Historisk arkiv

Finansdepartementet ber om fullmakter til låneopptak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

20. november 1997

Finansdepartementet ber om fullmakter til låneopptak

Finansdepartementet legg i dag fram ein Stortingsproposisjon om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån i 1998. Statens brutto finansieringsbehov er i 1998 på 26,2 milliardar kroner. Lånefullmaktene har samanheng med avdragsbetalingar på statsgjelda, netto utlån til statsbankane og aksjeteikningar.

Finansieringsbehovet vil bli dekt dels ved opptak av nye lån innanlands og dels ved trekk på statens kontantbehaldning. Kor stor del det blir aktuelt å dekkje ved trekk på kontantbehaldninga avheng av behovet for å trekkje inn likviditet av pengepolitiske omsyn.

Utviklinga i valuta-, penge- og kredittmarknadene har vist at det er ønskjeleg å ha rommelege fullmakter slik at ein kan tilpasse statens låneprogram til skiftande forhold gjennom året. Finansdepartementet har derfor bedt om fullmakter til opptak av lån som samla sett overstig statens lånebehov. Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske lån er foreslått sett til 40 mrd. kroner og for nye lån i utanlandsk valuta tilsvarande 10 mrd. kroner. Fullmakta for maksimalt uteståande i kortsiktige marknadspapir (statssertifikat m.v.) og andre kortsiktige lån blir foreslått halden uendra på høvesvis 150 mrd. kroner og 90 mrd. kroner.

Den konkrete gjennomføringa av låneprogrammet for 1998 vil ein kome tilbake til. I desember vil Finansdepartementet og Noregs Bank offentleggjere ein auksjonskalender for salet av statsobligasjonar og statssertifikat i første halvår 1998.

Lagt inn 20. november 1997av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen