Historisk arkiv

Seifisket med konvensjonelle reiskap for fartøy under 28 meter vert gjenopna frå 17. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 37/98
Dato 10. august 1998

Seifisket med konvensjonelle reiskap for fartøy under 28 meter vert gjenopna frå 17. august

Fiskeridepartementet har bestemt at fisket etter sei for fartøy under 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskap, skal opnast frå 17. august.

Kvantumet som står att for denne gruppa er omlag det same som vart fiska av desse fartøya frå midten av august og ut året i 1997, ca. 15.000 tonn. Seifisket har likevel vore betre i år enn i fjor, med ein gjennomsnittsfangst for fartøya som ligg ca. 20 prosent over fjoråret.

Fiskeridepartementet vil difor følgje utviklinga i fisket, og det kan bli aktuelt å endre reguleringa når torskeinnsiget kjem og avvikle seifisket i siste del av året som eit bifangstfiske.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40

Lagt inn 10. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen