skal nyttast – mellom anna eit ”grunnlagsdokument” og ei samarbeidsavtale – er òg veleigna som utgangspunkt for tilsyn. Dette må tyda at fylkeskommunen, før dei skriv under ei avtale, har konkret vurdert institusjonen og driftsplanane.

Hovudresultatet av den kartlegginga av private institusjonar som alle fylkeskommunane no har vore igjennom, er at fylkeskommunen vil stille strengare krav til rammer og innhald i dei private tiltaka. På det viset er prosjektet ei handfast oppfølging av den nye § 5 – 8. Når departementet no får resultata av fylkeskommunane sitt prosjekt i høve til bruk av private institusjonar formelt oversendt, vil vi vurdera om dette systemet bør gjerast obligatorisk. I praksis vil dette kunna fungera som ei form for godkjenningsordning, som igjen blir sikra eksternt gjennom fylkesmannen sitt tilsyn.

Departementet si erfaring, mellom anna på grunnlag av dei klagesakene vi har hatt så langt, er at staten ved fylkesmennene ikkje kan ha hovudansvaret for at desse institusjonane vert drivne på ein fagleg forsvarleg måte. Fylkesmannen sitt tilsyn er eit tilsyn med rettstryggleiken. Fylkesmannen skal sjølvsagt òg sjå på heilskapen og dermed den faglege verksemda i kommunar og fylkeskommunar. Men det er fylkeskommunen som er bemanna med spisskompetanse på behandling av åtferdsvanskeleg ungdom, mellom anna gjennom vår løyving til kompetanseheving på dette området. Det er òg fylkeskommunen som sit med makta, kan ein seia, for dei kan la vera å senda ungdomane til institusjonar dei ikkje syns held mål.

Det er ikkje høve til å klage på det. Men skal fylkesmannen vurdera og godkjenna den faglege kvaliteten, blir dette gjenstand for klage til departementet. Og verken departementet eller forskingsmiljøa har klare svar som kan prøvast i ein rettssal på kva som er effektiv behandling.

Departementet har oppretta ei stilling ved Universitetet i Oslo som skal forska mellom anna på kva som er effektiv behandling av åtferdsvanskelge born og unge i institusjon. Målet er å koma fram til enkelte gode opplegg. Resultata vil bli formidla til fylkeskommunane som i framtida berre skal senda born til institusjonar som er fagleg gode. Eg kan ikkje ta standpunkt til kva som er fagleg gode opplegg, og det skal heller ikkje mitt embetsverk. Det må fagmiljøa sjølve gjera.

Departementet har ved kvart høve understreka overfor fylkeskommunane deira ansvar for desse institusjonane. Vi vil drøfta dette vidare med dei, mellom anna om det krevst fleire lovendringar for å presisera at det er fylkeskommunen som har det faglege ansvaret for desse institusjonane. Dersom fylkesmennene har mistanke om at fylkeskommunane ikkje tek ansvaret sitt, bør de umiddelbart ta det opp med departementet, og vi vil reagera med ein gong.

Når det gjeld dei fysiske forholda ved institusjonane, meiner eg òg at fylkeskommunane må vurdera dette, på same måte som fylkesmannen må det. Eg vil vurdera å påleggja fylkeskommunane å utarbeida visse normer, men eg trur at talet på kvadratmeter til ulike forhold er uten verdi i forhold til behandlingsopplegget og drifta ved institusjonane. Innafor visse grenser er det ikkje dei materielle forholda som er viktigast for åtferdsvanskelege unge, slik det heller ikkje er for andre born.

Eg vil òg kort nemne at departementet - saman med fylkeskommunane - er i gang med å iverksetja to nye behandlingsmetodar for born og unge med alvorlege åtferdsproblem; ”Multisystemisk terapi” (MST) og Parent Management Training (PMT)). Behandlinga skal skje utanfor institusjon og i nær kontakt med heim og nærmiljø. Metodane krev eit fagleg og økonomisk samarbeid mellom fylkeskommunar og kommunar. På sikt forventar vi at dette tilbodet vil gje gode resultat med born, unge og familiar som treng slik hjelp, samstundes som det vil redusera behovet for dei plasseringane i institusjon som krev flest tilsynsbesøk.

Utfordringar for tilsynet

1) Økonomi

Departementet har diskutert utfordringar for tilsynet med representantar frå embeta ved fleire høve, seinast på SOFA-møtet sist veke.

Det har lenge vore kjent at utviklinga i embeta sin økonomi skapar problem i høve til å få gjennomført det lovbestemte tilsynet. Embeta har i dei seinare åra fått nye oppgåver på ei rad fagområder utan at dei har fått styrkt budsjettet tilsvarande. Snarare tvert om; embeta har fått kutt i budsjetta, i salderinga av 1997-budsjettet blei det kutta 50 millioner. Dette reduserte nivået er ført vidare i seinare budsjett.

Slik eg ser det, kan ressurssituasjonen ha medverka til å gjera embeta og departementet sitt arbeid på dette området vanskelegare. Dette forholdet har vi peika på for Stortinget i budsjettproposisjonane for 1998, 1999 og no for 2000.

Eg vil likevel minne om på dette punktet at embeta i 1993 fekk ekstra ressursar for å klara dei nye krava mellom anna til tilsynsoppgåvene.

Departementet har ikkje andre virkemiddel overfor embeta enn å påtala og streka under kor viktig det er at det lovpålagte tilsynet blir prioritert i fylkesmannen sine oppgåver.

Budsjettforslaget for 2000 og førebels tildelingsbrev for 2000 legg vekt på at tilsynsverksemda er vesentleg for born og unge si rettstryggleik når dei er i barneverntiltak. Det er derfor viktig at alle institusjonar får tilsyn. Born og ungdom som må bu på institusjon, skal vera sikre på at dei er på ein trygg stad. Samfunnet må òg vera trygg på at tiltaka er forsvarlege tilbod til borna sitt beste. Fylkesmannen si primære oppgåve er derfor å sikra at tilboda er i tråd med lover og forskrifter.

2) Krav om for mange tilsynsbesøk?

Det har og kome fram at tilsynet slit med å komme opp i 8 tilsynsbesøk, slik loven krev der born og unge er plasserte etter åtferdsparagrafane. Dette problemet er fyrst og fremst resultatet av at vi har hatt ei auke i talet på tiltak som tar i mot born og unge på dette lovgrunnlaget. Mange av desse ”miniinstusjonane” er i røynda private heimar, altså ei form for forsterka fosterheimar. I tillegg til at det vert mange einingar, vert det frå tilsynet si side hevda at så mange besøk i året er for mykje når ein veit at desse heimane i tillegg vert følgd opp av kommunen og fylkeskommunen. Departementet vurderer derfor om ein skal innføra ei ordning med å godkjenna desse heimane som fosterheimar. Ei slik ordning vil òg kunna avlasta tilsynet.

I media kan ein ha fått inntrykk av at når tilsynet har problem med å oppfylla lova sitt krav om 8 besøk i året, er det det same som at tilsynet har

dårleg kjennskap til desse institusjonane. Det er ikkje tilfelle. Alle born og unge som er i slike tiltak, får tilsyn, men embeta viser til at ein vanskeleg ressurssituasjon gjer det vanskeleg å oppfylla lova sine kvantitative krav.

3) Ny metodikk - fleksibilitet

I diskusjonane har det òg kome fram eit behov for fleksibilitet og ny metodikk. Kvalitet er viktigare enn kvantitet, vert det sagt. Eg har òg stor tru på utvikling av alternativ tilsynsmetodikk. BFD har derfor i samarbeid med SHD engasjert seg i eit arbeid med vurdering av ny tilsynsmetodikk som både tar omsyn til det einskilde born sin rettstryggleik (individtilsyn) og tilsyn basert på prinsipp om internkontroll (systemrevisjon). Dette prosjektet finn stad i Hordaland.

Frå før sit vi inne med gode erfaringar frå forsøk i fire fylke med tilsyn basert på internkontrollprinsippet (Hedmark, Østfold, Buskerud og Sør-Trøndelag). Det er òg i gang eit arbeid med å utvikla ein rettleiar basert på erfaringar med forvaltningstilsyn etter dei same prinsippa Erfaringane frå desse forsøka vil kunne seia oss noko om det er grunnlag for å innføra ein felles metodikk med systemrevisjon basert på prinsipper om internkontroll.

I denne samanhangen er det viktig å presisera at departementet er spesielt opptatt av å sikra individtilsynet. Dette for å ivareta rettstryggleiken for born òg unge plasserte etter §§ 4- 24 og 4 – 26 i barnevernlova. Når Arbeids- og administrasjonsdepartementet tar til orde for å utvikla eit statleg tilsyn uavhengig av sektor, er eg primært opptatt av at den nye metodikken skal sikra rettstryggleiken til det einskilde barn som er busett på institusjon.

Avslutning

I den seinare tid har det vore nokre oppslag i media om overgrep i barneverninstitusjonar. Etter det eg har kunna finna ut, er dei fleste av desse sakene fleire år gamle, og for lengst rydda opp i. Dessverre kan vi aldri gardera oss mot overgrep, verken i institusjonar eller andre stader.

Vi kan berre gjera vårt yttarste for at overgrep ikkje skal skje.

For å halda høg beredskap og fokus på mogelege overgrepssituasjonar i institusjonane, har departementet eit arbeid i gang for å lage retningsliner og rutinar for korleis institusjonane skal handsama tilfelle der ein har mistanke om seksuelle overgrep gjort av tilsette. Dette arbeidet finn stad i Vest-Agder og vil bli avslutta på nyåret, og omfattar òg skolar og barnehagar.

Heilt til slutt attende til overskrifta: Har vi kontroll på barnevernet?

Etter mitt syn har vi langt på veg slik kontroll, samstundes som mykje kan og må bli betre. Arbeidet med forbetringane er godt i gang, og eg kjem i tida framover til å følgja nøye med. Ikkje minst vonar eg på ein god dialog med fylkesmennene om desse utfordringane, både her etter innlegget mitt, og i tida framover.

Lagt inn 3. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen