Historisk arkiv

Endringar i eksportvilkåra for fisk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 24/97
27. juni 1997

Endringar i eksportvilkåra for fisk

I samsvar med lakseavtalen mellom Noreg og EU vert eksportavgifta for fersk og frosen laks og fersk og frosen laksefilet auka til 3 prosent frå 1. juli 1997. Dette går fram av ein kongeleg resolusjon om endringar i forskrifta om fiskeeksport.

Fiskeridepartementet har vedteke at den auka avgifta i første omgang berre skal krevjast inn for eksport til EU. Dei ekstra inntektene skal mellom anna nyttast til felles marknadsføring av atlantisk laks, slik føresetnaden er i avtalen.

Frå 1. juli vert det også iverksett ei forskrift som fastset at dersom dei eksporttaka Noreg og EU er samde om vert overskridne, kan det krevjast inn ei avgift på 6 prosent ved eksport av dei same lakseprodukta.

Det vert gjennomførd fleire endringar i forskrifta om fiskeeksport. Dette gjeld m.a. klippfisk- og saltfiskeksporten til Jamaica, der eineretten til eksport er blitt utøvd av fellesorganisasjonen for klippfisk- og saltfisknæringa, Unidos. Jamaica er den siste einskildmarknaden der eksporten har vore sentralisert på denne måten, og ordninga vert oppheva frå 1. januar 1998.

Vilkåra for å bli godkjend som eksportør vert endra frå 1. januar 1998, slik at avtalefesta samarbeid med eit produksjonsanlegg ikkje lenger gir grunnlag for godkjenning. Dei som då er godkjende på dette grunnlaget må innan to år tilpasse seg gjeldande krav dersom dei vil halde fram som eksportørar.

Lagt inn 3 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen