Historisk arkiv

Vilkår for deltaking i torskefisket i 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 53/97
5. desember 1997

Vilkår for deltaking i torskefisket i 1998

Regjeringa har fastsett deltakarvilkåra for fiske etter torsk med konvensjonelle reiskap nord for 62. breddegrad i 1998. Vilkåra er i hovudsak ei vidareføring av dei vilkåra som gjeld for 1997.

Den norske totalkvoten for norsk arktisk torsk i 1998 er 313 000 tonn. Det er ein reduksjon på 86 000 samanlikna med kvoten for 1997. Tilgjengelegheit, som er ein hovudfaktor for fangstkapasiteten i kystflåten, er likevel venta å ligge omlag på same nivå som i år.

Reduksjonen i totalkvoten og ein fangstkapasitet som er større enn kvotegrunnlaget tilseier at det også i 1998 trengst ei begrensing i deltakinga i fisket etter torsk. Ei slik begrensing skal sikre ei forsvarleg teknisk og økonomisk utbygging av fiskeflåten og ei rasjonell utnytting av fiskeressursane. Fartøymassa blir delt opp i ei gruppe fartøy som har torsk som hovudfangstgrunnlaget (Gruppe I) og fartøy som tradisjonelt ikkje har hatt torsk som viktigaste fiske (Gruppe II).

For å delta i fisket i Gruppe I i 1998 må ein vere manntalsførd på blad B i fiskarmanntalet og fartøyet må vere registrert i merkeregisteret og ha delteke i fisket i Gruppe I i 1996 og 1997. I tellegg krevst det at fartøyet har levert minst 10 prosent av si opprinneleg maksimalkvote i eitt av dei same åra.

Skjæringsdatoen for fartøyet si lengde, som er grunnlag for å berekne kvote for dei enkelte fartøya, vil bli fastsett i reguleringsforskriften seinare denne månaden.

Kontaktperson

Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, telefon 22 24 64 40

Lagt inn 11. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen