Historisk arkiv

Utkast til opning av ungdommens demokratiforum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Utkast til opning av ungdommens demokratiforum

27.01.99, kl 1000

Velkomne!

Dette er ei hending som eg har sett fram til.

Eg veit ikkje om vi er dei første i verda som har valt å opprette eit slikt ungdomsforum på statleg nivå, men det er i alle fall sikkert at vanleg er det ikkje.

Vi i Barne- og familiedepartementet ønskjer at de ungdommar skal gi oss tips og råd om korleis born og ungdom kan få større påverknad på utviklinga av samfunnet. Det er kort sagt mandatet dykkar.

Og det er store ord - som nokre kanskje trur er noko vi gjer for å ha noko å smykka oss med. Men eg kan forsikra dykk: Dette skal ikkje bli noko papirforum. Det er derfor vi har sagt at de skal kunne koma med forslag undervegs. Vi skal ikkje venta på ein rapport i to år før vi gjer noko.

Initiativet til å danna dette forumet har kome frå Barne- og familiedepartementet. Men det er ikkje berre eg og mitt departement som ønskjer eit slikt forum. Forslaget er diskutert i statssekretærutvalet for barne- og ungdomsspørsmål, som har slutta seg til. Det betyr at det er mange departement som står bak, medrekna statsministerens kontor. Men som det står i mandatet dykkar, er det eg som skal ha innspela frå dykk. Eg vil då vurdera den vidare oppfølginga ut frå dei tema som de tek opp. I tillegg vil statssekretærutvalet bli halde orientert om arbeidet i forumet og dei forslaga som de kjem med.

Eg vet ikkje om de ventar at arbeidet skal resultera i radikale forandringar. Det kan eg heller ikkje lova, men eg kan seia noko om mine forventningar. Vi som arbeider på sentralt nivå, opplever sjeldan at born og ungdom er ei pressgruppe. Det hender at Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar minner oss om at ungdom blir gløymde, og at ungdom bør bli representert i enkelte av dei råda og utvala som vi set ned. Det har vi fleire eksempel på. Eg vonar derfor at de skal seia noko om ungdoms behov og interesse for å delta i demokratiske prosessar og politiske system, og at de vil gi oss forslag til korleis vi skal få det til.

Det er ikkje sikkert at vi alltid vil bli einige. Det kan henda at de vil koma med forslag som eg er ueinig i. Men då skal de få eit svar som sier noko om kva eg og regjeringa meiner, og vi skal grunngje svara våre slik at de skal få vita kvifor vi er ueinige med dykk.

Eg er sikker på at de er opptekne av mange forskjellige tema. Ut frå sammensetninga av forumet veit eg at de er engasjerte i mange aktuelle problemstillingar og utfordringar som ungdom står overfor, anten det er skulespørsmål, utdanning og arbeidshøve, vald, mobbing, rus, rasisme, kriminalitet eller offentlege tilbod innanfor kultur og fritid. Miljøspørsmål er sikkert mange av dykk også opptekne av.

Eg ventar ikkje at de som ungdomsforum skal koma med forslag til betringar på alle desse områda. Det er ikkje derfor vi valde å setja ned dette forumet. De skal ikkje vera ein høyringsinstans om alle spørsmål som gjeld ungdom. De skal heller ikkje vera ungdommens verdikommisjon. Vi ber dykk om å seia noko om kva ungdom bør få innverknad på, og på kva måte.

Utgangspunktet vårt er at ungdom har liten innverknad i dagens samfunn, og at dei deltek for lite i utforming av politikk og innsats på mange samfunnsområde. Dersom vi skal forma eit samfunn som et godt for alle, må vi i større grad gjera oss nytte av dei ressursane og den kompetansen som ungdom sit inne med.

I mandatet for forumet er desse spørsmåla sette opp som aktuelle for drøfting:

  • Kva barrierar finst i dag for at ungdom kan vera med og påverka samfunnsutviklinga?
  • Korleis sikra at ungdom blir tekne med på råd og høyrde når offentleg politikk skal utformast?
  • Korleis kan det leggjast betre til rette for deltaking og engasjement frå ungdom i plan- og avgjerdsprosesser - både på kommunalt og på statleg nivå?
  • Korleis sikra auka medverking og påverknad i skule, fritid og nærmiljø?
  • Korleis kan vi sikra engasjement og deltaking frå den store breidda og mangfaldet av ungdomsgrupper?

Dette er spørsmål som de kan velja om de vil ta tak i.

Det er viktig at de undervegs er i jamn dialog med andre ungdommar. Det er truleg ikkje noko problem. I tillegg til at de jo representerer forskjellige ungdomsgrupper, vil truleg ei eiga heimeside på Internett også bidra til debattar. I tillegg kan de arrangera høyringar o.l. for å få andre ungdomsgrupper, aktuelle fagfolk, forskarar eller andre aktuelle ressurspersonar til å bidra til debatt og vidareutvikling på dei områda som de vel å arbeida med.

Ein aktuell samarbeidspartnar er referansegruppa om ungdom og makt som Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) har sett ned. Den gruppa har jamn dialog med ungdommane som sit i Vallov-utvalet, referansegruppa til Maktutgreiinga og Verdikommisjonen.

Det er ikkje nye problemstillingar de skal ta fatt i. Vi, statlege myndigheiter, har hatt medverking frå barn og ungdom som eit satsingsområde i nokre år. Men det har ikkje skjedd nok, korkje på statleg, regionalt eller kommunalt nivå.

I år er det 10 år sidan vi fekk Rikspolitiske retningslinjer for å styrkja born og unges interesser i planlegginga, vedteke ved Kongeleg resolusjon i 1989. Der heiter det at kommunane skal organisera planprosessen slik at synspunkt som gjeld born som den eine parten kjem fram, og at ulike grupper av born og ungdom sjølve skal få høve til å delta. Men vi veit at det ikkje skjer nok i kommunane og i fylka. Nokre kommunar bruker elevråd som høyringsinstans i plansaker. Og det er etter kvart mange kommunar som har eit barne- og ungdomsråd som får saker til uttale, men det er ikkje mange nok.

FNs konvensjon om barns rettar er også 10 år i år, vedteke av Dei sameinte nasjonane i 1989. Noreg skreiv under barnekonvensjonen og godtok den i 1991. I oppfølginga av konvensjonen i Noreg, er artikkel 12 mykje omtala. Den artikkelen handlar om born sin rett til å seia meiningane sine og bli høyrde i saker som gjeld dei. Gjennom rikspolitiske retningslinjer har vi konkretisert at born og ungdom skal høyrast i plansaker. Men det er også andre avgjerdsprosessar som vedkjem born og ungdom - på lokalt, regionalt og statleg nivå. Og sjølv om eg no har nemnt barnekonvensjonen spesielt, betyr ikkje det at vi ikkje tenkjer på ungdom over 18 år. Det er nok mange eksempel på offentlege utval der det er få eller ingen representantar under 30 år.

Eg kjenner til at Barneombodet driv og byggjer opp eit elevrådsnettverk på Internett der det skal bli mogeleg for elevråd i heile landet å vera med å stemma i saker som skal opp til behandling i regjering og Storting. Det er positivt at det slik vil bli gitt informasjon til born og ungdom om saker som gjeld dei. Men minst like viktig er det at vi i regjeringa og representantane på Stortinget får høyra kva born og ungdom meiner om sakene. Dersom Barneombodet lykkast i dette arbeidet, vil det bli ein kanal mellom elevar i skulen og statlege myndigheiter. Men det åleine er ikkje nok.

Eg vil også nemna eit døme på noko anna som er på trappene. Det er nettopp sett ned eit planlov-utval som skal leggja fram forslag til endringar av plan-avgjerdene i plan- og bygningslova og nærslekta lover. Der er ikkje ungdom representert. Men det skal setjast ned arbeidsgrupper som skal arbeida med forskjellige emne. Eg tek no noko av utviklinga på forskot; vi vil nok foreslå å setja ned ei arbeidsgruppe med tema barn og ungdom, og då kan det vera naturleg at vi også får med representantar frå ungdommen. Men dette er på ein måte eit litt for enkelt eksempel fordi temaet er born og ungdom. Då er det lettare å vurdera om born og ungdom sjølve bør vera representerte. Vi veit at det er fleire andre tema der born og ungdom ikkje blir vurderte som aktuelle deltakarar. Derfor har vi altså valt å setja ned dette forumet.

Eg skal ikkje ta for mye av tida dykkar. Eg vil berre til slutt seia noko om at det er ein del arbeid som pågår i departementa som vil bidra til å styrkja ungdommen sin påverknad, særleg lokalt. Eg vil særleg nemna satsinga vår på ungdomstiltak i større bysamfunn og ungdomssatsinga i distrikta. Vi har også starta eit utviklingsprogram for å styrkja oppvekstmiljøet der ungdommens eigen innsats vil stå sentralt. Eg nyttar dessutan alle høve til å snakka om kor viktig det er med medverking frå born og ungdom når eg held foredrag for politikerarar, fagfolk og representantar for administrasjon på regionalt og lokalt nivå. Og vi satsar også ein del på å formidla erfaringar, idear og gode eksempel gjennom den vanlege informasjonsverksemda vår.

Men det skjer ikkje nok!

Vi veit at ting tek tid. Vi veit også at vi vaksne kan vera vanskelege å lea på og flytta på, og vanskelege å motivera til å tenkja nytt når vi har vore lenge i ein posisjon og profesjon. Vi treng derfor utålmodig ungdom. Vi ønskjer at ungdom sjølv skal vera med på å påverka utviklinga. Derfor har vi valt å la dykk gi oss tips og råd om dette fortløpande.

Eg vil til slutt ønskja dykk lykke til i arbeidet!

Lagt inn 1. februar av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen