Historisk arkiv

Kvote for vågekvalfangsten i 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 68/99
Dato: 26. nov. 1999

Kvote for vågekvalfangsten i 2000

Fiskeridepartementet har fastsett ein samla kvote på 655 dyr for vågekvalfangsten i 2000. Kvoten i 1999 var på 753 dyr.

Lik åra før er kvoten utrekna i samsvar med den forvaltingsprosedyra som er utvikla av Vitskapskomitéen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen IWC.

Bestandsvurderinga for den noraust-atlantiske vågekvalen er den same som før – 112.000 dyr. Også bestanden av vågekval i sentralatlanteren er som før – 72.000 dyr. Likevel er kvoten noko mindre enn i 1999. Grunnen til det er at modellen for utrekning av kvoten er forbetra i samsvar med norske framlegg og at vurderinga av bestanden i Jan Mayen-sona er revidert. Forvaltingsprosedyra til Vitskapskomitéen fastset ei øvre og ei nedre grense for beskatting. Noreg har sidan kvalfangsten starta igjen i 1993 følgt den mest varsame tilrådinga.

Reglane for deltaking og regulering av fangsten vert vidareførde. Fiskeridepartementet vil fastsette forskrifter for fangsten på nyåret.

Det skal vere inspektørar om bord på alle fartøy under fangsten.


Kontaktperson
Ekspedisjonssjef Stein Owe 22 24 64 71
Rådgjevar Rannveig Bøthun 22 24 64 96

Lagt inn 26. november 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen