Historisk arkiv

Meirverdiavgift på person-køyretøy i yrkesmessig utleigeverksemd (leasing): nye reglar frå 1. januar 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

05.12.97

Meirverdiavgift på person-køyretøy i yrkesmessig utleigeverksemd (leasing): nye reglar frå 1. januar 1998

Finansdepartementet har i dag endra forskrifta om meirverdiavgift på personkøyretøy som er anskaffa til bruk i yrkesmessig utleigeverksemd. Endringane trer i kraft 1. januar 1998.

Forskrifta set i dag hhv 6 og 8 månader som minste eigetid før eit køyretøy kan seljast vidare utan at frådragsført meirverdiavgift skal førast attende til staten. Endringane inneber at minste eigetid vert forlenga til 36 månader. Hvis eit køyretøy vert seld vidare før det har gått 36 månader, kan det etter dei nye reglane gjerast eit forholdsmessig frådrag i det beløpet som vert ført attende til staten. Storleiken på frådraget vert avhengig av antall månader køyretøyet har vore brukt av eigaren i yrkesmessig utleige. Endringane, som har vore handsama i Stortinget, inneber dermed at avgiftsfordelen i gjeldande regelverk fell vekk. Etter dagens reglar har kjøpar av køyretøy som har vore leigd ut (leaset) hatt ein avgiftsfordel framfor kjøparar av andre brukte køyretøy.

De nye reglane omfattar køyretøy som vert registrerte i motorvognregisteret 1. januar 1998 eller seinere. Utlegiekontraktar for køyretøy som er registrerte før dette tidspunktet fylgjer det gamle regelverket. Utleigekontraktar som vert inngåtte før nyttår, men der køyretøya vert registrert etter 1. januar 1998, fylgjer imidlertid det nye regelverket.

Forskrifta vert tilgjengeleg elektronisk på Odin/Internett, adresse: linkdoc006005-992045#dochttp://odin.dep.no/fin/publ/forskrif/nr90.html

Ein kan også få forskrifta på telefaks frå Informasjonskontoret i Finansdepartementet (tlf. 22 24 41 05).

Informasjonssjef Anne-Sissel Skånvik, tlf: 22 24 41 09, priv: 66 78 77 96, mobil: 913 22 811

Lagt 5. desember 1997 inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen