Historisk arkiv

Regulering av selfangsten i 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding 15/2000 fra Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 15/2000
Dato: 06.03.00

Regulering av selfangsten i 2000

Fiskeridepartementet har fastsett reguleringar for selfangsten i 2000. I Vestisen startar fangsten etter klappmyss 22. mars og etter grønlandssel 10. april. I Austisen startar fangsten av grønlandssel 23. mars. Fangsten i Austisen skal vere avslutta ved utgangen av 20. april og i Vestisen ved utgangen av 5. mai, men dersom ver- og isforholda tilseier det kan fangstperiodane forlengast.

Det vert stilt krav om deltaking på Fiskeridirektoratet sitt kurs for selfangarar for å vere med i selfangsten. Det vil også i år bli offentlege inspektørar på alle selfangstfartøya.

Selfangsten omfattar vaksne dyr og ikkjediande ungar. I Austisen er den norske kvoten 5.000 vaksne grønlandssel. Kvoten kan heilt eller delvis takast som ikkjediande ungar, og då tilsvarar 2,5 ungar eitt vakse dyr. I Vestisen er totalkvoten 17.500 vaksne grønlandssel og 11.200 vaksne klappmyss. Norske fartøy kan fange heile desse kvotane. Her tilsvarar to ikkjediande ungar av grønlandssel eitt vakse dyr, og 1,5 ikkjediande unge av klappmyss eitt vakse dyr. Kvotane er fastsette på bakgrunn av tilrådingar frå Det internasjonale råd for havforsking.

Kontaktperson: Rådgjevar Ranveig Bøthun, telf: 22 24 64 96