Historisk arkiv

Regulering av blåkveitefisket i 1999

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 87 /98
21. des. 1998

Regulering av blåkveitefisket i 1999

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 1999. Bestanden av blåkveite vert rekna for å vere utanfor sikre biologiske grenser. Difor vil det framleis vere forbode å drive direktefiske etter blåkveite, bortsett frå eit avgrensa kystfiske. Dette er nedfelt i fiskeriavtalen med Russland.

Fartøy under 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskap kan delta i eit direkte fiske etter blåkveite i norsk økonomisk sone sør for 71· 30` nord, frå måndag 31. mai 1999 til søndag 27. juni 1999.

Fisket vert regulert med maksimalkvotar på 18, 21 og 24 tonn, avhengig av lengda til fartøyet. I 1998 har kvotane vore 15 tonn for alle fartøya.

I fisket etter andre arter er det tillete å ha 10 prosent blåkveite som bifangst i kvar fangst og ved landing. Dette er ein auke frå 5 prosent i 1998.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen 22 24 64 51

Lagt inn 21. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen