Historisk arkiv

Regulering av hysefisket i 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

NR.61/97
18. desember 1997

Regulering av hysefisket i 1998

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av hysefisket med konvensjonell reiskap nord for 62. graden i 1998.

Fiskeridepartementet følgjer framlegga frå Norges Fiskarlag og Reguleringsrådet om at 39 prosent av totalkvoten skal kunne fiskast med trål. Dermed vert 43.310 tonn avsett til fiske med konvensjonell reiskap, bortsett frå not. Av dette kvantumet er 23.310 tonn avsett til fiske etter 1. juli. Dei konvensjonelle fartøya kan fiske ein individuell maksimalkvote på 200 tonn.

Det er vanleg påskestogg i det konvensjonelle hysefisket frå 8. april kl. 17.00 til 13. april kl. 24.00. For fisket med snurrevad gjeld stoggen til 14. april kl. 10.00.

Når det ordinære hysefisket er ferdig eller den individuelle maksimalkvoten er fiska opp, kan fartøy ha inntil 10 prosent bifangst av hyse ved fiske etter andre fiskeslag, unnateke reker og rognkjeks.

Rådgjevar Jan Fredrik Danielsen, tlf. 22 24 64 42

Lagt inn 19 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen