Historisk arkiv

Auka minstemål på sei og utvida påbod om bruk av sorteringsrist

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 63/98
Dato: 5. november 1998

Auka minstemål på sei og utvida påbod om bruk av sorteringsrist

Fiskeridepartementet har vedteke å auke minstemålet på sei nord for 62. graden. Det nye minstemålet i notfisket etter sei er 40 cm mellom 62. graden og Lofotodden, og 42 cm lenger nord. Mellom 62. graden og 65. grader og 30 minutt nord kan likevel dei første 3000 tonna med sei fiskast ut frå eit minstemål på 35 cm. I fiske med trål og konvensjonell reiskap (krok, garn, line, snurrevad) er det nye minstemålet sett til 45 cm i heile området nord for 62. graden. Dei gamle minstemåla for alt seifiske nord for 62. graden er 35 cm, 37 cm og 40 cm, fordelt på tre område.

Fiskeridepartementet har vidare vedteke å utvide påbodet om bruk av sorteringsrist i torsketrål til også å gjelde i området sørover frå Fugløybanken og til 62. grader nord. Spileavstanden i rista skal vere 50 mm i området mellom 62. og 64. graden og 55 mm lenger nord.

Dei nye reglane skal gjelde frå 1. mars 1999.

Auken i minstemålet vert gjennomførd etter tilråding frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet. Dei nye minstemåla vil føre til ei gunstigare beskatting av seien, slik at ein i lengda får større utbytte av bestanden.

Sorteringsrista i trålen skal sortere ut fisk som er under minstemålet. Frå før er det ristpåbod i området nord for Fugløybanken (Barentshavet). Med dei nye reglane vert det no same maskevidde og spileavstand i rist i torsketrål i heile området nord for 64. graden.


Kontaktperson: Rådgjevar Roald Paulsen 22 24 64 69

Lagt inn 6. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen