Historisk arkiv

Auka totalkvote for sei

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 16/98
Dato: 6. mai 1998

Auka totalkvote for sei

Fiskeridepartementet har bestemt å auke totalkvoten for sei nord for 62. graden i 1998 frå 125.000 tonn til 145.000 tonn.

Av auken på 20.000 tonn vert 1.000 tonn avsett til andre land sitt fiske. Det er tidlegare sett av 6.500 tonn dei andre landa. Det auka kvantumet på 19.000 tonn som tilfell norske fiskarar, vert fordelt med 35 prosent til den konvensjonelle gruppa, 35 prosent til trålarane og 30 prosent til notfisket.

Ein betydeleg del av kvoten som den konvensjonelle gruppa av fartøy under 28 meter skal fiske på fram til 1. september, er alt fiska. Av den grunn vil den gjeldande reguleringa bli vidareførd. Det betyr at denne gruppa kan ha inntil 25 prosent bifangst av sei i fiske etter andre arter. Fiskeridepartementet vil likevel følgje utviklinga i fisket nøye, og seinare vurdere om tredje periode, med høve til direkte fiske etter sei, kan starte tidlegare enn 1. september.


Kontaktperson: Rådgjevar Jan Frederik Danielsen 22 24 64 42

Lagt inn 6. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen