Historisk arkiv

Strengare regulering i Antarktis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 8/98
Dato: 13. mars 1998

Strengare regulering i Antarktis

Regjeringa har fastsett strengare regulering av det norske fisket i Antarktis. Fartøy må ha spesielt løyve frå norske styresmakter for å kunne fiske i området. For å sikre betre kontroll får Fiskeridirektoratet rett til å påby at fartøya skal ha utstyr for satelittsporing om bord. Direktoratet kan også gje påbod om inspektørar og observatørar på fartøya, og fastsette nærare reglar for å få til ein tilfredsstillande kontroll med fisket.

Den nye norske reguleringa er i samsvar med vedtak i Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR). Under årsmøtet i fjor haust vedtok CCAMLR-statane fleire viktige tiltak for å kome ulovleg og uregulert fiske i Sørishavet til livs. Kyststatane i CCAMLR vurderer å opprette eit samarbeid om kontroll av fartøy som fiskar i området. Noreg vert rekna som kyststat på grunn av Bouvet-øya.

Fiskeridirektoratet kan forby fiske på visse arter og i bestemte område, og stogge fisket for norske fartøy når totalkvoten er teken. Den nye reguleringa inneheld reglar om rapportering, oppgåveplikt og Fiskeridirektoratet sin rett til å regulere gjennomføringa av fisket.

Regulering i internasjonale farvatn

Fiskeridepartementet har dessutan fastsett ei eiga reguleringsforskrift for alt norsk fiske i internasjonale farvatn, på fiskebestandar som ikkje er regulerte av norske styresmakter. Alle norske fartøy som vil fiske i slike område må på førehand ha fått løyve til å registrere fartøyet hos Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet kan nekte registrering av fartøy når ein meiner at fisket vil vere i strid med norske fiskeriinteresser, når internasjonale avtalar gjer det naudsynt, når fisket er regulert av regionale eller subregionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar eller når ei rasjonell utøving eller gjennomføring av fisket tilseier det.

Reguleringa inneheld også reglar om rapporteringsplikt og oppgåveplikt.


Kontaktperson: Underdirektør Halvard P. Johansen 22 24 64 51

Lagt inn 21. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen