Historisk arkiv

Settefiskanlegga kan produsere meir fisk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 10 /99
Dato 19. feb. 1999

Settefiskanlegga kan produsere meir fisk

Fiskeridepartementet har endra settefiskforskrifta slik at det kan produserast inntil 2,5 millionar sjødyktig settefisk årleg ved kvart anlegg. Tidlegare har produksjonsgrensa vore ein million settefisk pr år.

Ved å auke kapasiteten ved dei eksisterande anlegga vert det mindre aktuelt med nyetableringar for å fremme settefiskproduksjonen. Ei utviding av eksisterande anlegg inneber at miljøinngrepa vert mindre enn ved nyetableringar, og anlegga vert i stand til å redusere produksjonskostnadane.

Ved nyetablering av settefiskanlegg for produksjon av inntil 2,5 millionar settefisk årleg, kan det bli aktuelt å gjennomføre konsekvensutgreiing før saka kan avgjerast. Det er ikkje aktuelt med konsekvensutgreiing ved utviding av eksisterande anlegg.


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim 22 24 64 60

Lagt inn 23. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen