Historisk arkiv

Vilkår for å delta i torskefisket i 1999 for fartøy under 28 meter med konvensjonelle reiskapar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 77/98
Dato: 4. desember 1998

Vilkår for å delta i torskefisket i 1999 for fartøy under 28 meter med konvensjonelle reiskapar

Regjeringa har fastsett deltakarvilkåra for fiske etter torsk i 1999 for fartøy under 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskapar (krok, garn, line, snurrevad) nord for 62. breiddegrad. Vilkåra er i hovudsak ei vidareføring av dei vilkåra som gjeld for 1998, men kravet til aktivitet er auka.

Den norske totalkvoten for norsk arktisk torsk i 1999 er fastsett til 236.500 tonn. Det er ein reduksjon på 76.500 tonn samanlikna med kvoten for 1998. Med same tilgjengelegheit til torsken som i år, vil fangstkapasiteten framleis vere større enn kvotegrunnlaget. Difor må den konvensjonelle flåten regulerast også i 1999.

Det vert ingen ytterlegare deltakarbegrensingar i torskefisket for fartøy under 28 meter i 1999 enn dei som er fastsette for i år. Fartøymassa vert delt i ei gruppe som har torsk som hovudfangstgrunnlag (Gruppe I) og ei gruppe som tradisjonelt ikkje har hatt torsk som viktigaste fiske (Gruppe II).

For å kunne delta i fisket i Gruppe I i 1999 må eigaren av fartøyet og høvedsmannen vere manntalsførde på blad B i fiskarmanntalet og fartøyet må vere registrert i merkeregisteret og ha hatt rett til å delta i fisket i Gruppe I i 1997 og 1998. I tillegg må fartøyet ha levert minst 15 prosent av torskekvoten sin i eitt av dei same åra. Ein eigar som har overtatt fartøyet i 1997 eller 1998 er fritatt frå dette siste kravet.


Kontaktperson: Rådgjevar Hilde Markhus 22 24 64 47

Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen