Historisk arkiv

Regulering av blåkveitefisket i 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 80 /99
Dato:17. des. 1999

Regulering av blåkveitefisket i 2000

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2000. Gytebestanden vert rekna for å vere utanfor sikre biologiske grenser og totalbestanden er på eit historisk lågt nivå. Difor vil det framleis vere forbode å drive direktefiske etter blåkveite, bortsett frå eit avgrensa kystfiske. Dette er nedfelt i fiskeriavtalen med Russland.

Fartøy under 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskapar (line, garn etc) kan delta i eit direkte fiske etter blåkveite i norsk økonomisk sone sør for 71 grader 30 minutt nord, frå måndag 12. juni kl. 20 til søndag 9. juli kl. 24.

Fisket vert regulert med maksimalkvotar på 10, 12 og 14 tonn, avhengig av lengda på fartøyet. Kvotane er reduserte med over 40 prosent i høve til kvotane for 1999.

I fisket etter andre arter er det tillatt å ha 10 prosent blåkveite som bifangst i kvar fangst og 5 prosent ved landing. For fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar og leverer fangst fleire gonger i veka, skal innblandingsprosenten utreknast på vekebasis.


Kontaktperson
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40 m. 90 02 44 46

Lagt inn 20. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen