Historisk arkiv

Endringar i reguleringa av hysefisket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 56/98
19. oktober 1998

Endringar i reguleringa av hysefisket

Fiskeridepartementet har bestemt at fartøy under 11 meter frå 15. oktober kan fiske inntil 5 tonn hyse i tillegg til dei 10 tonna dei frå før har høve til å fiske. Vidare kan fartøy mellom 11 og 28 meter fiske inntil 15 tonn hyse. Dette gjeld likevel ikkje for fartøy som har fiska opp maksimalkvoten på 200 tonn.

Det er ikkje rom for å gjere endringar i reguleringsopplegget for sei. Det er inntil vidare heller ikkje aktuelt å endre torskereguleringa.

Kontaktperson
Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen 22 24 64 51

Lagt inn 19. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen