Historisk arkiv

Kan få dispensasjon frå deltakarkrav i makrellfisket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 36/98
Dato 17. juli 1998

Kan få dispensasjon frå deltakarkrav i makrellfisket

Fiskeridepartementet har innførd høve til å gje dispensasjon frå kravet om tidlegare deltaking i makrellfisket for fartøy mellom 13 og 21,35 meter som fiskar med garn og krokreiskap.

Bakgrunnen er at det i forskrifta om deltaking i makrellfisket av 18. juni ikkje var sett noko krav om tidlegare deltaking i slikt fiske. Men forskrifta vart endra 9. juli og det vart innførd krav om deltaking i minst eitt av dei tre tidlegare åra.

Høvet til dispensasjon frå dette kravet gjeld fartøy som kan dokumentere at dei i perioden mellom 18. juni og 9. juli har gjennomførd investeringar av eit visst omfang i fartøy og reiskap med sikte på makrelldorging. Fristen for å søkje Fiskeridirektoratet om dispensasjon er sett til 24. juli 1998.

Kontaktperson: Rådgjevar Hilde Markhus 22 24 64 47

Lagt inn 17. juli 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen