Historisk arkiv

Seikvote for 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 74/99
Dato: 7. desember 1999

Seikvote for 2000

Fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fisket etter sei nord for 62. breiddegrad til 125.000 tonn for neste år. Dette er 20.000 tonn mindre enn for inneverande år. Seibestanden ligg utanfor sikre biologiske grenser, og det er difor nødvendig å senke fangstuttaket.

Under føresetnand av at 6.500 tonn av totalkvoten vert avsett til fordeling gjennom avtaler med andre land, gir dette ein norsk totalkvote på 118.500 tonn.

Totalkvoten for sei er fastsett etter tilråding frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet, basert på nye resultat etter forskingstokt i haust. Som føregåande år vil Fiskeridepartementet be Havforskingsinstituttet om ei ny vurdering for eventuell justering av kvoten på vårparten.


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams tlf. 22 24 64 40 – mobil 900 24446

Lagt inn 9. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen