Historisk arkiv

Ikkje auka torskekvote ved utskifting og forlenging av fartøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 23/98
Dato 5. juni 1998

Ikkje auka torskekvote ved utskifting og forlenging av fartøy

Fiskeridepartementet har bestemt at fartøy som er forlenga eller skifta ut ikkje får auka torskekvotar. Det skjer mellom anna på bakgrunn av dei bekymringsfulle bestandstala forskarane har lagt fram for norsk arktisk torsk.

Vedtaket gjeld nord for 62. garden for dei konvensjonelle fartøya, det vil seie dei som fiskar med juksa, garn, line og snurrevad. I reguleringssamanheng er det sett ein skjeringsdato for berekning av kvote ved utskifting og forlenging av fartøy. Vedtaket Fiskeridepartementet har gjort inneber at denne skjeringsdatoen ikkje blir endra. Det tyder at fartøy under 28 meter som er skifta ut eller forlenga etter 20. desember 1996 ikkje får auka torskekvote. For fartøy over 28 meter er tilsvarande skjeringsdato 9. desember 1994. Fartøy som ved utskifting eller forlenging passerer 28 metersgrensa får heller ikkje auka torskekvote.

På grunn av ressurssituasjonen vert det heller ikkje gjennomførd noka ordning med nyrekruttering i 1998.


Kontaktperson:

Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen 22 24 64 51
Rådgjevar Jan Frederik Danielsen 22 24 64 42

Lagt inn 5. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen