Historisk arkiv

Fiskeridepartementet og Statoil einige om røyrtrasé

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 41/98
11. september 1998

Fiskeridepartementet og Statoil einige om røyrtrasé

Fiskeridepartementet har bestemt at Statoil kan legge gassrøyret Europipe II frå Kårstø over Falkeidflæet til Austre Bokn. Det skjer etter at Statoil har sagt seg villig til å sette i verk avbøtande tiltak, og Fiskeridepartementet kan dermed godta denne traséen. Det viktigaste vilkåret er at store delar av røyret vert tildekka slik at det ikkje er til hinder for dei sjøfarande i området.

Fiskeridepartementet har ansvar for å trygge ferdselen i dei kystnære farvatna for dei sjøfarande. Derfor gjekk departementet mot trasévalet ved første gongs behandling. Men Statoil sitt forslag til avbøtande tiltak har skapt ein ny situasjon. Den løysinga som no er vald gjer at skip kan manøvrere sikkert ved innseglinga til Kårstøterminalen.

Lagt inn 11. september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen