Historisk arkiv

Påskestopp i fisket etter torsk, hyse og sei

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding 13/2000 fra Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 13/2000
Dato: 03.03.00

Påskestopp i fisket etter torsk, hyse og sei

Fiskeridepartementet har bestemt at fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62. graden skal stoppast i samband med påska. Bakgrunnen for påskestoppen er omsynet til bestandane og behovet for å betre gyteforholda.

Påskestoppen gjeld frå laurdag 15. april kl.17 til måndag 24. april kl.16. For dei som fiskar med trål og snurrevad varer stoppen til tysdag 25. april kl.10. Nord for 70 grader 20 minutt nord gjeld stoppen ut til 12 nautiske mil. Sør for 70 grader 20 minutt omfattar påskestoppen heile området i norsk økonomisk sone ut til 200-mila. Påskestoppen gjeld både norske og utanlandske fartøy. Det vert ikkje påskestopp i fisket etter andre arter enn torsk, hyse og sei.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, telf: 22 24 64 91