Historisk arkiv

Endring i reguleringa av hysefisket: Små fartøy får garantert hysekvantum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 23/1999
Dato: 27. mai 1999

Endring i reguleringa av hysefisket:

Små fartøy får garantert hysekvantum

Fiskeridepartementet har endra reguleringa av hysefisket med konvensjonelle reiskapar (garn, line, snøre) nord for 62. graden. Departementet har bestemt at fartøy under 11 meter kan fiske eit garantert kvantum på 2,5 tonn. Det dei har fiska hittil i år går til fråtrekk. Denne bestemmelsen trer i kraft straks.

Fiskeridepartementet opnar dessutan for eit direkte hysefiske for fartøy med konvensjonelle reiskapar frå 12. juli med ein periodekvote på 7.000 tonn fram til 30. september. Frå 1. oktober og ut året er det avsett ein periodekvote på 4.500 tonn.

Bakgrunnen for reguleringsendringa er at det i første del av året vart fiska mykje meir hyse enn det som var sett av. Difor vart det direkte fisket etter hyse for fartøy med konvensjonelle reiskapar stogga allereie 28. februar. Sidan har det berre vore lov å ta hyse som bifangst i fisket etter andre arter.

Den samla gruppekvoten av hyse for fartøy med konvensjonelle reiskapar for 1999 er 28.060 tonn.


Kontaktperson: Rådgjevar Kirsti Henriksen 22 24 64 91

Lagt inn 27. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen