Historisk arkiv

Ny kystvaktlov - Kystvakta med politimyndigheit

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 080/99
Dato: 14. desember 1999

Ny kystvaktlov - Kystvakta med politimyndigheit

Kystvakta kan bruke fysisk makt og tvang overfor personar og fartøy når det er naudsynt, fastslår den nye kystvaktlova, Lov av 13. juni 1997 om Kystvakten, som trådte i kraft 5. november i år. Lova gir og Kystvakta grunnlag for å opptre på vegne av politi og tollvesen, ikkje berre på havet, men og langs kysten. Ein ventar at lova vil effektivisere det statlege oppsynet på sjøen.

Schengen-oppgåver

Kystvakta kan og kontrollere i samband med handheving av Schengen-regelverket. Kystvakta skal i følgje lova føre kontroll med og handheve bestemmingane innanfor fiskeri- og fangstoppsyn, ressurs-, grense- og skipskontroll, toll- og miljøoppsyn og petroleumsverksemda. I tillegg spelar Kystvakta ei viktig rolle med anløpskontroll, bistand til politiet og andre statsetatar, søk og redning og hevding av norsk suverenitet og norske suverene rettar. Kystvakta har tidlegare hatt avgrensa politimyndigheit ved fiske- og fangstoppsyn. No er politimyndigheita utvida til å omfatte også andre område som Kystvakta kan føre kontroll med.

Supplerer andre etatar

Med unntak for fiskeri- og fangstoppsyn og nokre andre spesielle oppgåver, legg lova til grunn at Kystvakta si myndigheit skal kome i tillegg til, og ikkje i staden for, den myndigheita som dagens kontrollorgan har, som til dømes Sjøfartsdirektoratet, Tollvesenet og Statens forureiningstilsyn. Normalordninga vil vere at dagens kontrollorgan må be Kystvakta om å utføre dei einskilde oppdraga. Den detaljerte gjennomføringa av oppgåvene for andre offentlege etatar vil bli regulert i eigne avtalar.

For å ta vare på samarbeidet og kontakta mellom Kystvakta og andre offentlege etatar, er det oppretta eit samarbeidsorgan - kystvaktrådet. Kystvaktrådet skal handsame og gi råd om saker som omhandlar verksemda til Kystvakta.

Kystvakta - ein del av Forsvaret

Sjølv om Kystvakta har ei rekkje sivile oppgåver, slår lova fast at Kystvakta er ein del av det militære forsvaret. Kystvaktfartøya vil i krig inngå i Marinen og utføre eskorteoppdrag og suverenitetshevding.

Bakgrunn, informasjon og fakta:

  • Lov om Kystvakten (kystvaktloven). 1997.06.13 nr 042:

http://www.lovdata.no/all/nl-19970613-042.html

  • Instruks om Kystvaktrådets sammensetn, oppgaver og virks.het. 1999.11.05 nr 1146:

http://www.lovdata.no/for/sf/fo/fo-19991105-1146.html

  • Instruks om Kystvakten (kystvaktinstruksen). 1999.11.05 nr 1145:

http://www.lovdata.no/for/sf/fo/fo-19991105-1145.html

  • Kystvakten - sikkerhetspolitiske aspekter FD aktuelt 07/99

linkdoc010005-990125#dochttp://www.odin.dep.no/fd/publ/fd-aktuelt/0799.html

  • Kystvakten i Forsvarsbudsjettet, kap 1790

linkdocP8919 374410#dochttp://www.odin.dep.no/bud2000/sb/fd/fd6-08.html #P8919 374410

  • Kystvakten i Forsvarsbudsjettet kap 4790

linkdoc006005-990219P8991_380144#dochttp://www.odin.dep.no/bud2000/sb/fd/fd6-08.html#P8991_380144

  • Statusrapport Kystvakten 1998

linkurlhttp://www.mil.no/pressesenter/artikkel/983012_status_kystvakten.html_blank http://www.mil.no/pressesenter/artikkel/983012_status_kystvakten.html

  • Om kystvakten generelt linkurlhttp://www.mil.no/sjoforsvaret/kystvakten/index.html_blankhttp://www.mil.no/sjoforsvaret/kystvakten/index.html
  • Om indre Kystvakt/Bruksvakt linkurlhttp://www.mil.no/sjoforsvaret/kystvakten/2b3b.html_blankhttp://www.mil.no/sjoforsvaret/kystvakten/2b3b.html
  • Om ytre kystvakt linkurlhttp://www.mil.no/sjoforsvaret/kystvakten/2b3a.html_blankhttp://www.mil.no/sjoforsvaret/kystvakten/2b3a.html
Lagt inn 14. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen