Historisk arkiv

Omfattande endringar og reduksjonar i Luftforsvaret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Pressemelding

Nr 023/98
27 mars 1998

Omfattande endringar og reduksjonar i Luftforsvaret

Regjeringa foreslår i St prp nr 45 (1997-98) Om visse organisasjonsendringer mv i Forsvaret å dele inn Luftforsvaret sine flystasjonar i hovudbasar og deployeringsbasar. Dei mobile kampeiningane skal også vere i stand til å operere frå andre flyplassar enn dei krigsoppsette, såkalla feltbasar. Det vert foreslått å redusere tale på krigsoppsette flystasjonar til 12 (i dag 17), der fire er hovudbasar (i dag 3) og åtte er deployerings-basar. Forslaga i proposisjonen inneber eit potensial for personellreduksjonar tilsvarande 240 årsverk. Potensialet for kostnadsreduksjonar over ein tiårs periode er rekna ut til ca 309 millionar kroner.

Hovudbasane vil vere dei tre krigsoppsette hovudflystasjonane Rygge, Ørland og Bodø samt Bardufoss. Det vert foreslått å etablere som deployeringsbasar Torp, Gardermoen, Sola, Flesland, Værnes, Evenes, Langnes og Andøya. Deployeringsbasane vil ha redusert krigsoppsetning i forhold til hovudbasane, og liten eller inga fredsoppsetning, avhengig av det enkelte fredsoppdrag. I kategorien feltbasar inngår alle militære og sivile rullebanar som ikkje er omtala som hovud- eller deployeringsbasar. Feltbasane kan brukast om nødvendig, men det vil ikkje bli gjennomført førebuande tiltak av noko slag.

Departementet foreslår å konsentrere flystasjonanes fredsdrift til Rygge, Ørland, Bodø, Bardufoss, Gardermoen og Andøya. Gardermoen flystasjon har ansvar for å understøtte Luftforsvaret sine tunge transportfly (335-skvadronen) og Andøya flystasjon har ansvar for å understøtte maritime overvakingsfly (333-skvadronen). Noverande stasjonsnivå vedlikehald av flyskrog og avionikk på F-16 vert sentralisert som eit nytt mellomnivå vedlikehald ved Bodø hovudflystasjon innan utløpet av 2000.

Sola flystasjon vert foreslått å gje kadrestatus innan utløpet av 1999. Banak flystasjon vil bli underlagt Bodø hovudflystasjon. Dei andre flystasjonane i fredsorganisasjonen vert foreslått sett på mobiliseringsstatus - Torp og Flesland flystasjon innan utløpet av 1999 og Værnes og Evenes flystasjon innan utløpet av 2000. Innan utløpet av 2000 får Værnes flystasjon, Luftforsvarets rekruttskole og Luftforsvarets flygeskole felles leiing gjennom å opprette Luftforsvarets skolesenter Værnes.

Vidare vert det foreslått å leggje ned Kontroll- og varslingssenter (CRC) Reitan innan utløpet av 1999 og lokalisere til Kjevik den grunnleggjande befalsutdanninga i Luftforsvaret innan utløpet av 2000 samstundes som ein legg ned dei to befalsskolane i Luftforsvaret, ved Kjevik og Stavern. Forslaga legg óg opp til å samlokalisere Baseforsvars- Flytrygging- og Evalueringsinspektoratet til Rygge hovudflystasjon.

Bakgrunn

NATO har utvikla eit nytt konsept basert på lettare, meir tekniske avanserte og mobile reaksjonsstyrkar. Forsvaret har endra sitt operasjonskonsept som skal leggjast til grunn for utviklinga og bruken av norske militære styrkar i fred, krise og krig. Det er eit konsept som legg stor vekt på dynamikk, eldkraft og moblitet. Saman med målsettinga om å redusere driftsutgiftene til fordel for materiellinvesteringar, har denne utviklinga gjort det naudsynt å gjere omfattande organisasjonsendringar i Luftforsvaret. Vidare vil ein ny krigsstruktur vere styrande for utforminga av hovudtrekka i ein ny fredsorganisasjon. Forslaga inneber òg visse endringar når det gjeld Heimevernets støtte til Luftforsvaret. Regjeringa vil gjere omstillinga så skånsam som råd både for personellet i Forsvaret og kommunar og lokalsamfunn som det vedkjem.

Kontroll over norsk luftrom er ein avgjerande faktor for Forsvaret si evne til å hevde suverenitet og motstå eit væpna åtak på Noreg. I moderne krigføring er luftherredøme avgjerande for heile forsvarsevna. Hovudmålet med Luftforsvaret som ein del av invasjonsforsvaret er å gje Forsvaret evne til å oppnå kontroll over eit avgrensa luftområde i eit avgrensa tidsrom. Denne kapasiteten skal ved behov kunne flyttast frå ein landsdel til ein annan. Styrkestrukturen er avhengig av NATO og krev evne til å leie og operere i nært samarbeid med fleirnasjonale styrkar.

I dag har Luftforsvaret 17 flystasjonar med krigsoppsetning. Av desse er tre hovudflystasjonar og 14 flystasjonar med ulike innslag av operative element. Operative flyskvadronar er berre oppsett ved eit fåtal av desse. Stasjonane har relativt store personelloppsetningar og den samla krigsoppsetning i Luftforsvaret er om lag 14 000 befal og 20 000 mannskap, totalt om lag 34 000.

Operative avdelingar i Luftforsvaret skal gjerast meir mobile og sjølvstendige ved å etablere eit mobilt støtteapparat som følgjer einingane når dei flytter. Hovudtyngda av personelloppseetninga kan på denne måten til ein kvar tid bli konsentrert til dei stasjonane som driv operativ verksemd. Behovet for stasjonære og personellkrevjande oppsetningar vil dermed blir redusert. Luftstyrkane si slagkraft skal oppretthaldast ved å redusere krigsoppsetninga og driftsutgiftene og satse på nytt materiell og høgare kvalitet og kompetanse.

Lagt inn 27 mars 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen