Historisk arkiv

Påskestopp i 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 93/99
Dato: 22. des. 1999

Påskestopp i 2000

Fiskeridepartementet vil i 2000 innføre ein generell påskestopp med forbod mot fiske i eit område som vert fastsett i løpet av januar.

I framlegget til regulering av torskfisket har Havforskingsinstituttet gått inn for at det vert innførd påskestopp ut til 200-mila sør for 70 grader 20 minutt og ut til 12-mila nord for 70 grader 20 minutt, frå 14. til 24. april. Bakgrunnen for framlegget er ressursmessige forhold, særleg ønsket om å verne mot fiske i gyteområda.

Fiskeridepartementet ønskjer å gjere denne påskestoppen generell, og vil difor vurdere avgrensingsområdet noko nærare etter ei ny vurdering frå Havforskingsinstituttet og i samarbeid med næringa.


Kontaktperson
Ekspedisjonssjef Johan H. Williams, 22246440, 90024446

Lagt inn 22. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen