Historisk arkiv

Regulering av uerfisket i norsk økonomisk sone i 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 83 /99
Dato: 21. des. 1999

Regulering av uerfisket i norsk økonomisk sone i 2000

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av fisket etter uer i norsk økonomisk sone i 2000. Forbodet mot direktefiske nord for den 70. breiddegrada vert vidareført. I fisket etter andre fiskeslag i dette området er det tillatt å ha 25 prosent uer som bifangst i den enkelte fangsten og ved landing.

Av omsyn til uerbestanden vert det i forskrifta om uerfisket fastsett to nye soner med forbod mot fiske med torsketrål sør for den 70. breiddegraden. Forbodet gjeld i to nærare definerte område frå 1. mars 2000. Fiskeridirektoratet får fullmakt til å endre grensene for områda.

Stenging av desse områda vil berre i liten grad berøre fisket etter andre fiskeslag enn uer. Fiskeridirektoratet vil fram til 1. mars, i samarbeid med næringa og Havforskningsinstituttet, vurdere eventuelle endringar i områdegrensene, før forbodet trer i kraft.


Kontaktperson_
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40 m. 90 02 44 46

Lagt inn 21. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen