Historisk arkiv

Regulering av vinterloddefisket i Barentshavet i 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 90 /99
Dato: 22. des. 1999

Regulering av vinterloddefisket i Barentshavet i 2000

Den veksande loddebestanden gjev igjen grunnlag for eit vinterloddefiske i Barentshavet. Bestanden er i følgje Det internasjonale råd for havforsking innanfor trygge biologiske grenser, og det er fastsett ein totalkvote på 435.000 tonn i 2000. Norske fartøy kan samla fiske 256.000 tonn lodde i området sør for 74. breiddegrad, med unnatak av fiskevernsona ved Svalbard.

Ringnotgruppa blir tildelt 180.840 tonn lodde, trålgruppa kan fiske 25.090 tonn og kystfartøygruppa 50.070 tonn lodde. Fisket i alle tre gruppene vert regulert med fartøykvotar etter ein skala med utgangspunkt i basiskvotar.

Det er lagt til grunn same fordeling som i 1999, men med ei overføring på 15.000 tonn frå ringnot til kystflåten. Ei eventuell refordeling mellom gruppene vil bli vurdert etter at påmeldinga til fisket frå kyst- og trålgruppene er klar.

Påmelding frå samtlege grupper skal skje skriftleg til Fiskeridirektoratet. Påmeldingsfristen for ringnot er 7. januar 2000. For kyst- og trålgruppene er fristen 14. januar. Det vil bli etablert leiteteneste på feltet, slik at fisket kan starte straks årsklassene har skilt lag og lodda har nådd tilstrekkeleg mogningsgrad for å opne for konsumfiske.

Ut frå omsynet til konsumleveranse kan Fiskeridirektoratet stogge fisket når det står att 65.000 tonn av totalkvoten, sjølvom det einskilde fartøyet ikkje har fiska heile fartøykvoten.

Fiskeridirektoratet vil i samarbeid med næringa føreta ei nærare vurdering av om det skal innførast konsumbegrensingar i fisket.


Kontaktperson
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40 m. 90 02 44 46

Lagt inn 22. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen