Historisk arkiv

Differensiert arbeidsgivaravgift - ESA opnar sak mot Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

19. november 1997

Differensiert arbeidsgivaravgift:

ESA opnar sak mot Noreg

EFTA sitt overvakingsorgan ESA har i dag vedteke å opne formell saksgang mot Noreg i saka om den regionalt differensierte arbeidsgivaravgifta. Dette betyr at saka blir lagt ut til open høyring i EU- og EØS-landa. Denne høyringa vil legge grunnlaget for ESA sitt endelege vedtak.

- Den differensierte arbeidsgivaravgifta er eit målretta og viktig distriktspolitisk verkemiddel, som betyr mykje for å styrke busetnaden i distrikta, seier finansminister Gudmund Restad.

- Regjeringa legg til grunn at denne avgifta er ein del av det generelle skattesystemet. Den fell difor utanfor EØS-avtala, seier han. Finansministeren seier at Regjeringa no vil vurdere utforminga av det formelle svaret til ESA.

ESA sitt vedtak

ESA held fast på sitt tidlegare syn på den regionalt differensierte arbeidsgivaravgifta. I brev av 14. mai 1997 om framlegg til “føremålstenelege tiltak” sa ESA at hovudtrekka i den differensierte arbeidsgivaravgifta kan halde fram, men at Norge må sette i verk visse endringar for at den ikkje skal bli råka av statsstøttereglane i EØS-avtala.

Om lag av 95 prosent av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift vil kunne vidareførast dersom ESA sitt forslag til endringar blir fulgt. Imidlertid vil om lag 200 bedrifter i distrikts-Noreg måtte betale avgift etter høgste sats på 14,1 prosent. Det gjeld skipsbygging, kraftforsyning, petroleumsverksemd, enkelte bergverksbedrifter, ei stålbedrift, telekommunikasjonsbedrifter, lastebiltransportselskap med meir enn 50 tilsette og finansielle føretak som driv internasjonal verksemd.

ESA vil fatte eit endeleg vedtak neste år, etter at alle interesserte partar og Noreg har uttalt seg i saka.

Lagt inn 19 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen