Historisk arkiv

Ikkje lisens for eksport av kvalspekk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 43/98
Dato: 14. september 1998

Ikkje lisens for eksport av kvalspekk

Fiskeridepartementet har avslege søknaden frå Bastesen Fishing Corp. AS om lisens for eksport av inntil 100 tonn kvalspekk til Island. Bakgrunnen for avslaget er at eksport av kvalprodukt no, ville bryte med den linja som har vore følgd i det internasjonale arbeidet for å normalisere forvaltninga av vågekvalen.

Fiskeridepartementet arbeider for å få vågekvalen fjerna frå lista over truga dyrearter i CITES, konvensjonen om internasjonal handel med truga dyre- og plantearter. Eit DNA-register for vågekval kan gjere det lettare å få til dette, og arbeidet med registeret er i gang. DNA-registeret vil gjere det muleg å identifisere dei norske kvalprodukta.

Fiskeridepartementet meiner det er viktig å gå sakte fram for å unngå tilbakeslag i kvalpolitikken.

Vedtaket i saka er gjort i medhald av forskrifta om eksportlisens av 9. juli 1993.


Kontaktperson: Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen 22 24 64 51

Lagt inn 14. september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen