Historisk arkiv

Kvoteavtale mellom Noreg og Færøyane for 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 75/1999
Dato: 11. desember 1999

Kvoteavtale mellom Noreg og Færøyane for 2000

Noreg og Færøyane vart laurdag 11. desember einige om ein kvoteavtale for 2000.

Kvoten for den norske banklineflåten i færøysk sone blir like høg neste år som i år, dvs. 5.000 tonn. Den færøyske torskekvoten i Barentshavet blir på 1.700 tonn i 2.000. Dette inneber ein reduksjon på 300 tonn i forhold til kvoten i år. Den færøyske hysekvoten i Barentshavet går også ned neste år, og blir på 280 tonn, mot 350 tonn i 1999. Færøyane sin seikvote i Nordsjøen for neste år blir på 1.400 tonn, ein reduksjon på 400 tonn i forhold til i år. Den færøyske sildekvoten i Nordsjøen vert på same nivå som i år, dvs. 1.200 tonn.

Den norske kolmulekvoten i færøysk sone aukar neste år fra 39.000 tonn til 42.000 tonn. Færøyane sin samla kolmulekvote nord for 62o N og i fiskerisona ved Jan Mayen for 2000 blir halvert til 2.500 tonn. Den færøyske kvoten for industrifisk i Nordsjøen blir 25.000 tonn i 2000, ein reduksjon på 4.000 tonn i forhold til kvoten i år.

Noreg er tildelt ein kvote på 4.000 tonn makrell for neste år av Færøyane, medan Færøyane har fått ein makrellkvote på 1.650 tonn. Av den nasjonale makrellkvoten sin vil Færøyene få høve til å fiske 6.535 tonn i norsk økonomiske sone i 2000.

Færøyske fartøy vil neste år kunne fiske ein kvote på 150 tonn reker som forsøksfiske i fiskerisona ved Jan Mayen. Det er ein reduksjon på 50 tonn i forhold til avtalen for 1999.


Kontaktperson: Underdirektør Sigrun Holst 22 24 64 46 priv. 67 14 49 09

Lagt inn 14. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen