Historisk arkiv

Regulering av hysefisket i 1999

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

21. des. 1998
Nr. 94/98

Regulering av hysefisket i 1999

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av hysefisket med konvensjonelle reiskap nord for 62. graden i 1999. Hysebestanden er i følgje Det internasjonale råd for havforsking utanfor sikre biologiske grenser. Difor er totalkvoten redusert, og den norske delen av hysekvoten for 1999 er 46.000 tonn. Det er ein reduksjon på 25.000 tonn samanlikna med 1998.

Fiskeridepartementet følgjer framlegga frå Norges Fiskarlag og Reguleringsrådet om at hysekvoten vert delt med 39 prosent til trålarane og 61 prosent til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar. Dermed vert 28.060 tonn hyse avsett til konvensjonelle reiskap i 1999. Det vert ikkje innført noka eiga reguleringsgruppe for konvensjonelle fartøy over 28 meter. Dette er eit spørsmål som treng nærare utgreiing.

Fisket vert periodisert slik at 7.015 tonn av den konvensjonelle kvoten kan fiskast før 1. juli, 14.030 tonn i perioden fram til og med 30. september og 7.015 tonn resten av året. Fisket vert regulert med maksimalkvotar på 100 tonn.

Det vert tillete å ha inntil 10 prosent bifangst av hyse i fiske etter andre fiskeslag når maksimalkvoten er oppfiska eller hysefisket er stogga.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen 22 24 64 51

Lagt inn 21. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen