Historisk arkiv

Den britiske fiskeriministeren til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 42 /98
13. september 1998

Den britiske fiskeriministeren til Noreg

Den britiske fiskeriministeren, Elliot Morley, kjem på offisiell gjesting til Noreg 16. og 17. september. Under besøket skal han ha politiske samtalar med fiskeriminister Peter Angelsen.

Onsdag 16. september reiser dei to ministrane til Austevoll, der dei gjestar Havforskningsinstituttet sin havbruksstasjon. Dei skal også besøke bedriftene Austevoll Fiskeindustri og Hordafôr. Torsdag besøker dei Fiskeridirektoratet i Bergen.

Blant dei tema som vil bli drøfta i dei politiske samtalane er akvakultur, fiskeriovervaking, kontroll og handheving, miljøspørsmål knytta til fiskeria, lakseavtalen mellom Noreg og EU, internasjonalt samarbeid om makrellforvaltinga og det framtidige samarbeidet mellom Noreg og Storbritannia.

-----

Priv. til red.

Fiskeriministrane Elliot Morley og Peter Angelsen har politiske samtalar i Fiskeridirektoratet torsdag 17.9. om føremiddagen. Straks samtalane er avslutta, vil ministrane vere tilgjengelege for eit kort møte med pressa.

Møtet med pressa blir i Fiskeridirektoratet i Bergen, Strandgt. 229, torsdag 17. september kl. 12.

Vel møtt. Vennleg helsing Bjarne Myrstad Lagt inn 14. sepetember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen