Historisk arkiv

Regulering av seifisket i sør i 1999

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 81/98
Dato: 16. desember 1998

Regulering av seifisket i sør i 1999

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 1999. Norske fiskarar kan fange 52.200 tonn. Dette er ein auke på 6.760 tonn samanlikna med 1998.

Notfartøy kan fiske 7.000 tonn, konvensjonelle fartøy 9.000 tonn og fartøy med torske-, nordsjø- eller seitrålløyve 36.200 tonn. Av trålkvoten må 35 prosent fangast etter 15. august.

Kvart fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap kan maksimalt ta 600 tonn. Kvar trålar kan maksimalt fiske 1.000 tonn.

Det er forbode å fiske sei med trål frå 1. juli til 14. august. Fiskeridirektøren kan stogge fisket for konvensjonelle fartøy over 28 meter når det står att 1.400 tonn av gruppekvoten.


Kontaktperson: Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen 22 24 64 51

Lagt inn 16. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen