Historisk arkiv

Deltaking i makrellfisket med kystfartøy i 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.:77 /99
Dato: 17. des. 1999

Deltaking i makrellfisket med kystfartøy i 2000

Fiskeridepartementet har fastsett forskrift om deltaking i kystfartøygruppa sitt fiske etter makrell i 2000.

Det vert fri deltaking for fartøy under 13 meter som fiskar med not, garn og snøre, slik det også har vore i 1999. Fiskeridepartementet har vurdert forslaget frå Norges Fiskarlag om å innføre deltakarbegrensing også for fartøy under 13 meter. Men utviklinga i deltakinga og den fiskeinnsatsen denne flåtegruppa representerer, forsvarar ikkje å innføre deltakarbegrensing for desse minste fartøya.

Notfartøy frå og med 13 meter og under 21,35 meter må ha deltatt i notfisket etter makrell og det må blitt levert makrell med fartøyet i minst eitt av åra 1997, 1998 eller 1999. Fartøya må ha ein lastekapasitet under 1.500 hektoliter.

Fartøy frå og med 13 meter og under 21,35 meter som fiskar med garn og snøre må ha deltatt i fisket etter makrell og det må ha blitt levert makrell med fartøyet i minst eitt av åra 1997, 1998 eller 1999.


Kontaktperson
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40 m. 90 02 44 46

Lagt inn 17. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen