Historisk arkiv

Den russiske fiskeriministeren gjestar Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 24 /99
Dato 1. juni 1999

Den russiske fiskeriministeren gjestar Noreg

Den russiske fiskeriministeren, Nikolaj A. Jermakov, kjem på offisiell gjesting til Noreg 6. til 8. juni. Under opphaldet skal han ha politiske samtalar med fiskeriminister Peter Angelsen.

Jermakov kjem til Oslo søndag 6. juni. Deretter går turen til Bergen der Jermakov saman med Peter Angelsen gjestar Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet måndag og tysdag. Tysdag ettermiddag reiser dei til Ålesund for å delta på den fjerde nordatlantiske fiskeriministerkonferansen som opnar 9. juni.

Blant dei tema som vil bli drøfta i dei politiske samtalane mellom dei to ministrane står situasjonen for torskebestanden i Barentshavet sentralt. Frå norsk side vil det dessutan bli lagt vekt på behovet for eit forsterka samarbeid når det gjeld forsking, forvalting og kontroll.

Kontaktperson
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40

Lagt inn 2. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen