Historisk arkiv

Forsvarsministeren styrker grensekontrollen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 51/99
Dato: 17. august 1999

Forsvarsministeren styrker grensekontrollen

Forsvarsminister Eldbjørg Løwer har vedtatt å styrke grensekontrollen mellom Noreg og Russland. Grunnen er ønskje om å betre tryggleiken mot smugling og ulovlege grensepasseringar.

Kontroll og overvaking av grensa blir ivaretatt av Garnisonen i Sør-Varanger (GSV). GSV har mellom anna behov for oppgradering av observasjonspostar og kamera- og sambandsutstyr. I år er det venta over 100.000 grensepasseringar mellom Noreg og Russland. Forsvarsminister Eldbjørg Løwer har øyremerka ca 60 millionar kroner til dei naudsynte materiellinvesteringane, og pengane blir tatt frå det ordinære forsvarsbudsjettet. Disse investeringane er naudsynte uavhengig av innføring av Schengen-avtalen. Eventuelle utgifter som Forsvaret blir påført som direkte følgje av Schengen-avtalen vil bli vurderte av regjeringa i samband med utarbeidinga av statsbudsjettet for år 2000.

Lagt inn 17. august 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen